Skulevegring

For nokre barn er det å gå på skulen knytt til ubehag. Det kan vere mange grunnar til at barnet har det slik. Kanskje er overgangen frå heimen til skulen på morgonen krevjande? Kanskje mistrivst barnet på skulen? Kanskje er det noko som er vanskeleg i timane eller i friminutta?

Nokon barn viser vegring med å få vondt i magen, sove dårleg eller ein kjenner seg sjuk. Dette kan vera synleg berre når barnet er heime, og barnet kan tilsynelatande sjå glad og nøgd ut på skulen. Dette kan vere veldig vanskeleg for foreldre og barn å stå i.

Ofte startar desse vanskane “i det små”, men kan utvikle seg til å bli eit meir omfattande problem med alder. Dess meir omfattande fråveret blir, dess vanskelegare er det å komme i posisjon til å snu det. Dess tidlegare ein kan ta tak i desse utfordringane, dess lettare er det å finne gode tiltak som hjelper barnet.

Ta tidleg kontakt med barnet sin lærar om du er uroa for vegring hos ditt barn. Det å forsøke å forstå dette saman, gjere at ein lettare kjem i posisjon til å hjelpe.

I Øygarden kommune har vi også utvikla eit eige team som kan hjelpe foreldre og skule med denne problematikken.

Om skulevegringsteamet

Skulevegringsteamet er eit tverrfagleg konsultasjonsteam i kommunen representert av rettleiarteam for skule, Gangstø ressurssenter, PPT og kommunepsykologtenesta. Både foreldre og skule kan søke om bistand i saker der ein er uroa for auka/høgt fråvær eller ved vedvarande vegringsåtferd, der tiltak ein har forsøkt ut ikkje har ført fram.

Møter

To representantar frå skulevegringsteamet møter foreldre og skule i to møter med ca. 6 veker mellomrom, der begge foreldre (evt. andre viktige omsorgspersonar), lærar og representant for skuleleiinga møter til begge møter.

Det første møtet vil vare ca. 90 min, og målet med møtet er å saman forsøke å forstå kva som ligg bak vegringa, og å lage ein plan for tiltak ein skal prøve ut dei komande vekene. Dette vil vere relevante tiltak både heime og på skule.

Det er viktig å få fram barnet si forståing av situasjonen. I nokre tilfeller vil det derfor også vere aktuelt at nokon frå teamet snakkar med barnet mellom dei to møta. Kanskje snakkar barnet alt med helsesjukepleiar på skulen? Då er det viktig ha helsesjukepleiar også er involvert.

Det siste møtet vil vere noko kortare, der vi gjennomgår og evaluerer resultat av utprøvde tiltak og vurderer om ein har ein god plan for det vidare arbeidet, eller om det er behov for å koble på andre hjelpeinstansar. Teamet kan bistå med tilvisingar vidare.

Mål

Målet med denne arbeidsmodellen, er å komme tidleg i posisjon i høve skulevegring for å hindre etablering av fastlåste mønstre som kan blir vanskelege å snu. Dette er derfor eit tilbod til barn i barneskulen samt elevar på 8. trinn.

Kontakt oss

Ta kontakt med skulen som kan fylle ut søknadsskjema og kontakte teamet for ein møtedato. Foreldre kan også ta kontakt med oss direkte på telefon for å drøfte framgangsmåte.

Søknadsskjema (PDF, 154 kB)

Teammedlemmar

  • Koordinator: Jorunn Tyldum, rettleiarteam for skule - telefon: 906 16 254
  • PPT: Ranveig Bungum, Elisabeth Andreassen, Anita Espeseth
  • Gangstø ressurssenter: Veronica Schjerven
  • Kommunepsykologane: Mette Halvorsen, Gro Berge