Ofte spurde spørsmål

Skjenkeløyve

Ofte spurde spørsmål

Permanent skjenkeløyve

Vi er nye eigarar av ein serveringsstad. Må vi søkje om skjenkeløyve med ein gong?
Skjenkeløyvet fell bort ved overdragelse av verksemda. Dersom kommunen vert underretta om at nye eigarar tek over verksemda og sender inn søknad så snart som mogleg, kan kommunen gje løyve til å drive på gammalt løyve i inntil 3 månader. Dersom verksemda er konkurs, må ein ha nytt skjenkeløyve frå første dag.
Kor lang tid kan eg rekne med frå søknaden er komen inn til vi ha serverings- og skjenkeløyve?
Serveringsløyve vert handsama administrativt. Ein må pårekne 3-4 vekers handsamingstid, då dokumentasjon om vandel må innhentast, samt uttale frå Mattilsynet. Skjekeløyve på permanent basis for skjenkestad, vert innvilga av politisk utval: Komite for levekår, som har møte ca ein gong i månaden. Alle krav om dokumentasjon og vandel / uttale i sakene, må vera på plass før søknadane vert handsama. Ein kan pårekne inntil 3 månaders handsamingstid. Ein må ha innvilga serveringsløyve for å få skjenkeløyve på permanent serveringsstad. For nyoppretta serveringsstad kan ein søkje om båe løyvene samtidig.
Må eg ha godkjent etablerarprøve og kunnskapsprøve i alkohollova før eg startar opp serveringsstaden?
Du kan levere inn søknaden om servering- og skjenkeløyve før du har teke dei to prøvene. Før serveringsstaden er i drift må prøvane vera bestått.
Er det andre instansar som skal godkjenne serveringsstaden?
Mattilsynet skal godkjenne serveringsstaden. Etableraren må sjølv kontakta Mattilsynet i planleggingsfasen for å sikre at serveingsstaden vert godkjent etter Næringsmiddelloven.

Adopsjon

Må eg ha kontakt med ei adopsjonsforening?
Du må kontakte ei adopsjonsforeining for informasjon og teikning av medlemsskap. Stadfestinga på at ei av desse har påtatt seg å formidle adopsjon er eit av vedlegga som skal liggje føre før kommunen espederer søknaden vidare.
Kan eg velja fritt kva adopsjonsforeining eg vil nytta?
I så godt som alle saker krev norske styresmakter at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ei av følgjande tre adopsjonsforeiningar: - Adopsjonsforum - InorAdopt - Verdens barn
Kor mykje kostar det å adoptera eit barn?
Det er kostbart å adoptere eit barn då adopsjonsforeingane tek betalt for sine tenester. Desse kostnadane skal vere til dekning av utgifter i samband med adopsjonen. Det er uråd å på førehand talfeste kva det vil koste då det vil avhenge frå sak til sak.
Kva juridiske rettar får barnet eg adopterer?
Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den same rettslege stillinga som om barnet hadde vore ditt biologiske barn. Rettsforholdet til barnet sin opprinnelege familie opphøyrer.
Kva kriteria vert lagt til grunn for å kunna adoptera?
Til vanleg blir det ikkje gjeve godkjenning til søkjarar over 45 år. Adoptivsøkjarane må ha god helse både fysisk og psykisk. Samstundes må det etter ein konkret vurdering leggjast vekt på at foreldra skal utgjere ei omsorgseining. Trygg og stabil økonomi blir vektlagt. Det er eit urfåvikeleg krav at dei som søkjer om adopsjon saman, er gifte med kvarandre. At paret også har vore sambuande skal vektleggjast. For at forholdet skal ha vist stabilitet, blir det kravd minimum 2 års sambuar-/ekteskapstid. Her kan utanlandske krav avvike frå norske krav.
Kan eg som einsleg adoptera?
Generelt gjev det born større tryggleik å ha to foreldre enn ein. Ved adopsjonssøknad frå einslege, blir det vurdert om søkjaren har spesielle ressursar i forhold til born

Adressetildeling

Vi har flytta inn i eit nytt hus i Veslevarden, kor tid får vi adressa vår?
Hovudregelen er at du får adresse når byggjesøknaden er godkjend. Om du ikkje har fått tildelt adresse, ta kontakt med Øygarden kommune.
Kven er det som avgjer kva nye vegar skal heite i Øygarden kommune?
Dette skal opp til politsk handsaming. Administrasjonen vil kome med forslag til namneval. Kommunen sin praksis i arbeidet med å fastsetje nye vegnamn er å bruke namn som språkleg og geografisk fell saman med den lokale uttalen. I tillegg bør namnet høve på staden og ikkje forvekslast med andre vegnamn og stadnamn i kommunen.
Vi liker ikkje vegnamnet vi har fått i det nye feltet på til dømes Sprengsneset. Kan vi klage på dette?
Ja, du kan klage innan 3 veker etter vedtaket.
Eg er ikkje nøgd med tildeling av husnummeret mitt, kan eg klage på dette?
Ja, du kan klage innan 3 veker etter tildelinga.
Eg skal sende inn flyttemelding og der skal eg opplyse om bustadnummer. Kor får eg tak i dette?
Når det berre er ein bustad/brukseining i bygget som ligg i første etasje er bustadnummeret H0101. Ved andre tilfelle, ta kontakt med servicetorget.

Ambulerande skjenkeløyve

Treng eg skjenkeløyve dersom eg skal feira bryllup eller 50-årsdag i Øygarden kulturhus eller i Ungdoms-og idrettslaget sine lokale på Nautnes?
Nei. Dersom du inviterer gjester til bryllupet ditt eller fødselsdagen din, ut frå ei fast gjesteliste, er dette eit privat og slutta lag. Du treng ikkje ambulerande skjenkeløyve så lenge det ikkje er nokon som skal selje alkoholhaldig drikke på staden. Enten spanderer du drikkevarer på gjestene, eller dei kan ta med seg drikkevarene sjølv. Arrangementet skal vera lukka for tilfeldige gjester. Dersom arrangementet ditt vert utvida ut over den nære krets av familie og venner, og t.d. annonserast på facebook, er det ikkje lenger eit slutta lag, og skjenkeløyve må søkjast om.

Avlasting for barn og unge i bustad

Kva er avlastning?
Avlastning er eit hjelpetiltak som vert ytt til omsorgspersonar med særleg tyngjande omsorgsarbeid. Avlastninga skal gjere det mogleg å oppretthalde gode familierelasjoner og bevare sosiale nettverk. Tenesta skal hindre utmatting hos omsorgsgjevaren, og gje nødvendig og regelmessig ferie og fritid.
Kva inneheld avlastningstilbodet?
Avlastning erstatter ikkje, men vert ytt i tillegg til tenester til den omsorgstrengjande. Det er viktig at et avlastningtilbod skapar tryggleik og kontinutiet. Kommunen har ein avlastningsbustad for born og unge som er døgnbemanna.
Kan eg søkje om ferieavlasting?
Du har og høve til å søkje om ferieavlastning i tillegg til anna avlastning. Søknad om ferieavlastning vert vurdert i nært samarbeid mellom brukar og tenesteytar. Ferieavlastning vert ytt i ulik form etter kva behov og ynskjer brukar har - og kva som er mogleg for tenesteytar å tilby
Må eg betale for avlasting?
Tilbod om avlasting er gratis.

Barnehage

Korleis søkjer eg barnehageplass?
I Øygarden kommune er det elektronisk søknad til alle barnehagar i kommunen, både kommunale og private.
Kor tid er søknadsfristen?
Det er eitt hovudopptak om våren kvart år. Søknadsfristen er 15. mars. Ein kan søkja heile året.
Kor tid får eg svar på søknaden?
Tildeling av plassar ved hovudopptak vert gjort i mars/april. Avslag på plass vert sendt ut innan 1. mai.
Eg søkte barnehageplass etter fristen den 15. mars, kva skjer med søknaden min?
Søknader som kjem inn etter fristen, vert ikkje handsama før etter at alle med lovfesta rett til barnehageplass har fått tilbod om plass.
Eg er inne på søknad om barnehageplass, men eg står litt fast. Kva gjer eg?
Ha klart heile personnummeret til både barn og føresette før du byrjar å legge inn søknaden. Dersom du ikkje har alle personnummer kan du kontakte folkeregisteret på tlf. 80080000. Dersom du treng hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, får du dette ved å oppsøkje Servicetorget. Du kan også få rettleiing og hjelp på telefonen ved å ringe Servicetorget på tlf. 56382000.
Kva for kriterier/vilkår vert barnehageplassane tildelte etter?
* Born med nedsett funksjonsevne skal ha rett til prioritet ved opptak (jfr. Lov om barnehagar § 13). * Born det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester skal ha prioritet ved opptak (jfr. §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd). * Born med innvandrarbakgrunn som treng støtte til integrering i lokalsamfunnet. Når opptakskriteria er tekne omsyn til, vert born som har stått lengst på søkjarlista prioritert. Barnehageplass skal fortrinnsvis tildelast barn som er busett i Øygarden kommune. * Søsken av barn som har plass i den omsøkte barnehagen. Opptaksnemnda skal utøva stor grad av skjønn. Det vert elles vist til vedtekter for barnehagane.

