Sidan 14 mars har 17 300 fjerdeklassingar delteke i konkurransen om å samla inn flest mogleg hushaldningsbatteri. Alle fjerdeklasser i landet var inviterte til å delta i konkurransen.
- Totalt er det samla inn 120 tonn batteri i konkurransen i går, forklarte ordføraren som minna om at dette er ei god miljøsak.
Det var full jubel i klasse 4a då elevane forstod at dei hadde vunne konkurransen og fekk overlevert ein sjekk på 20 tusen kroner.
Batterijakta er gjennomført i samarbeid med Clas Ohlson. Ved innlevering vert det registrert vekt på batteria. Dei som innleverer batteria, får klistremerke med seg som stadfesting på innleveringa. Det er Miljøagentene som står bak konkurransen.
To ivrige batteriinnsamlarar; Milian Seim og Victoria Hansen
Rett inn i læreplanen
Rektor Raghild Knudsen Magerøy er mektig imponert over innsatsen til klassen. Innsamlinga er godt for miljøet og går rett inn i læreplanen. På Foldnes har elevane delteke på den årlege innsamlinga fleire gonger.
- Eg har sett engasjementet frå sidelinja. Eg vert stum av dette og er kjempeimponert. Mange foreldre har engasjert seg, og dette skapar godt samhold. Eg minner også om at klasse 4b har gjort ein stor innsats med innsamling av batteri, seier rektoren.
Milian Seim og Victoria Hansen er blant dei mange elevane som har engasjert seg sterkt i innsamlinga.
- Mamma har sendt «snap» til mange vener og bedt dei å samla inn batteri. Vi leverer batteria til Clas Ohlson, seier Miliam.
- Dette er viktig for miljøet. I tillegg har jo denne konkurransen gjeve oss ein flott pengepremie, seier Victoria.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: