Du kan no søkje om reduksjon i foreldrebetaling for SFO for elevar i 1. og 2. klasse dersom hushaldninga di har låg inntekt. Ordninga gjeld frå 1. august 2020. 

Skulane i Øygarden kommue startar måndag 17. august og tysdag 18. august. SFO er ope første skuledag. Under finn du tidspunkt for oppmøte første skuledag. Gå inn på skulane sine nettsider for meir informasjon om skulestart. Velkomen til nytt skuleår! 

På nettsida til Udir.no finn du informasjon om skulestart, skyss og opplæringsplikt (korona). Sjå på informasjon som ligg under gult nivå.

Delta i Noregs største og kulaste lesekampanje Sommarles.no er ei lesekampanje som biblioteka arrangerer for barneskuleelevar i sommerferien.

Takk for ei fin stund i dag. Kjekt å sjå alle nye førsetklassingar. Vi på skulen håper at alle hadde ei god oppleving. Vi gler oss til å sjå alle att første skuledag. 

På grunn av koronasituasjonen hadde vi først tenkt å ikkje ha førskuledag på Foldnes skule dette året. Årsaka er at vi brukar heile skulen for å halde oss innafor tilrådinga om smittevern, og det er berre elevar og dei som jobbar på skulen som er inne i skulebygga. Det har vore eit stort ønske om at vi fikk til eit besøk, og vi legg til rette for eit besøk, sjølv om det vert veldig annsleis enn slik vi brukar å gjere det.

 

Ei ny skulekortløysning er under utvikling. Som følgje av dette vil elevane som allereie har skulekort, måtte nytte same kortet kommande skuleår. Skyss vil berre produsere nye skolekort til elevar i 1. og 8. klasse, og skulane vil få tilsendt oblat med riktig skoleår som kan delast ut til elevane som framleis har innvilga rett på skoleskyss.

 

Folkehelseinstituttet har laga ein trafikklysmodell med grønt, gult og rødt nivå som viser kva smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje. Det er den generelle smittesituasjonen i Norge som avgjer nivået som skal følges. Vi er på gult nivå.

 

Klasse 7a på Foldnes skule har gjennomført konkurranse i samband med fjernundervisninga. Det er lærar Hege Mongstad som har organisert undervisninga. Resultatet er at mange gode bilete har kome inn.

  

Det var med stor glede vi tok mot elevane i dag. Vi måtte så klart heise flagget og pynte i trappa for å feire at dagen. Kjekt å sjå alle igjen og høyre at det igjen er liv i klasseromma og ute på skuleplassen. Elevane kom seg raskt på plass i dei ulike kohortane, i lag med kjende vaksne, og skuledagen har gått fint. Vi gjer noko annleis enn det vi gjer til vanleg, men likevel er mykje kjent for elevane.