Barnevern

Kva typar teneste kan barnevernet i Øygarden bidra med?
Barnevernet jobbar for det meste med førebyggjande hjelpetiltak som t.d.: - Støttekontakt - Råd og rettleiing - Ansvarsgrupper - Økonomisk bistand - Miljøarbeidar i heimen m.v.
Kan eg vere anonym når eg tek kontakt med barnevernet?
Barnevernet kan gje anomymitet overfor private som melder bekymring til barnevernet. Ein kan midlertid ikkje frita for vitneplikta om saka skal handsamast i fylkesnemd eller domstol. Då opphøyrer anonymiteten. Ein kan og ringje barnevernleiar i kommunen for å drøfte saker anonymt (det gjeld både private og offentleg personar). Dette for fyrst å kunne klargjere om det er ei sak for barnevernet.
Kva må ei melding til barnevernet innehalde?
Ei melding til barneverntenesta er informasjon om at eit barn har det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at du som melder saka har observert det som meldinga referere til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.
Kva skjer etter at eg har gjeve ei melding til barnevernet?
Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gjennomgå innkome meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Undersøking skal starte opp dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak. Meldinga skal leggjast bort dersom den er openbar grunnlaus og/eller dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.
Kva gjer eg om eg vil melde ei bekymringssak på kveldstid eller i helga?
Dersom ein akuttsituasjon skulle oppstå etter stengetid, kan ein ta kontakt med Barnevernvakten på tlf: 958 86 659. Vi har eit interkommunalt samarbeid med Barnevernvakten i Bergen med kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Sund. Elles har politiet same mynde som barnevernleiar til inngripen i akutte situasjonar. Legevakttenesta kan kontaktast dersom ein er i ein situasjon som krev inngripen frå medisinskfagleg personell.
Kor tid er det aktuelt å plassere eit barn i fosterheim eller liknande?
Barneverntenesta har som utgangspunkt at barn skal bu heime så sant det er mogeleg. Når forholda i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særleg behov for det, kan barneverntenesta setje i verk hjelpetiltak for å betre situasjonen til barnet. I slike tilfelle legg ein vekt på å finne årsaka til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet. Omsynet til det som er det beste for barnet skal vere avgjerande for kva hjelpetiltak som blir sette i verk. Det er først dersom slike hjelpetiltak ikkje fører fram, at det kan vere aktuelt å plassere barn utanfor heimen, med eller utan foreldra sitt samtykkje. Dersom det er aktuelt å overta omsorgen for eit barn, vert dette lagt fram for og handsama i fylkesnemda for sosiale saker.
Har eg rett til kontakt med barnet mitt viss det blir plassert i fosterheim eller instistusjon?
Barn og foreldre har, hvis ikkje anna er bestemt, rett til samvær med kvarandre. Det er fylkesnemnd som tek standpunkt til omfanget av samværsretten. Fylkesnemda kan også bestemme at det av omsyn til barnet ikkje skal vere samvær. Dei kan også bestemme at du som forelder ikkje skal ha rett til å vite kor barnet er.
Får eg som forelder noko form for bistand i barnevernssaker?
Rettstryggleiken til barn og foreldre blir høgt prioritert og alle partar vert representert gjennom advokat som blir betalt av det offetlege. Å fremje framlegg overfor Fylkesnemda for sosiale saker om overtaking av omsorgen for eit barn, er eit særs alvorleg tiltak som krev omfattande saksførebuingar og det er strenge krav til dokumentasjon ved førebuing av saker.

Barnevern og familievern

Kva må ei melding til barnevernet innehalde?
Ei melding til barneverntenesta er informasjon om at eit barn har det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at du som melder saka har observert det som meldinga referere til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.
Kan eg vere anonym når eg tek kontakt med barnevernet?
Barnevernet kan gje anomymitet overfor private som melder bekymring til barnevernet. Ein kan midlertid ikkje frita for vitneplikta om saka skal handsamast i fylkesnemd eller domstol. Då opphøyrer anonymiteten. Ein kan og ringje barnevernleiar i kommunen for å drøfte saker anonymt (det gjeld både private og offentleg personar). Dette for fyrst å kunne klargjere om det er ei sak for barnevernet.
Får eg som forelder noko form for bistand i barnevernssaka?
Rettstryggleiken til barn og foreldre blir høgt prioritert og alle partar vert representert gjennom advokat som blir betalt av det offetlege. Å fremje framlegg overfor Fylkesnemda for sosiale saker om overtaking av omsorgen for eit barn, er eit særs alvorleg tiltak som krev omfattande saksførebuingar og det er strenge krav til dokumentasjon ved førebuing av saker.
Har eg rett til kontakt med barnet mitt viss det blir plassert i fosterheim eller instistusjon?
Barn og foreldre har, hvis ikkje anna er bestemt, rett til samvær med kvarandre. Det er fylkesnemnd som tek standpunkt til omfanget av samværsretten. Fylkesnemda kan også bestemme at det av omsyn til barnet ikkje skal vere samvær. Dei kan også bestemme at du som forelder ikkje skal ha rett til å vite kor barnet er.

Betalingsutsetting på tilsendt faktura

Kor lenge kan eg få betalingsutsetting?
Vanlegvis 14 dagar, ellers etter avtale.
Er det mogeleg å få dele opp rekninga?
Ja, du kan ta kontakt med økonomikontoret for å få delt opp rekninga di.
Er det mulig å få avtalegiro og/eller e-faktura?
Ja, du kan nytte avtalegiro. Avtalegiro avtalar du direkte med banken din.
Kva skjer dersom rekninga går til inkasso?
Eit inkassobyrå vil overta innkrevjing og vil plusse på eit salær, som aukar dersom du utset betalinga.

Bibliotek

Kor finn eg biblioteket?
Biblioteket finn du på Rong senter på Rong i 2. etasje.
Kan eg besøke biblioteket på Internett, og låne bøker og filmar på nettet?
Du kan søkje i biblioteket sin katalog, bestille og reservere på nettet. Du kan og abonnere på nyhende innanfor ditt interesseområde. Når boka eller filmen er klar, får du beskjed på e-post eller telefon.
Kven kan bruke biblioteket?
Biblioteket er for alle, barn og vaksne. Du kan også bruke biblioteket utan å vere registrert som lånar.
Kva må eg gjere for å få låne på biblioteket?
Vilkåret for å låne frå biblioteket, er at du er registrert som lånar og har med lånekort eller legimitasjon.
Kan alle få lånekort?
Alle kan få lånekort, men barn under 15 år må ha underskrift av føresette. Du kan få nasjonalt lånekort hos oss. Dette kortet kan du bruke i dei fleste norske bibliotek.
Kostar det noko å låne?
Det er gratis å låne, men om du ikkje overheld lånetida, må du betale purregebyr. Bortkomne eller øydelagde bøker må erstattast av lånaren etter faste satsar.
Er det trådlaust nett på biblioteket?
Ja, vi har trådlaust nettverk som du kan kople din eigen PC til. Passord for tilkopling får du hos oss i biblioteket
Kan eg bestille bøker som finst i andre bibliotek?
Biblioteka har eit godt utbygd samarbeid som gjer at du kan låne frå bibliotek i heile landet. Bestillinga skjer via ditt lokale bibliotek, som så skaffar deg bøker frå andre bibliotek i heile landet og frå andre land.
Har biblioteket andre tilbod enn utlån?
Biblioteket har bl.a. leserom, PC'ar og trådlaust nettverk. Ein kan bruke oppslagsverk elektonisk og på papir, lese aviser eller tidsskrift og få hjelp til å finne faktaopplysningar og løyse oppgåver. På spelrommet kan ein spele brettspel, Nintendo DS eller playstation3 - på spelkveldar er det og mogeleg å spele Nintendo Wii.

Brann og feiing

Må eg betale for branntilsyn og feiing?
Ja, det er eit årleg gebyr som vert sendt saman med faktura for andre kommunale gebyr. Sjå kommunale gebyr og brukarbetalingar.
Kor ofte skal pipa feiast?
Feiing vert som regel utført kvart andre år (minimumskravet er kvart fjerde år). Dersom huseigar ønskjer oftare feiing enn kvart andre år, kan han be om det.
Kor ofte skal kommunen føre tilsyn med eldstad/vedomn i huset mitt?
Tilsyn av eldstad skal utførast kvart fjerde år, som er i tråd med minimumskravet

Brukarstyrt personleg assistanse

Kva er Brukarstyrt Personleg Assistanse?
Du får rolla som arbeidsleiar og påtek deg eit større ansvar for organisering av tilsette og innhald i forhold til dine behov. Dette innan det antall timar kommunen har vedtatt. Tenesta er knytt til deg som person, og ikkje bustaden.
Kven kan søkje?
Dersom du er eldre og/ eller funksjonshemma, eller av andre grunnar har behov for nødvendig helsehjelp. Høve til å få brukarstyrt personleg assistanse er ikkje avgrensa til bestemte funksjonshemmingar, diagnoser eller liknande så lenge funksjonshemminga ikkje hindrar deg i å utøve nødvendig brukarstyring.
Fins det fleire måtar å organisere dette på?
Alternativ 1: Du er både arbeidsgjevar og arbeidsleiar, og kommunen utbetalar driftstilskot til helsetiltaket ditt. Du må registrere tiltaket som eit firma. Her har du sjølv ansvar for tenestetiltaket. Alternativ 2: Du er arbeidsleiar, og kommunen er arbeidsgjevar. Dei tilsette mottek løn frå kommunen, og oppsett av turnusar og arbeidsplan foregår i samarbeid med kommunen. Alternativ 3: Du er arbeidsleiar, og eit firma er arbeidsgjevar, og betalar ut løn til dei tilsette. Du set opp turnus og arbeidsliste i samarbeid med dette firmaet. Vanlegvis er dette firma som er spesielt retta mot denne typen verksemnd, som t.d. Uloba.
Kva kan denne tenesta innehalde?
Ordninga kan omfatte både hushaldsoppgåver og direkte personleg bistand med t.d. påkledning, hygiene, mat o.l. Oppgåver som blir utført med heimel i Sosialtenestelova § 4-2 a (tradisjonelle "heimehjelpsoppgåver") kan inngå i ordninga. Tenester som krev medisinsk fagleg kompetanse skal normalt ikkje inngå i tildelinga av brukarstyrt personleg assistanse.
Kan tenesta kombinerast med anna teneste?
Tenesta kan kombinerast med ulike tenester, der dette gir den mest hensiktsmessige hjelpa. Såleis kan brukarstyrt personleg assistent kombinerast med t.d natteneste, sjukepleiefagleg bistand, funksjonsassistent, støttekontakt/treningskontakt eller heimehjelp.
Fins det øvre eller nedre grense for tenestebehov for å få denne tenesta?
Det er ikkje sett noko nedre grense for bistandsbehovet for å kome inn under ordninga, men det er ein føresetnad at bistandsbehovet er så omfattande, eller av ein slik art, at det meir formålstenleg kan ivaretakast gjennom denne ordninga enn gjennom meir tradisjonell omsorgsteneste. Målet er at du skal får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonshemming.
Kva fordelar kan ei slik ordning ha?
Målet er at du skal får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonshemming.
Inneber ordninga krav og plikter til meg som tenestemottakar?
Avhengig av kva type organisering du vel, så vil ordninga innebere litt ulike krav og plikter. Men i alle ordningane inneber det at du må delta på kurs, og sette deg inn i regelverk for arbeidstidsordningar, arbeidsmiljølova og turnus. Det er og hjelp å få undervegs i det daglege arbeidet som arbeidsleiar både gjennom kommune og eit ressurssenter som arbeider spesielt med dette.
Kva type hjelp femner tenesta om heilt i detalj?
Hjelp til å stå opp, og legge deg, personleg hygiene, dusj, bad, hårvask, hjelp til å ete og drikke, toalettbesøk, hjelp til å handle mat, vask av klede og husvask etter behov.
Kva type hjelp inngår vanlegvis ikkje?
Transport, fylgje til lege, vedhogging, snømåking, lufte tunge tepper, flytte tunge møblar, hjelp til flytting, nedvask av hus, klargjering og rydding etter gjestar, vask av vindu, stryke klede, rydde og vaske etter husdyr.
Er tenesta gratis?
Den delen som kjem inn under kategorien heimehjelp må det betalast enten timepris eller abonnementspris for. Prisen er avhengig av inntekta til husstanden din.
Må eg ha bestemt utstyr i husværet mitt?
Ja, du må ha vaskemaskin, tørketrommel, støvsugar med langt skaft, moppar/vaskeutstyr, vaskemiddel, klutar, bøtte, microbølgeovn.
Kan eg få hjelp til å søkje om dette?
Ja, du kan henvende deg til Heimetenesta (tlf: 56 38 23 54), og be om hjelp til å søkje.
Kan eg klage dersom eg får avslag?
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter Kommunehelsetenestelova klage til kommunen, og deretter til Fylkeslegen. Du kan klage innan 3 veker frå mottak av vedtaket. I klagen må du forklare kva du klagar på . Du bør skrive kva du ønskjer endra og grunngje dette. Kommunen kan rettleie deg. Klagen skal sendast til den instansen som har handsama søknaden og gitt deg svaret/vedtaket du klagar på. Dersom instansen held fast ved avgjerda vert den handsama i kommunen sitt klageutval, for så å bli sendt til Fylkeslegen for endeleg avgjerd.

