Barnehagane følgjer til einkvar tid føringar frå nasjonalt hald, har samarbeid med kommuneoverlegen/smittevernlegen ved behov og tilpasser si kvardag deretter.
Nokon av dei viktigaste smitteverntiltaka i barnehagane denne hausten er:
- Ingen sjuke barn eller vaksne skal møte i barnehagen
- Auka utetid i barnehagen
- Godt hygiene og godt reinhald
- Barn og vaksne er delt i kohorter
- Uteområdet er delt i sonar
Opningstid
Alle barnehagane i kommunen er tilbake til ordinær opningstid. Det kan skje endringar lokalt ved eventuelle smitteutbrot. Du vil då få informasjon frå din barnehage.
Levering og henting
Det kan variere korleis levering og henting av barn går føre seg. Følg med på informasjon frå din barnehage.
Reinhald
Barnehagane har forsterka reinhald for å førebyggja smitte.
Sjukdom og smittevern
Alle tilsette og barn som har nyoppstått symptom på luftveisinfeskjon skal halde seg heime frå barnehagen. Når situasjonen er avklart; ein er feberfri og har god allmenntilstand, kan ein returnere til barnehagen. Dette gjeld også dersom ein framleis har nokre restsymptomer som litt hoste og/eller snørr.
Barnet mitt har nyoppstått luftvegssymptom, kva gjer eg? (FHI)
Dersom eit barn eller ein tilsett får symptomer på luftvegsinfeksjon i barnehagen, skal dei heim så raskt som mogleg. Dei skal halde seg heime til tilstanden er avklart og allmenntilstand er god.
Dersom du ønskjer å teste deg eller eller andre i di husstand, eller har andre spørsmål om til dømes karantene, isolasjon m.m, ta kontakt med kommunen si koronatelefon: 56 16 00 10.