Besøksdag for nye førsteklassingar komande tysdag

På grunn av koronasituasjonen hadde vi først tenkt å ikkje ha førskuledag på Foldnes skule dette året. Årsaka er at vi brukar heile skulen for å halde oss innafor tilrådinga om smittevern, og det er berre elevar og dei som jobbar på skulen som er inne i skulebygga. Det har vore eit stort ønske om at vi fikk til eit besøk, og vi legg til rette for eit besøk, sjølv om det vert veldig annsleis enn slik vi brukar å gjere det.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete: Colourbox 

For å imøtekomme smittevernet, både for dykk og alle på skulen, må vi ha to oppmøtetider. Kvar elev kan berre ha med seg ein forelder. Ingen foreldre kan bli med inn i skulebygget. Vi må be foreldre som venter medan barnet er inne på skulen, om å vente på parkeringsplassen, då vi har avvikling av friminutt gjennom heile skuledagen oppe på skuleplassen.

Tidspunktet for når kvar einskild skal møte vert sendt på SMS dagen før. Det er viktig at de kjem til invitert tid, ikkje før. Første gruppe møter kl. 09.00, andre gruppe kl. 09.30.

Slik gjer vi det

Når de kjem skal de møte utanfor administrasjonen (rett ved trappa opp frå parkeringsplassen). Rektor ønsker velkomen og peresenterar sentrale tilsette inn mot førsteklassane. Deretter vert det opprop, og elevane stiller opp saman med lærararne sine. Føresette kan då ta bilde av klassen. Dei elevane som har lyst til å vere med inn i klasserommet saman med lærarane, går til klasserommet. Der vil dei få delta i eit par aktivitetar. For dei som ikkje vil vere med inn vert besøksdagen avslutta etter fotograferinga.