Bustadtilskot frå Husbanken

Kan eg søkje om bustadtilskot frå Husbanken, og kva kan eg bruke det til?
Som enkeltperson innan målgruppa kan du søkje om bustadtilskot til heil eller delvis dekning av eigenkapital ved bustadkjøp. Du kan og søkje om bustadtilskot til tilpassing av bustad.
Dersom eg må gjere tilpassingar på badet på grunn av funksjonshemming, kor mykje bustadtilskot kan eg få til det.
Du vil etter behovsprøving kunne få inntil 40.000 kr
Kva for vilkår gjeld for bustadtilskot?
Du får ei bindingstid på 10 år, med prosentvis tilbakebetaling dersom bustaden blir seld før 10 år er gått.
Kan eg søkje om bustadtilskot fleire gonger?
Bustadtilskot til å etablere deg vil du berre få ein gong.

Bustønad

Eg vil søkje bustønad, kor tid er fristen for å søkje?
Frist for å søkje bustønad er den 14. i kvar månad.
Kva er inntektsgrensa for å få bustønad?
Det er relativt lave inntektsgrenser for å få bustønad. Dette fordi bustønad først og fremst er retta mot dei som lever av ei trygdeyting.
Kva dokumentasjon må eg ha med meg ved levering av søknad?
Du må ha med utskrift frå siste likning, husleigekontrakt dersom du leiger bustad, gjeldsbrev på bustadlån dersom du eig bustad og oversikt over trygdeutbetalingar dersom du nett har gått over til trygd.
Kor tid får eg svar på søknaden?
Du får svar den 10. i månaden etter at du søkte. Dersom du får innvilga bustønad kjem pengane på konto denne datoen.
Eg har fått innvilga bustønad, må eg søkje på nytt kvar månad?
Nei det treng du ikkje. Du skal berre melde frå om endringar som f.eks. auka husleige. Det er berre ved flytting du treng søkje på nytt.
Eg har fått avslag på søknaden min, kan eg klage?
Husbanken har ulike grunnar for avslag. Ta kontakt med Servicetorget så vil vi hjelpe deg med å vurdere om det er grunnlag for klage, og å sende inn klage.

Byggemeldingsgebyr

Må eg betale gebyr før byggesaka vert handsama?
Kommunen har lovpålagde tidsfrister for handsaming av byggesaker. Manglande innbetaling av gebyr skal ikkje utsetje handsaminga. Rekning for innbetaling av gebyr inneheld betalingsfrist som skal haldast.

Byggjetiltak som ikkje krev søknad

Skal kommunen ha melding om ombygging inne i min eigen bustad?
Skal du innreiie til fleire bueiningar er tiltaket søknadspliktig. Dersom ombygginga berre er endring av rom i eiga eining skal det berre søkast dersom beresystem eller branntekniske skiljer vert endra, eller dersom tilleggsdel vert teken i bruk til hovuddel, t.d. bod som vert omgjort til soverom. Ombygginga kan omfatte mindre tekniske installasjonar. Endring/bygging av våtrom er søknadspliktig.
Kan eg setje opp levegg utanfor bustaden min?
Dersom leveggen er lågare enn 1,8 meter og inntil 10 m lang kan du setje den opp utan søknad. I tillegg skal den vere minst 4 meter frå grense til nabo. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området.
Kan eg bygge meg ei utebod utan å søke om det?
Mindre bygg på bebygd eigedom kan setjast opp utan søknad eller melding dersom det ikkje er større enn 15 m2 samla bruksareal eller bebygd areal, mønehøgda er under 3 m, og at det ikkje vert nytta til varig opphald. Bygget må plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Bruksarealet inngår i grunnlaget ved berekning av tomteutnytting. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området.
Kan eg grave i eigen hage utan løyve?
Fylling eller planering av terreng er ikkje søknadspliktig dersom ikkje terrengnivået vert endra meir enn 3 m ut frå opphavleg nivå i spredtbygd strøk, 1,5 meter i tettbygd strøk og 0,5 m på eigedom for rekkehus eller kjedehus. Graving for kablar, lokal drenering og reparasjonar ved røyr- og leidningsbrot kan utførast utan byggeløyve. Pass på ved graving at graveløyve er gjeve. Sjå eigen teneste for dette. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området.
Kan eg setje opp ein liten mur utan å søke?
For oppføring av mur er søknadsplikta knytt opp mot avstand til grense og høgde på muren. Kravet for fritak er at muren er under 1 meter høg dersom den ligg minst 2 meter frå grense, og inntil 1,5 meter dersom den ligg minst 4 meter frå grense. Det er viktig at mur ikkje hindrar frisiktsone mot veg. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at tiltaket ikkje er i strid med lov eller plan for området
Er eit hagegjerde omfatta av søknad?
Innhegning mot veg kan vere inntil 1,5 meter høgt utan at det vert kravd søknad. Det må ikkje hindre sikt i kryss. Gjerde mot nabo vert ikkje omfatta av plan- og bygningslova. Ta elles kontakt med kommunen for å sjå til at ikkje tiltaket er i strid med lov eller plan for området.
Kan eg setje inn nye vindauge i huset mitt utan å søkje?
Du kan som hovudregel gjere mindre endringar på fasaden i eigen bustad. Føresetnaden er at det ikkje endrar fasadekarakter på bygget. Det er veldig avhengig av kva stil bygget har frå før. Det kan og vere bygg som er omfatta av spesielle regler for bevaring av enkeltbygg eller fleire bygg som ein heilskap. Ta kontakt med kommunen for å få vurdert kvar enkelt sak.

Bålbrenning

Kan eg brenne hageavfallet mitt i staden for å køyre det til avfallsplassen. Eg bur på Arsettunet?
Nei, så lenge du bur i tettbygd strøk er det eit forbod mot brenning av tørt hageavfall i Øygarden. I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne ope eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. Du kan levere hageavfallet på Straume gjenbruksstasjon.
Vi skal på ein vårtur med ein skuleklasse og hadde tenkt å tenne opp eit grillbål i skogen, kan vi det?
Det er eit generelt forbod mot å tenne opp eld i skogsområde i tida 15. april til 15. september. Vi kan likevel gje løyve. Ta kontakt med brannvesenet. Vèrtilhøva vil vere avgjerande for om løyve vert gjeven.
Vi skal til Ormhillaren med ein skuleklasse i mai, vi kjem til å grille, treng vi løyve til dette?
Så lenge de er påpasseleg med å slokke grillane før de forlet staden treng de ikkje løyve. Hugs endeleg å ta med dykk dei brukte grillane til næraste bosscontainer.

Dagtilbod for eldre

Kven kan nytte seg av tilbodet?
Målgruppa er eldre heimebuande med behov for tilsyn og aktivisering på dagtid. Eldre heimebuande som har behov for å kome ut av eit isolert tilvære og som vil ha eit reelt utbytte av tilbodet.
Kva kostar det?
Prisen pr. 01.01.12 er kr. 66,- pr. dag. Dette inkluderer måltid og transport til/frå dagsenteret.
Korleis kjem eg meg til dagavdelinga?
Brukarane vert henta med minibuss og køyrd heim når dagavdelinga stenger.
Korleis vert søknadane handsama?
Søknadane vert handsama i inntaksmøte i Heimetenesta.

Deling av grunn eigedom

Korleis søkjer eg om deling av grunneigedom?
Du fyller ut søknadsskjema, skjema om nabovarsel og teiknar inn parsellen på ein kartkopi. Vidare skriv du ei grunngjeving om kvifor du ynsker arealet frådelt. Ein kartkopi kan du sjølv skrive ut frå kommunen sine kartsider, eller få utskrift tilsendt frå servicetorget, tlf. 56 38 20 00.
Eg skal få kjøpe ei tomt av naboen, kan eg levere inn delingssøknaden sjølv?
Nei, dette må den som eig tomta gjere.
Kan eg klage på vedtaket om deling?
Det er høve til å klage på vedtaket om deling. Klagefristen er 3 veker frå varsling om vedtaket er kome fram til parten. Eventuell klage vert handsama av planutvalet og sendt fylkesmannen til endeleg avgjerd dersom klagen ikkje vert teke til fylgje.

Den kulturelle skulesekken

Er det berre grunnskulen som kan søkje om midlar frå den kulturelle skulesekken?
Nei, den kulturelle skulesekken gjeld elevar både i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Driftsbygningar i landbruket

Kva er skilnad på "Søknad om tiltak utan ansvarsrett" og " og "Søknad om tillatelse til tiltak" ?
For "Søknad om tiltak utan ansvarsrett" står tiltakshavar sjølv ansvarleg for at tiltaket vert gjennomført i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter. For "søknad om tillatelse til tiltak" skal de ulike faggruppene søkje om ansvarsrett for sitt fagfelt, og er ansvarleg for sitt fagområde. I utgangspunktet kan oppføring av driftsbygningar i landbruket gå som "Søknad om tiltak utan ansvarsrett", men landbruksbygg er ofte så store og kompliserte at det vil vere ein fordel å ha profesjonell fagkompetanse å støtte seg på.
Kan driftsbygg uansett storleik eller innhald gå som "Søknad om tiltak utan ansvarsrett" ?
Ja så lenge bygget skal nyttast til landbruksføremål. Produksjonsbygg er å rekne som driftsbygg dersom dei skal brukast til å foredle eigne produkt. Det vil sei at tiltakshavar/byggherren har ansvar for byggearbeidet. Bygg som er under 15 m2 kan førast opp utan søknad.
Kan eg teikne byggteikningane sjølv?
Ja dersom du har fagkunnskap. Teikningar skal vere målsette og målestokkrette i 1:100 eller 1:50. Teikningssettet skal innehalde planteikning, snitt og fasadeteikningar. Planteikninga skal vise kva dei einskilde delane skal nyttast til. I tillegg skal plasseringa teiknast inn på kartutsnitt/situasjonsplan og vise viktige mål mellom det planlagte bygget og nabogrense, vegmidte, leidningar og kablar, og andre bygningar. Dersom det skal leggast inn vatn og avløp må dette gjerast greie for og eventuelt søkjast om.
Kan eg få føre opp driftsbygg kvar som helst?
Eigedommen det skal byggast på må vere sett av til landbruksformål i kommuneplanen sin arealdel. Du må undersøke med e-verk og televerk at dei ikkje har leidningar og kablar i nærleiken, og gjere deg kjend med at bygget ikkje vert til hinder for vasskilde eller avløpsanlegg i nærleiken.
Kan eg melde eige bustadhus på garden min?
Bustadhus er rekna som søknadspliktig tiltak. Sjå eigen teneste for søknadspliktige tiltak.

