Inntil vidare kan mellom anna bassenga ikkje nyttast på kveldstid. På biletet ser du bassenget på Ågotnes.

Inntil vidare vert det ikkje mogleg å nytta gymnastikksalar, symjehallar, klasserom, allrom og andre kommunale bygg på ettermiddags- og kveldstid.

 

Du kan no søkje om reduksjon i foreldrebetaling for SFO for elevar i 1. og 2. klasse dersom hushaldninga di har låg inntekt. Ordninga gjeld frå 1. august 2020. 

Skulane i Øygarden kommue startar måndag 17. august og tysdag 18. august. SFO er ope første skuledag. Under finn du tidspunkt for oppmøte første skuledag. Gå inn på skulane sine nettsider for meir informasjon om skulestart. Velkomen til nytt skuleår! 

På nettsida til Udir.no finn du informasjon om skulestart, skyss og opplæringsplikt (korona). Sjå på informasjon som ligg under gult nivå.

Ei ny skulekortløysning er under utvikling. Som følgje av dette vil elevane som allereie har skulekort, måtte nytte same kortet kommande skuleår. Skyss vil berre produsere nye skolekort til elevar i 1. og 8. klasse, og skulane vil få tilsendt oblat med riktig skoleår som kan delast ut til elevane som framleis har innvilga rett på skoleskyss.

Folkehelseinstituttet har laga ein trafikklysmodell med grønt, gult og rødt nivå som viser kva smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje. Det er den generelle smittesituasjonen i Norge som avgjer nivået som skal følges. Vi er på gult nivå.