Avlyste undervisning på grunn av låg temperatur

Elevar og tilsette på Fjell ungdomsskule vart permitterte frå undervisning måndag 18. oktober på grunn av låg temperatur i bygga.

Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bileteFjell undomsskule 

Rektor Bente Kleppe Lervik opplyste måndag morgon at det har vore arbeid med røyrsystemet den siste tida og at temperaturen i bygga var for låg måndag morgon til å ha undervisning.

Det er gjennomført utbetring av røyrsystema, og måndag ettermiddag vart det stadfesta at det vert ordinær undervisning frå tysdag.