Eigenfråsegn om konsesjonsfritak

Eg har fått brev tilbake frå tinglysingen om at eg må fylle ut skjemaet "eigenfråsegn om konsesjonsfritak" før eg får tinglyst eigedomen. Kor får eg tak i skjema og underskrift på at det er i orden?
Skjemaet finn du her på nettsida. Landbrukssjefen eller leiar for Teknisk plan og forvaltning kan skrive under stadfestingane som kommunen skal gjere.
Vi har delt frå ei bustadtomt på gardsbruket og har fått målebrev frå kommunen. Må vi likevel fylle ut skjemaet "eigenfråsegn om konsesjonsfritak" før vi sender det til tinglysinga?
Ja, skjemaet må fyllast ut. Landbrukssjefen eller leiar for Teknisk plan og forvaltning kan stadfeste at frådelinga er i orden og skrive under stadfestingane som kommunen skal gjere.

Fastlege

Kor ofte kan eg bytte fastlege?
Du kan bytte fastlege to gonger i kalendaråret. I tillegg kan du bytte fastlege dersom du flyttar.
Kan eg velje fritt kva fastlege eg vil ha?
Du kan velje mellom dei legane som har ledig kapasitet.
Kor lang ventetid er det for å få time hjå legen?
Ventetida vil variere frå fastlege til fastlege, men du må rekne med at du må vente 2 - 3 veker.
Får eg time hjå fastlegen min om eg har behov for akutthjelp?
Dersom du har behov for akutthjelp på dagtid, vil du få time hjå fastlegen din så langt det er mogeleg. Alle legane skal ha sett av nokre timar kvar dag til akutthjelp for sine pasientar. Dersom fastlegen din er vekke, eller vedkomande ikkje har fleire ledige timar denne dagen, vil du kome til hjå den legen som har ansvar for akutthjelp denne dagen.

Fyrverkeri - Løyve til oppskyting

Kor tid kan eg skyte opp fyrverkeri?
Frå kl 18:00 - 02:00 på nyttårsaftan.
Eg skal arrangere jubileum og ynskje å skyte opp fyrverkeri. Kven skal eg søkje om lov til å skyte opp fyrverkeriet ?
Ta kontakt med Politiet/Lensmannskontoret, tlf 02800.

Fyrverkeri - Sal og oppbevaring

Kor kan eg ta kunnskapsprøve for pyroteknisk vare?
Prøven kan avleggast hjå Øygarden brannvesen. Ta kontakt med kommunen for avtale. Bestått prøve er gyldig fem år etter den er avlagd.
Kven må ta kunnskapsprøven?
Alle som skal ha ansvar i høve sal av fyrverkeri må avlegge denne prøven. Ansvarleg med godkjent prøve skal til ein kvar tid vere på plass på utsalsstaden.
Kan eg søke godkjenning for utsal i butikken min for fleire år?
Godkjenning av utsalsstad vert gjeve for eit år av gongen.
Kan eg oppbevare fyrverkeri i butikken min?
Fyrverkeri skal oppbevarast i godkjent lokale. Nærmare reglar for korleis lokale skal utformast ligg i forskrift om handtering av eksplosiv vare §9-5.

Fysio og ergoterapi

Eg har skada meg og treng hjelpemiddel for å klare meg i heimen. Korleis går eg fram?
Dersom du har kortvarig behov (under 2 år) for tekniske hjelpemiddel kan du ta kontakt med ergoterapeuten på tlf 56382039. Varig utlån av tekniske hjelpemiddel må søkast om til NAV Hjelpemiddelsentral. Kommunen har fagpersonar som kan bistå med kartlegging og søknadsprosess. For å få hjelp med dette, kan du ta kontakt med fysio- og ergoterapiavdelinga. Dei har kontor i Ternholmvegen 2 på Rong, og kan nåast på tlf. /56382040/56382039.
Kven kan få hjelp av fysio- og ergoterapiavdelinga i kommunen?
Menneske i alle aldersgrupper som treng hjelpetiltak grunna sjukdom, skade eller funksjonsvanskar kan få hjelp av fysio- og ergoterapiavdelinga i kommunen.

Følgjekort for funksjonshemma

Kven kan søkje om følgjekort?
Dei som anten har ei psykisk eller fysisk funksjonshemming som treng følgje kan søkje. Døme på slike funksjonshemmingar kan vere: røyrslehemming, høyrselshemming, synshemming, tale- og kommunikasjonsvanskar. Dei som har skjult funksjonshemming som t.d. alvorlege psysiske lidingar, hjarte- og lungesjukdomar, allergiar m.m. kan også søkje.
Kva kan eg delta på med følgjekort?
Kino, konsertar, treningsstudio, busselskap, symjebasseng er døme på stader som har godkjent ordninga med følgjekortet.
Kvifor må personen som får følgjekort vere over 8 år?
Fordi born under denne alderen må ha med følgje uansett.
Korleis veit eg at staden eg skal til aksepterer ordninga med følgjekort?
Stadane som har akseptert ordninga med følgjekort skal ha synlege skilt som syner dette i resepsjon eller liknande.
Kan eg bruke følgjekortet i andre kommunar enn Øygarden?
Ordninga er landsdekkjande og du kan såleis bruke følgjekortet i andre kommunar.
Får eg følgjekortet på livstid?
Nei, følgjekortet gjeld for 4 år frå vedtaksdato. Om behovet for følgjekort framleis er tilstades etter 4 år må du søkje på nytt.

Gjeldsrådgjeving

Må eg vere sosialhjelpsmottakar for å få råd og rettleiing?
Nei, kommunen/NAV Øygarden har rettleiingsplikt ovanfor alle innbyggjarane i kommunen, sjølv om dei ikkje mottek økonomisk sosialstønad frå NAV. NAV Øygarden vil i samsvar med § 4-1 i Lov om sosiale tenester ha ei plikt til å gje rettleiing for å førebyggje eller løyse sosiale problem. Ved at du kan få rettleiing i høve økonomien din, har vi høve til å kunne førebyggje slik at du heller ikkje i framtida vil ha behov for sosialhjelp.
Kan eg få hjelp til å få personleg økonomi på rett kjøl?
Alle rettleiarane/kontaktpersonane ved NAV Øygarden gjev råd og rettleiing i høve økonomiske spørsmål. Kontoret har også eigen konsulent som jobbar spesielt med gjeldssaker og generell økonomisk rådgjeving. Gjelds/økonomisk rådgjevar vil bistå deg i å få oversikt over gjeldsbyrda di, formidle kontakt med kreditorar, inkassoselskap, namnsmannen m.m. Du kan også få hjelp til å lage budsjett og nedbetalingsplanar tilpassa din økonomi.
Kan eg få hjelp med å slette gjelda mi?
Nav Øygarden kan bistå deg i å få betalingsordningar med kreditorane. Det skal særs mykje til å få sletta gjeld. Viss du over tid har problem med å dekkje gjelda di, kan du søkje om gjeldsordning. Dette kan skje enten gjennom offentleg ordning via namsmannen, eller sosialkontoret kan bistå med å få til ei utanrettsleg, friviljug ordning som byggjer på prinsippa i gjeldsordningslova. Du vil då etter ein gjeldsordningsperiode på 5 år normalt få sletta den gjelda du i løpet av perioden ikkje har betalt inn, med atterhald om at du har overholdt avtala. Det er imidlertid strenge vilkår for å få gjeldsordning. Merk at det fins gjeld som ikkje blir sletta. Dette er mellom anna bustadlån og andre lån med i pant i bustad som du evnt. får behalde i gjeldsordningsperioden (innafor verdien på bustaden). Det er også særlege reglar for evnt. sletting av gjeld som vedkjem erstatning, bøter og barnebidrag.
Kan eg få sosialhjelp, evnt. sosiallån, til å dekkje gjeld?
Nav Øygarden har som hovudregel ikkje plikt til å dekkje gjeld som ikkje er godkjent på førehand eller å gje garanti for refinansiering av lån eller gjeld. Dette gjeld både sosialhjelp gjeve som stønad og gjeve som lån. Viss du mottek sosialstønad skal denne heller ikkje tilgodesjå kreditorane, men dekkje ditt behov for naudsynt livsopphald. I praksis vil dette seie at du ved hjelp av di innkome først må priortere naudsynt livsopphald og buutgifter før du dekkjer gjeld.
Må gjelda mi vere av ein viss storleik for at eg skal få nedbetalingsordningar?
Nei, det finnast ikkje noko krav om at gjelda må vere av ein viss storleik for at du skal få bistand.
Kva rolle har Nav Øygarden/gjeldsrådgjever i gjeldsarbeidet?
Nav Øygarden skal fungere som eit nøytralt mellomledd/forhandlingsledd mellom deg og dine kreditorar. Det inneber at sosialkontoret skal bistå med å finne løysingar som er til det beste både for deg og kreditorane.
Kan NAV Øygarden hjelpe med alle sider av gjeldssaka mi?
Nav Øygarden har, som andre instansar, avgrensa kompetanseområde og kan ikkje vere fullt ut orientert om den hjelp som kan ytast i forhold til ei kvar problemstilling som kan oppstå innanfor gjeldsarbeid. Sjølv om gjelds/økonomisk rådgjevar innehar spisskompetanse, må ein likevel rekne med å få ekstern bistand på einskilde saker som krev spesialkunnskap. Dette gjeld mellom anna tunge, juridiske problemstillingar. Nav Øygarden har likevel eit ansvar for å henvise deg til den rette instans.
Eg har mista totalt oversikt over både økonomien og gjelda mi. Kva skjer vidare?
Nav Øygarden vil i første omgang sørge for at det blir satt opp eit privatøkonomisk budsjett som inneheld alle inntektene og utgiftene dine. Det må også setjast opp ei oversikt over all formue og alle gjeldsforpliktingar du har. Dette er eit heilt sentralt utgangspunkt ved gjeldsrådgjeving. Oversikt over gjeldsbyrde får ein gjerne ved å sende ein generell førespurnad til alle kjente kreditorar, samt alle dei største bankar og inkassoselskap, for å innhente oversikt over evnt. krav dei har overfor deg. Ein går då gjennom økonomien din og vurderer om du har midlar til å betjene gjelda di, evnt. finne ut om du kan få auka inntekter eller redusere utgifter. Når ein har fått oversikt over kreditorar du har, vil vi sende ut eit informasjonsbrev til kreditorane om at ein har byrja å arbeide med gjelda di. Ein vil i brevet be kreditorane om å bero vidare innkreving av gjeld fram for ein tidsbolk på 2-3 månader til ein har fått ein meir heilskapleg oversikt over økonomi og gjeld. I dette brevet ber vi også kreditor om å fryse renterekninga på krava.
Kva må eg bidra med sjølv i høve til arbeid med gjelda mi?
Du skal etter beste evne sjølv freiste kome fram til ei ordning med dine kreditorar. Nav Øygarden kan imidlertid bistå deg i forhandlingar med kreditorane. Dette arbeidet skal til ei kvar tid skje i nært samråd med deg og det er du som til ei kvar tid er ansvarleg for å følgje opp vidare arbeid med å finne løysingar på gjeldssituasjonen ved å kome på timeavtalar og følgje opp avtaler som blir gjort der. Du er også ansvarleg for å meddele kreditorane viss/når det skulle skje endringar i den økonomiske stoda. Nav Øygarden/gjeldsrådgjevar "overtek" ikkje ansvaret for gjeldssaka di. Det ansvaret er det alltid du som har.
Kva gjer eg dersom eg får betalingsvanskar med rekningar/andre krav?
Dersom du har vanskar med å få betalt alle dine utgifter til rett tid og du ser at gjelda stadig aukar, er det viktig å ta kontakt med kreditorar på eit tidleg tidspunkt og orienterer om at du har vanskar med å få betalt rekninga/kravet til rett tid. Som regel er kreditorar viljuge til å gå med på nedbetalingsordningar og betalingsutsetjingar dersom du viser betalingsvilje. Ved å ta kontakt i god tid, kan du også unngå at saka går til innkasso og rettsleg inndriving, noko som medfører at utgiftene blir vesentleg større. Nav Øygarden kan bistå deg med slik kontakt overfor kreditorane.
Eg har så mange trekk på løna mi slik at eg har lite igjen å leve for i månaden. Kan noko gjerast med desse trekka?
Ta kontakt med Nav Øygarden dersom du er ønskjer hjelp til å få vurdere dette.
Eg vil ha gjeldsordning; få sletta gjelda mi og byrje på nytt. Korleis går eg fram?
Ta kontakt med Nav Øygarden, evnt. namsmannen, for å få nærare informasjon om reglane i høve gjeldsordning. Det finnast nemleg ein del vilkår som må oppfyllast for å kunne få slik ordning. Det er særs individuelt om ein oppfyller desse vilkåra. Det er forholdet mellom gjeldsbyrda og betalingsevna som avgjer om du fyller vilkåra for gjeldsordning, samt kva type gjeld du har. Det er forholdsvis strenge reglar for å få gjeldsordning.

