Skulekort må leverast inn til skulen før sommarferien

Ei ny skulekortløysning er under utvikling. Som følgje av dette vil elevane som allereie har skulekort, måtte nytte same kortet kommande skuleår. Skyss vil berre produsere nye skolekort til elevar i 1. og 8. klasse, og skulane vil få tilsendt oblat med riktig skoleår som kan delast ut til elevane som framleis har innvilga rett på skoleskyss.

Klikk for stort bilete 

Sidan skulekorta blir samla inn av skulen, vil elevane kunne reise utan skulekort siste skuledag for sommaren og første skuledag i august, og alle sjåførar og kontrollørar skal vere informert om dette.