Knyter vennskap gjennom musikk

70 barn på Ågotnes barnehage og Hamramyra barnehage sprudla då dei inviterte til konsert i Hamramyra barnehage på måndag. Konserten er eit synleg resultat av inkluderingsarbeid der barnehagane og Fjell kulturskule samarbeider på tvers av kulturar og språk.

Små barn som trommer på konsert i barnehagen - Klikk for stort bilete

20 prosent av barna i Hamramyra barnehage og 25 prosent av barna i Ågotnes barnehage har annan kulturbakgrunn enn barna med norsk bakgrunn. Dirigent og musikkpedagog Åshild Eriksen i kulturskulen har fått med seg gode krefter i Erika Kroken og Lillian Århus Ekerhovd. Også Olena Svatyeva musiserte saman med fire og fem år gamle barn i dag.

– I dag skal vi syngja, dansa og spela for dykk, sa Åshild Eriksen då ho ønskte publikum velkomen. Fleire sjefar og andre byråkratar hadde funne vegn til Hamramyra barnehage denne vakre måndagen.

Fokusbedrifter for Fjell kommune

Dei to barnehagane på Ågotnes er fokusbedrifter for Fjell kommune i samarbeid med Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). I dette arbeidet vert musikk brukt som reiskap og metode. Musikk, rytme og rørsle ligg naturleg hjå oss alle, uavhengig kvar ein kjem frå.

Barn og vaksen i Hamramyra saman med kulturskulen - Klikk for stort bilete


– Musikk er eit danningsfag, og gjennom musikken har vi felles kommunikasjon, lærer språk, knyter venskap, får respekt og innsikt om andre kulturar, seier Lillian Århus Ekerhovd. Ifølgje barnehagesjef Margun Landro kan opp mot 30 forskjellige land vera representerte i dei to barnehagane.

Vivian Ones Ekerhovd er styrar på Hamramyra barnehage. Ho fortel at kulturskulen har øvd med barna kvar måndag.

– Vi merkar at både barna og oss vaksne vert glade av å syngja. Det er viktig å gjera dette saman. Vi har avgjort at vi vil gjera dette til neste år også, seier styraren.

Jente som synger på scenen - Klikk for stort bilete

Åshild Eriksen forklarar publikum kva det handlar om når «En er en Bellemamma» vert framført. Lyngtuslarar framfører dans.

– Lyngtuslarer er insekt som bur i lyngen, forklarar ho. Så veit vi det.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Fotogalleri

Barn som synger og spiller fiolin - Klikk for stort bilete
Barn som rister på rassle-egg - Klikk for stort bilete
Vaksne som har vore med i prosjektet - Klikk for stort bilete
Tilsette i Hamramyra barnehage og kulturskulen - Klikk for stort bilete