Graveløyve

Kor får eg tak i gravemeldingsskjema?
Last skjemaet ned frå lenke lenger opp på denne sida. Du finn det i menyen til høgre.
Må eg ha byggjeløyve før eg kan byrje å grave på tomta mi?
Det skal i utgangspunktet vere gitt byggjeløyve før gravinga tek til. Om du vil starte nokre dagar før, må du ta kontakt med sakshandsamaren som har byggesaka.
Eg har kjøpt eit gamalt hus og skal no grave til ny garasje, har kommunen oversikt over kor vass- og kloakkleidningane ligg på tomta mi?
Nei, kommunen har kun leidningskartverk over hovudnettverket og såleis ikkje leidningane på kvar einskild tomt. Du må kanskje ta kontakt med den forrige eigaren for å finne ut kor leidningane ligg på tomta di.
Vi skal grave over ein kommunal veg, korleis går vi fram for å søkje om løyve til dette?
Kommunen v/teknisk drift må ha melding om eventuell vegstenging. Korleis vegstenginga skal varslast må avtalast nærare.

Grunnskulane i Øygarden

Vi ønskjer at barnet vårt skal gå på ein annan skule enn den som er i skulekrinsen. Kva gjer vi?
Du må skrive ein søknad til Øygarden kommune om at du ønskjer å skifte skule. Kostnadar til skuleskyss ved skulebyte må dekkast av dei føresette.

Heimehjelp

Kva kan eg få hjelp til?
Det ytes kun hjelp til reinhald i dei rom som er i dagleg bruk. Heimehjelpa skal utføre dei tenestene som er eit minimum for å kunne fortsetje å bu heime. Reingjeringa er vanlegvis kvar 14. dag, kvar 3. veke eller kvar 4. veke. Dette vert vurdert ut frå behov og ut frå kva type hjelp som vert ytt. Heimehjelpa kan vidare hjelpe deg med klesvask i vaskemaskin, bytte sengkle, handling av hushaldningsvarer. Vi lagar ikkje middag, men kan hjelpe deg med å få varmmat levert frå Tednebakkane omsorgssenter evt. hjelpe deg med å varme ferdigmat.
Kven får heimehjelp?
Det er dei som ikkje kan ta vare på seg sjølv, ha egenomsorg, eller dei som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål, kan ha krav på praktisk bistand. Det er Heimetenesta i Øygarden kommune som i samråd med deg som søkjar/pårørande finn ut kva for hjelp som skal ytast. All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og behovet vert vurdert og tilpassa fortløpande. Dette er ein teneste som tilbys deg som innbyggar i kommunen. Du må bu i eigen bustad, og du må ha eit særskilt hjelpebehov på grunn av sjukdom og/eller funksjonshemming. Dersom du bur i lag med ein som kan utføre husarbeid, vert din del av oppgåvene vurdert.
Kva for behov vert vurdert av heimehjelpstenesta?
Når heimehjelpstenesta vurderer hjelpebehov brukar dei IPLOS registreringsskjema for korleis ein utfører daglege aktivitetar. Dette skjema hjelper oss til å få ein indikasjon på kva for hjelpebehov du som søkjar har. I tillegg vurdere vi behovet for hjelp til reingjering av rom som er i dagleg bruk, behov for hjelp/tilrettelegging av måltid/handling, vask av kle, hjelp til personleg hygiene. Minimum eit av desse behova må vere tilstades før vedtak om heimehjelp vert fatta.
Kva kan heimehjelpstenesta ikkje hjelpe meg med?
Heimehjelpa kan ikkje hjelpe deg med køyring, følgje til tannelege/lege, vedhogging,vedbæring, snømåking. Heimehjelpa kan heller ikkje hjelpe deg med å lufte og riste tunge tepper eller flytte på tunge møblar. Heimehjelpa kan ikkje hjelpe med flytting, nedvask av hus, klargjering og rydding etter gjester, vaske vindauge, stryke kle, kjøpe og pynte juletre, rydde og vaske etter husdyr.
Kostar heimehjelpstenesta noko?
Brukarar av heimehjelpstenesta må betale ute i frå inntekta si. Det er kommunestyret i Øygarden kommune som bestemmer prisane.
Kva hjelp kan eg få på helg og høgtid?
I helg og høgtid vil hjelp til reingjering fell bort. Det vert kun gitt hjelp til personleg hygiene, handling og matlevering.
Kva treng eg av hjelpemiddel ?
Du må ha vaskemaskin, tørketrommel der anna kletørk er vanskeleg, støvsugar med langt/regulerbart skaft, vaskemiddel, klutar og bøtte. Du må ha microbølgeovn til varming av ferdigmat. I enkelte tilfelle kan det vere nødvendig med opprydding og nedvask av husværet før heimehjelpa går inn med hjelp. Heimetenesta kan vere hjelpsame med å skaffe hjelp til nedvask, rydding, flytting.
Kva kan eg forvente av heimehjelparane?
Du kan forvente at vi kjem den dagen vi har avtala, og at vi gir deg beskjed dersom det skjer endringar. Du kan forvente at du får skriftleg melding om kva for hjelp du er tildelt.

Heimekompostering

Kan eg bygge min eigen kompostbinge?
Ja, du kan få godkjent din eigenbygde kompostbinge, dersom du kan dokumentere at den vert bygd på ein fagmessig måte. Slik dokumentasjon kan f.eks. være informasjon henta på internett.

