SFO følgjer skuleruta. Det er tilbod om ferie-SFO i haust- og vinterferie, og i sommarferie – inntil 2 veker i juni etter at skulen tek ferie, og inntil 2 veker i august før skulestart på nokre skular (gjeld for dei barna som har plass i SFO og ikkje nye 1. klassingar). SFO er stengd i juli.
Ill.
Ferietilbodet i sommar-, haust- og vinterferie vert lagt til enkelte skuler i kommunen etter behov.
Spesialavdelinga på Hjelteryggen skule har eige ferietilbod. Tilbodet er ope for barn med spesielle behov frå alle skulekrinsar i kommunen.
Påmelding til SFO i feriane skjer på eige skjema ein finn elektronisk på nettsida til kommunen. Påmeldinga er bindande.
Det vert kravd ekstra foreldrebetaling for ferieopphald – beløpet vil gå fram av påmeldingsskjemaet.
Søknadsfristen for desse tilboda er 4 veker før haust- og vinterferie og 15. april for sommar-SFO.
Sist endra 09.06.2021 14.12