Tur til brannstasjonen på Ågotnes

Måndag 3. januar var 22 spente førskulebarn med på tur til Øygarden brann og redning på Ågotnes. Dagen starta med litt praktisk teori i eit klasserom der vi blant anna fekk sjå på røykvarslarar og kva som skjer dersom vi legg eit glas over eit levande stearinlys.

Klikk for stort bilete

Det blei stilt fleire spørsmål til barna, og det var imponerande kor mykje dei allereie visste om brannsikkerhet.

Etterpå fekk vi gå ned i garasjen. Her såg vi på alt det spanande utstyret som er inne i brannbilen, og vi fekk gode forklaringar på kva alt blir brukt til. Etter ei lita stund vart det satt på musikk og sjølvaste Bjørnis kom inn og helste på oss. Barna fekk gi han både high-five og gode klemmar. Deretter var det tid for å sprute med brannslange og køyre brannbil. Dei modigaste barna fekk gå inn i eit bekmørkt rom og leite etter brannmann Ronny med eit spesielt apparat som kan sjå folk i mørke. Dagen vart avslutta med lunsj og Brannmann Sam. Vi fekk til og med kvar vår is!

Klikk for stort bilete
Tusen takk til dyktige ansatte ved Øygarden brann og redning som tar seg tid til å la oss komme på besøk. Dei leverte eit flott opplegg og er alle gode rollemodellar for barna våre. Vi er veldig imponerte og kjem gjerne på besøk igjen!

Klikk for stort bileteDat: 17. februar 2020.