Heimesjukepleie

Hva er heimesjukepleie?
Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som treng behandling, pleie og omsorg i heimen. Vi vurderer søknaden saman med deg, heime hjå deg eller påsjukehuset/andre institusjonar. Vi vuderar saman med deg kva du treng hjelp til, og vil avtale direkte med deg den hjelpa vi blir einige om at du treng.
Korleis vert søknaden handsama?
Heimetenesta har inntaksmøte kvar veke. Alle søknadene vert handsama her. Det blir nytta heimebesøk for vurdering og kartlegging av hjelpbehov før tildeling av tenesta. Handsamingstida kan vere inntil 3 veker, og du vil få skriftleg vedtak.
Korleis er samarbeidet mellom heimesjukepleien og andre tenester?
Etter behov kan heimesjukepleien samordnast med sjukehuset, fysioterapitenesta, behandlande lege, evt andre hjelpeanordningar og tenester i kommunen.
Kven kan søkje om heimesjukepleie?
Alle kan søkje om heimesjukepleie, men alle har ikke rett på tenesta. Det må føreligge eit reelt behov for nødvendig helsehjelp i form av heimesjukepleie.
Kven får tildelt heimesjukepleie?
Heimesjukepleie blir tildelt personar som grunna funksjonshemming, alder eller sjukdom er heilt avhengig av personleg hjelp for å kunne bli buande heime. Ektefelle har ikke plikt på seg etter lovverke til å pleie sin ektefelle ved funksjonshemming eller varig sjukdom.
Kva kan eg få hjelp til frå heimesjukepleien?
Tenesta frå heimesjukepleien kan innhelde hjelp til å stå opp og legge seg dagleg, hjelp til dagleg personleg hygiene, hjelp til dusj/bad/hårvask ca x 1 pr veke. Hjelp til tilbereding av brødmåltid ved behov. Hjelp til å ete/drikke. Hjelp til toalettbesøk, hjelp til sårskift/observasjon av såret, hjelp til medikamentadministrasjon, gjennom dosett/multidosesystem kvar veke. Hjelp til administrering av medisinsk utstyr, som t.d insulinpenn, sondeernæring. Hjelp til smertelindring/lindrande behandling og pleie ved livets slutt. Hjelp til å ta kontakt med lege ved behov. Hjelp til å organisere transport til lege, sjukehus og tannlege.
Kva kan tenesta ikkje hjelpe meg med?
Heimesjukepleien kan ikkje køyre deg til å frå t.d lege, tannlege osv. Heimesjukepleien kan, dersom dei har kapasitet følgje til lege/tannlege, men tenesta femner ikkje dette. Pårørande må forvente at dei må hjelp til med dette.
Kva forventer heimesjukepleien av meg?
Heimesjukepleien forventer at du gjer melding dersom du ikkje har behov for hjelp. Vi forventer at du tek omsyn til hjelpar i form av mest mogleg røykfritt innemiljø. Heimesjukepleien forventar og at du tek i mot nødvendige hjelpemiddel som hjelpar treng for å gi deg hjelp.
Kva kan eg forvente av heimesjukepleien?
Du kan forvente at heimesjukepleien kjem til avtalt tid og at dei gjer beskjed dersom dei kjem seinare enn avtalt. Du kan også forvente å få skriftleg vedtak på kva hjelp du får tildelt.
Kostar heimesjukepleie?
Tenesta er gratis.
Korleis kan eg klage dersom eg ikkje er nøgd med tenesta?
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter Kommunehelsetenestelova klage til kommunen, og deretter til Fylkesmannen. Du kan klage innan 3 veker frå mottak av vedtaket. I klagen må du forklare kva du klagar på . Du bør skrive kva du ønskjer endra og grunngje dette. Kommunen kan rettleie deg. Klagen skal sendast til den instansen som har handsama søknaden og gitt deg svaret/vedtaket du klagar på. Dersom instansen held fast ved avgjerda vert den handsama i kommunen sitt klageutval, for så å bli sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientlova klage til Fylkesmannen på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal sendast kommunen eller direkte til tenesteytar slik at det vert mogleg å løyse dette på lågaste nivået.

Helsestasjon

Eg har fått time hjå helsesøster, men ynskjer å endre denne. Kven kontaktar eg?
Ring Øygarden helsestasjon, tlf. 56382080, for å endre timen din.
Får eg oppfølging av den same helsesøstra ved alle kontrollane?
I utgangspunktet prøver vi å få til at du skal få oppfølging av den same helsesøstra ved alle kontrollane, men ved sjukdom, permisjon eller oppseiing av stilling, kan det hende at du må gå til ulike helsesøstre.
Har helsestasjonen utleige av brystpumper?
Ja, men få. Ta kontakt med helsestasjonen for utlån på tlf: 56 38 20 80.
Kva er opningstidene til helsestasjonen?
Øygarden helsestasjon har ope måndag - fredag 08.00 - 15.30. Dersom du skal snakke med den helsesøstra du har kontakt med, bør du bestille time på førehand

Helsestasjon for ungdom

Kven møter eg når eg kjem til helsestasjon for ungdom?
Det er vanlegvis helsesøster som er der. I tillegg har vi også tilgang på lege.
Kva kan eg ta opp med helsesøster?
Helsesøster gjev deg råd og rettleiing, og henviser deg vidare til annan instans (lege/sjukehus) dersom dette er naudsynt. Vanlege tema å ta opp med helsesøster er: - trivsel - kroppen si utvikling - graviditet - prevensjon (resept på p-pille, angrepille) - få utført underlivsundersøking - seksuelt overførbare sjukdomar - spiseproblem - slanking - rus - stress / psykiske problem

Hjelpemiddelutlån

Eg har brote foten, kor kan eg få låne krykker?
Dersom behovet ditt for hjelpemiddel er mindre enn 2 år, kan du ta kontakt med ergoterapeuten. Utlån skjer frå kommunalt lager.
Eg treng hjelpemiddel over lengre tid. Korleis går eg fram?
Når behov for hjelpemiddel strekker seg over meir enn 2 år og når behovet er livsvarig, skjer utlånet frå Hjelpemiddelsentralen etter lov om folketrygd. Du må ta kontakt ergoterapiavdelinga på tlf. 56382039/2000.
Eg har redusert hørsel og treng hjelpemiddel. Kven skal eg kontakte?
Ta kontakt med hørselskontakten i heimetenesta i kommunen på tlf. 56 38 23 94.
Eg har fått problem med synet, kven kan eg kontakte?
Du kan ta kontakt med synskontakten i heimetenesta i kommunen på tlf. 56 38 23 94.

Individuell plan

Kven får tenesta?
Den som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd ein individuell plan og ansvarsgruppe dersom brukar søkjar om dette. Individuell plan er aktuelt for alle aldersgrupper.
Kva er langvarig og koordinerte tenester?
Med "langvarig" forstår ein medfødte eller seinare tilkomne funksjonshemmingar av fysisk, psykisk, sosial eller pedagogisk art som varer i meir enn 2 år, eller akutt og alvorleg sjukdom som kan føre til tidleg død. Med "koordinerte tenester" forstår ein at fleire faggrupper må samarbeide for å yte eit tilstrekkeleg, samordna og heilskapleg tilbod for tenestemottakar.
Kven er medlemer i ansvarsgrupper?
Brukar og koordinator er sjølvskrivne medlemmer av ansvarsgruppa. Ansvarsgruppa bør ikkje vere for stor, og gruppa bør i utgangspunktet vere avgrensa til deltakarar med nødvendig mynde på eige tenesteområde.
Korleis få tenesta?
Initiativet kan kome frå deg sjølv eller pårørande, men hovudansvaret for å utarbeide individuell plan ligg i tenesteapparatet. Det må søkjast om individuell plan på eige skjema.
Kva er føremålet med tenesta?
Individuell plan skildrar dei tenestene som skal gi brukaren eit samanhengande og individuelt tilpassa tenestetilbod. Planen skal tydeleggjere det forpliktande samarbeidet og ansvarsfordelinga mellom dei instansar brukaren mottar tenester frå.

Innsynsrett

Kven har innsynsrett?
Du har som hovudregel innsynsrett i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som vedkjem deg.
Kven kan klage på eit enkeltvedtak?
Eit enkeltvedtak kan som hovudregel alltid påklagast av den som vedtaket gjeld og av alle artar i saka.
Kva er klagefristen?
Klagefristen er fire veker frå det tidspunkt du fekk melding om vedtaket. Brevet med klagen må vere postlagd eller innlevert før klagefristen er ute.
Kva skal klagen innehalde?
Klagen må inneholde: - kva vedtak det vert klaga over - kva er det klagaren vil ha endra - grunngjeving for kvifor ein ønskjer vedtaket endra - andre opplysnignar som kan påverke avgjerda. Du kan kontakte advokat etter Retthjelpslova.
Kven skal ha klagen min?
Klagen skal sendast til den eininga som har gjort vedtaket. Dei skal snarast råd vurdera vedtaket på nytt. Dersom dei ikkje finn å kunne omgjere vedtaket skal klagen sendast vidare til rett klageorgan. Klageoprgan er Fylkesmannen etter Lov om helse- og omsorgstjeneste og Pasient- og omsorgstjenestelova.

Jegerprøva

Kva krav gjeld?
For å kunne utøve jakt eller fangst i Norge, må alle jegerar og fangstmenn være registrert i Jegerregisteret i Brønnøysund, og ha betalt jegeravgift for gjeldande jaktår. Om ikkje jakta foregår på fjord eller hav, må du i tillegg ha løyve frå grunneigar.
Kvifor må eg ha jegerprøve?
Jakt og fangst set krav til kunnskap om handtering av skytevåpen og fangstreiskap, kunnskap om arter som kan jaktast på og om lover og reglar. Alle personar som har fylt 16 år, og som ikkje er registrerte i Jegerregisteret, må greie jegerprøva før dei kan utøve jakt eller fangst.
Korleis er jegerprøva?
Innhaldet i jegerprøva er eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Det obligatoriske kurset er på 30 timar og kan takast frå den dagen du er 14 år. Når jegerprøva er gjennomført og du har greidd eksamen, blir du registrert i Jegerregisteret. Dette gjev deg rett til sjølvstendig småviltjakt og fangst frå du er 16 år. og til storviltjakt frå du er 18 år. Om du ikkje er myndig (18 år) må du i tillegg ha løyve frå foreldre eller føresette.
Kven arrangerer jegerprøva i Øygarden/Sotra-området?
Kurset vert gjennomført i regi av Sotra og Øygarden Jeger og Fiskeforbund. Kontaktinformasjon: E-post: sotraogoygardenjff@gmail.com
Kva kostar jegerprøva?
Prisen på jegerprøvekursa varierer, men ligg normalt frå 1.000 til 2.000 kr. Nokon av kursa inkluderer ammunisjon og eksamensavgift i prisen, medan andre gjer rabatt viss du er medlem i Norges Jeger og Fiskeforbund (NJFF). Eksamensgebyret på kr. 265 kjem i tillegg.
Kor tid vert kursa arrangerte?
Sjekk heimesida til Sotra og Øygarden JFF for oversikt over kurs i jegerprøva.

Konfliktråd

Må begge partar vere enige om å nytte konfliktrådet?
Ja, begge partar må gje samtykke til å nytte konfliktrådet.
Kan konfiktrådet hjelpe til med å innhente samtykke?
Ja, konfliktrådet kan hjelpe til med dette.
Er det ein angrefrist om eg likevel ikkje er nøgd med avtalen som vart inngått ved meklinga?
I straffesaker er det ein angrefrist på 1 veke. I sivile saker kan partane felle inn i avtalen seg imellom ein rimeleg angrefrist.
Kostar det noko å nytte konfliktrådet?
Tenesta er gratis.

Kulturmidlar

Kven kan søkje om kulturmidlar?
Alle kan i utgangspunktet søkje om kulturmidlar til arrangement og aktivitetar. Lag og organisasjonar vert prioriterte framfor enkeltpersonar og komersielle aktørar.
Kva må søknaden innehalde?
Søknaden må innehalde informasjon om arrangementet / aktiviteten / tiltaket og om den som søkjer. Det må vere eit budsjett for aktiviteten og eit oversyn over korleis du skal finansiere dette.
Når er fristen for å søkje?
15. mai.

Kulturminne - Automatisk freda

Kulturminne, kva er det ?
Døme på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.
Kva gjer du dersom du oppdagar kulturminne ?
Dersom du har eit slikt kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, øydeleggje, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du melde frå til fylkeskommunen så tidleg som mogleg før tiltaket blir sett i verk.
Kva tiltak kan ha innverknad på automatisk freda kulturminne ?
All byggje- og anleggsverksemd.

Kulturpris

Kven kan føreslå kandidatar til kulturprisen?
Alle kan i utgangspunktet sende inn forslag om kven dei ynskjer skal få kulturprisen. Skriv litt om kvifor du/de ynskjer at nettopp denne kandidaten bør få prisen.
Kven avgjer kven som får kulturprisen?
Komité for Levekår.
Kor stor er kulturprisen?
Øygarden kommune sin kulturpris er på kr.4.000,-
Er det ein frist for å kome med forslag?
Fristen er 15. oktober kvart år.
Når vert kulturprisen utdelt?
Prisen vert utdelt i kommunestyret desember.

Kulturskulen

Kven kan få undervisning på kulturskulen?
Kulturskulen er open for alle, men først og fremst for elevar frå Øygarden kommune.
Korleis vert opptaket gjennomført?
Øygarden kommune samarbeidar med Fjell og Sund kommune for å gje eit betre og større tilbod til sine elevar i kulturskulen. Kulturskulen handsamar søknader og tildeler plass etter gjeldande vedtekter og opptakskriterier. Det er søknadsfrist i byrjinga av mai, men kommunen tek imot påmeldingar heile året. Søkjarar som ikkje får plass står på venteliste og vert tekne opp etter tur. Alle aktive elevar og elevar på venteliste får spørsmål om dei ynskjer å fortsette/stå på venteliste kvar vår.
Er opptaket bindande?
Opptak er bindande for 1 semester. Frist for utmelding er 1. juli for hausthalvåret og 1. desember for vårhalvåret. Det vert gjeve skriftleg melding ved opptak.
Når skal vi betale skulepengar?
Kulturskulen fakturerer skulepengar 1 gong pr. halvår, i februar og september.

Kunnskapsprøve i alkohollova

Kva må eg lese før eg tar prøven?
Alkohollova med tilhøyrande forskrifter.
Kva type prøve er det?
Det er ein avkrysningsprøve med 21 spørsmål. Du får velje mellom tre til fem alternative svar. Du må ha minst 16 rette svar for å bestå prøva. Du kan bruke 45 minutt på prøva.
Kor kan eg ta prøva?
Prøva kan du ta på servicetorget, Ternholmvegen 2. Ring på førehand for å bestille tid. Tlf. nr. 56382000.
Kva kostar det å ta prøva?
Prisen er kr. 300,- for å ta prøva. Du betalar kontant i servicetorget ved frammøte.
Må eg ha med noko anna for å ta prøva?
Du må ha med gyldig legitimasjon.
Kan eg bruke hjelpemiddel under prøva?
Det er ikkje lov å nytte andre hjelpemiddel enn reine ordlister under prøva.
Er det ulike prøvar for sal og skjenking?
Ja, det er det. Du opplyser kva prøve du skal ta ved bestilling av prøvetid.
Kor tid får eg svar på om eg har klart prøva?
Om vi har tid, kan vi rette prøva med det same. Då får du eit muntleg svar om du har bestått eller ikkje. I tillegg vil vi alltid sende ut eit skriftleg svar. Du får eit bevis på bestått prøve.
Kva gjer eg om eg ikkje klarar prøva?
Du kan prøve fleire gonger. Nytt gebyr på kr. 300,- må betalast inn for kvar gong.
Kan eg nytte tolk under prøva?
Nei, det er ikkje adgang til å nytte tolk under prøva. Grunngjeving for dette er at styrar og stedfortredar, som i følgje alkohollova er ansvarleg for skjenkeløyvet, bør ha eit minimum av norskkunnskapar. Dette for å kommunisere med gjester, kundar, leverandørar, tilsette og kontrollmyndigheit.

Landbruksveg

Kva treng eg løyve til?
Alle landbruksvegar er i utgangspunktet søknadspliktige, med unntak av mindre terrenginngrep i ei lengde av maks 60 m og mindre enn 1 m skjering/ fylling.
Er det fristar for søknad om bygging av landbruksveg?
Nei! Søknadane vert handsama heile året.
Finst det tilskotsordningar?
Ja! Tilskot til bygging av landbruksveg (Skogsveg) blir gjeve i intervallet 30 - 60% av kostnad eks mva. Skogsbilvegar og større fellesanlegg vert prioritert. Enkle traktorvegar blir sjeldan prioritert for tilskot. For vegar som har fleire interesseområde, er det berre skogdelen som gjev grunnlag for tilskot.
Må søknad om tilskot vere inne til ei viss tid?
Ja! Fylkesmannen bestemmer fristane, det er to tildelingsrundar i året. Pr i dag er søknadfristane 15 mars og 15 sept. kvart år.

Legemiddelassistert rehabilitering LAR

Kven kan hjelpe meg å søke LAR?
Både fastlegen din og NAV kan hjelpe deg å søkje om legemiddelassistert rehabilitering. Søknad om LAR er ein tverrfagleg søknad som vert skrevet saman med deg, fastlege, ruskonsulent og sakshandsamar NAV. Desse vil også vere den faglege ansvarsgruppa du kan støtte deg på i prosessen.
Kven handsamar min søknad om LAR?
Søknaden sendast til LAR – Bergensklinikken, som handsamar etter Lov om pasientrettar § 2-2 og har 30 virkedagars (6 veker) handsamingsfrist ved LAR – Bergensklinikkene. Søknadene vert handsama fortløpande.
Kva skjer når eg skal starte opp behandlinga?
Når du har fått invilga søknad om LAR er det NAV som får svarbrevet. Dei kallar inn ansvarsgruppa og deg til planleggingsmøte vidare. I dette første møte vert du kjent med den instansen som skal dele ut legemiddel til deg når du har fått klarsignal om oppstart. Du må vere rusfri før oppstart med LAR. Og LAR-Bergensklinikkene forventar at du vert rusfri innan 3 månader. For å hjelpe deg, setter fastlegen din opp ein nedtrappingsplan saman med deg. Det vert lagt opp til poliklinisk behandling med urinprøve x 2 pr veke, men fastlegen kan søkje deg vidare til avrusing i institusjon dersom dette ikkje fungere for deg. Ansvarsgruppa hjelper deg slik at prosessen skal vere så god som mogleg. Når du gjennomgått nedtrappingsplanen og har levert ein rein urinprøve, vert det sett klarsignal for oppstart med LAR frå LAR-Bergensklinikkane.

Legevakt

Kva legar har legevakt?
Alle legar som inngår fastlegeavtale med kommunane, pliktar å delta i legevaktsordninga. Ein får berre fritak i særskilde tilfelle. Derfor vil det variere kva legar som har vakt.
Kan eg få vite kva lege som har vakt før eg får time?
Vi oppgir ikkje kva lege som har legevakt, då det er behovet for akutthjelp som er det framtredande. Har ein behov for hjelp der og då, vil dette ikkje vere avhengig av legen som har vakt. Dersom du vel vekk ein time på legevakt fordi det er ein lege du ikkje ynskjer å gå til som har vakt, er heller ikkje behovet ditt særleg akutt. Du skal då bestille deg time hjå fastlegen din i staden.

Matombringing

Er det noko krav eller vilkår for tenesta?
Personar som har problem med å lage middag sjølv kan søkje/ta kontakt. Tenesta vert utført innanfor kapasiteten til kjøkkenet ved Tednebakkane omsorgssenter.
Er det ein søknadsfrist?
Nei, du kan søkje fortløpande.
Kor lang tid tek det å få svar?
Snarast, og seinast innan 3 veker etter førespurnad får du svar på søkanden.
Kva kostar det?
Varm mat kostar kr. 70 pr. porsjon. Prisane kan regulerast av kommunestyret pr. 1. januar kvart år.
Kan eg klage på avgjerda?
Matombrining er ikkje ei lovpålagd teneste, men ei viktig teneste for å oppfylle andre lovpålagde tenester, og du kan ikkje klage på eit avslag.

Mellombels bruksløyve og ferdigattest

Skal nokon kome å sjå at bustaden min er ferdigbygd?
Kommunen har ikkje lenger kontrollfunksjon ved ferdigstilling av tiltak. Det vil sei for dei fleste tiltak som vert ferdigstilde vert det skrive ut mellombels bruksløyve eller ferdigattest på bakgrunn av kontrolldokumentasjon som dei ansvarlege i byggesaka legg fram. Sakshandsamar kan gjennomføre tilsyn på byggeplass for å sjå til at det ferdige tiltaket er i samsvar med gjeve løyve.
Treng eg ferdigattest på kaianlegg og veg?
Så lenge du har fått eit vedtak med godkjende ansvarshavande, skal det settast fram kontrolldokumentasjon for bruksløyve eller ferdigattest.
Må eg ha ferdigattest for tilbygg og garasje?
Desse tiltaka er gjerne meldingssaker som tiltakshavar sjølv har ansvar for. Det skal ikkje leverast kontrolloppgåver for desse, men det skal gjevast melding til kommunen seinast fire veker etter ferdigstilling med beskjed om tiltaket er i samsvar med vedtak.
Må eg levere ferdigmelding for driftsbygning i landbruket?
Sjølv om dette stort sett er store bygg, er det likevel meldesaker som tiltakshaver sjølv har ansvar i. Det skal gjevast melding til kommunen på lik linje med tilbygg og garasjer.
Kan eg flytte inn i ein del av bustaden min mens resten vert bygd ferdig?
Det er mogleg å ta i bruk delar av eit tiltak dersom det vert rekna som trygt nok ut frå dei arbeida som står igjen. Ansvarlege på byggeplassen skal då levere dokumentasjon for mellombels bruksløyve, men sakshandsamar må vurdere om dette skal gjevast. Det skal normalt berre gjevast mellombels bruksløyve dersom det er mindre manglar i tiltaket.
Kvifor er bruksløyve og ferdigattest så viktig?
Å ta eit tiltak i bruk før brukløyve er gjeve er eit lovbrot. Bruksløyve/ferdigattest skal vere ei overføring av ansvar frå ansvarlig i byggesaka over til eigar. Det skal også vere ein dokumentasjon på at dei ansvarlege i byggesaka er ferdige med sine arbeid. Bruksløyve er avgjerande dersom brann eller anna ulykke skulle skje i tiltaket.

Mellombels husvære

Kven kan få hjelp til å skaffe mellombels bustad?
Lova gjev den einskilde rett på mellombels husvære. Berre dei som sjølv ikkje maktar å få tak i eige husvære vil seie å kunne ha ein lovmessig rett til denne tenesta. Dette inneber at du sjølv pliktar å gjere det du kan for å skaffe deg ein bustad.
Betalar Nav Øygarden for leige av det mellombelse husværet?
Dette avheng av din økonomiske situasjon. Har du sjølv midlar til å betale for deg, enten heilt eller delvis, forutset ein at du gjer det. Mellombelse løysingar på bustadmarknaden kan likevel fort bli svært kostbare, og det er få som kan greie å dekkje slike utgifter sjølv over lang tid.
Kan eg forvente hjelp frå kommunen til å skaffe permanent bustad medan eg bur i mellombels bustad?
Din kontaktperson ved Nav Øygarden vil i samråd med deg freiste finne ut kva alternativ det er på bustadmarknaden som ei permanent ordning. Dette kan vere både reetableirng i eksisterande bustad eller nytt tilbod. Du vil derfor få ein oppfølgingssamtale med sakshandsamar snarast mogleg. Ein forventar likevel at du på eiga hand er aktiv på bustadmarknaden medan du bur i eit mellombels husvære.
Kva type bustad kan eg forvente å få som ei mellombels løysing?
Øygarden kommune disponerer ikkje nok bustader til sjølv å kunne stette trongen for bustader for alle som søkjer om slik hjelp. Nav Førde forheld seg til den same bustadmarknaden som folk elles. I akutte situasjonar er det svært vanskeleg å finne husvære umiddelbart og alternativet vert ofte å skaffe rom på pensjonat eller hytte på campingplass. Du må difor vere budd på at mellombels bustad kan vere i anna kommune.
Er det større krav til standarden på mellombels bustad om eg har born?
Kommunen pliktar å finne eit forsvarleg husvære til barnefamiliar, barn og unge. Med forsvarleg kan dette vere noko variererande frå sak til sak.

Miljøfyrtårn

Kva må vi gjere for å verte sertifisert som bedrift?
Verksemda må oppfylle bransjekrava som gjeld for den enkelte bransje.
Er det kommunen som sertifiserer bedrifta?
Ja, du må ta kontakt med Råmund Skjold, som er Øygarden kommune sin sertifisør. Tlf. 56 38 20 72.
Kor lenge varer sertifikatet vi eventuelt får?
Sertifikatat vare i tre år. Når dei tre åra er gått, må verksemda resertifiserast.

Miljøplan i landbruket

Kva skal miljøplan steg 1 innehalde?
Det skal vere med eit fargelagd kart over disponibelt innmarksareal, gjødslingsplan, sjekkliste, sprøytejornal og tiltaksplan.
Kva skal miljøplan steg 2 innehalde?
Mål for miljøarbeidet på garden og tiltaksplan.
Må søkjarar av SMIL-midlar som ikkje mottek produksjonstilskot ha miljøplan?
Nei

Mindre byggjearbeid

Eg skal skifte vindu på huset mitt, må eg søke om dette til kommunen?
Dersom du skiftar ut eit eldre vindu med eit nytt som i form og utsjånad er tilnærma likt, treng du ikkje søkje. Søknadsplikt omfattar vesentlege endringar der fasaden sitt visuelle uttrykk vert endra. Kontakt kommunen viss du er i tvil.
Kor stort tilbygg kan eg ha på huset mitt utan at eg må ha full byggjesak?
Er tilbygget mindre enn 50m2 bruttoareal eller samla bruksareal, er tiltaket søknadspliktig, men du kan sjølv vere ansvarleg, dvs. "søknad om tiltak utan ansvarsrett". Er tilbygget over 50m2 må du ha nokon som er bygningsfagleg ansvarleg for tiltaket.
Kan vi setje opp eit takoverbygg over inngangspartiet utan å søke om dette til kommunen?
Du treng vanlegvis ikkje søkje dersom takoverbygget ikkje endrar fasaden sitt visuelle uttrykk vesenleg eller kjem nærare eigedomsgrensa enn 3,0m. I enkelte tilfeller kan likevel overbygget påverke tomteutnyttinga(TU/%BRA) på eigedomen. Er du i tvil, spør kommunen
Vi ønskjer å byggje eit tilbygg på rekkjehuset vårt, vi bur i eit burettslag. Korleis går vi fram?
Du må søkje til styret i burettslaget om oppføring av tilbygg. Om tilbygget vert godkjent søkjer du om tiltaket til kommunen på vanleg måte. Kopi av styrevedtaket må leggjast ved søknaden, og vert rekna som nabovarsling.
Kven av naboane skal ha nabovarsel når eg skal byggje på huset mitt?
Hovudregelen er at dei som grensar direkte til tomta di skal varslast. I tillegg skal gjenbuar varslast, det vil seie dei som bur over vegen for deg. Når det gjeld burettslag eller sameige må det søkjast til styret om bygging. Nabovarsel skal ikkje sendast til kvar einskild huseigar i burettslaget.
Vi har ein nabo som bur ca 200 meter frå huset vårt, skal han varslast?
Nei, vi seier som ein hovudregel at avstanden skal vere innanfor 150 meter for at det er naudsynt med nabovarsel. Tiltaket kan likevel få konsekvensar for nabo, så er du i tvil, kontakt kommunen.
Eg kjem ca 3 meter frå nabogrensa med det nye tilbygget mitt, er det greit?
Hovudregelen er at avstanden frå bygninga sitt veggliv til nabogrensa skal vere 4 meter. Plassering nærare enn 4 meter krev skriftleg samtykkje frå naboen, såkalla positiv fråstandserklæring. Dette må leggast ved som eit eige skriv i søknaden, det er ikkje nok at naboen har kvittert på nabovarslingsskjema.
Eg har levert inn ei sak om tilbygg på bustaden min, kor tid kan eg forvente svar?
Søknad om tiltak utan ansvarsrett skal vere handsama innan 3 veker. Har nabo berre kryssa av for motteke varsel, må kommunen vente med handsaming til merknadsfristen på 14 dagar er ute. Dersom nabo har kryssa av for at dei samtykkjer i tiltaket treng ikkje kommunen vente til merknadsfristen er ute.
Eg har levert inn ei sak om tilbygg på bustaden min, kor tid kan eg forvente svar?
Søknad om tiltak utan ansvarsrett skal vere handsama innan 3 veker. Har nabo berre kryssa av for motteke varsel, må kommunen vente med handsaming til merknadsfristen på 14 dagar er ute. Dersom nabo har kryssa av for at dei samtykkjer i tiltaket treng ikkje kommunen vente til merknadsfristen er ute.
Eg skal byggje garasje, kor langt frå nabogrensa kan eg setje garasjen?
Frittliggande bygg som garasje, uthus og liknande under 50m2 bruttoareal kan plasserast inntil 1 meter frå nabogrensa. For frittliggjande bygg over 50 m2, skal avstand til nabogrense vere 4 meter (p.g.a. brannomsyn). Plassering nærare enn desse grensene krev skriftleg samtykke frå tilgrensande nabo, såkalla fråstandserklæring.
Må eg betale noko for å melde byggjesaka til kommunen?
Ja, du får eit krav på byggjegebyr. Sjå oversikt over gjeldande gebyr og brukarbetalingar.
Vi skal byggje ei leikehytte i hagen, må dette søkjast om til kommunen?
Dersom bygget er mindre enn 15 m2, er tiltaket i utgangspunktet fritatt for søknadsplikt til kommunen. Dette gjeld t.d. leikehytter, hagebod m.m. Vi rår deg likevel til å ta kontakt med naboane dine, slik at dei får høve til å uttale seg. Bruksarealet inngår i grunnlaget ved utrekning av tomteutnytting (TU/%BRA).

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Kor lang tid i førevegen må eg søkje om løyve?
Vi ynskjer å motta søknaden i god tid før eit løyve eventuelt skal nyttast, dvs minst ei veke før.
Kor lenge varer eit løyve?
Du kan få eingongsløyve eller eit fast løyve som gjeld i fleire år, alt etter kva søknaden gjeld. Dersom det er aktuelt med fast løyve, er løyveperioden som regel 3 år.
Kan eg køyre over andre sin eigedom?
Som vedlegg til søknaden må du levere kart med skisse over planlagt køyrerute. Dersom denne ruta ligg på andre sin eigedom, må du også levere skriftleg løyve frå aktuell grunneigar(ar). Grunneigar har høve til å nekte motorferdsel på sin eigedom.
Kan eg få løyve til å starte/lande med helikopter for transport av bygningsmateriale?
Når det føreligg særleg grunn, kan du få løyve til bruk av helikopter.
Kan eg nytte vass-scooter?
Bruk av vass-scooter er forbode.
Har eg høve til å transportere bagasje og utstyr til hytta/stølen min med snøscooter?
Som eigar av hytte/støl kan du få løyve til å transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå brøyta bilveg.

Nabovarsel

Kva tiltak må eg nabovarsle?
Nabovarsel skal du bruke i høve "Søknad om tillatelse til tiltak", "søknad om tiltak utan ansvarsrett" , søknad om deling av eigedom og søknad om dispensasjonar.
Kva naboar skal varslast?
I høve byggesak er det i stor grad dei som er direkte tilgrensande naboar og gjenbuarar (naboar på andre sida av veg) som skal varslast. Ta kontakt med kommunen for å få liste over dei aktuelle naboane. I delingssaker skal dei som fysisk grenser til ny eigedom varslast. I høve søknad om dispensasjon er det først og fremst dei same som vert varsla i byggesak.
Kan kommunen krevje at eg nabovarslar på nytt for ei innlevert sak?
Ja, sakshandsamar skal vurdere tida mellom nabovarsel og innlevering av sak. Det kan ha vore eigarskifte på eigedommar i tida mellom varsling og innlevering. Sakshandsamar skal og vurdere om tiltaket kan ha konsekvensar for andre enn dei som er varsla. Då kan det kome krav om utvida varsling til grunneigarar eller til andre interessentar som til dømes elveeigarlag, grannelag eller tilsvarande.
Kva skal eit nabovarsel innehalde?
Naboen skal i tillegg til skjema "Nabovarsel" også ha kopi av teikningar og kopi av kart som viser kva som skal gjerast i saka som vert nabovarsla. Det bør også ligge ved ei skriftleg skildring nårdet er søknad om dispensasjon eller ved spesielle tiltak. Desse vedlegga skal naboen ha uansett om varselet vert sendt i posten eller vert levert på døra.
Kan eg levere nabovarslet til naboen min sjølv?
I dei aller fleste sakene er det gjerne ein fordel om du leverer nabovarsel sjølv. Då kan det vere høve til å diskutere korleis tiltaket skal sjå ut, plassering og omstende rundt tiltaket.
Kva gjer eg når eg ikkje får kontakt med naboen min?
Der grunneigar ikkje bur på same stad som tiltaket står, kan nabovarsel sendast i posten. Slike sendingar skal vere rekommanderte. Posten stemplar og signerer då på skjema "Gjennpart av nabovarsel". I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg å finne ut kven som eig eigedommen. Til dømes kan dette vere uskifta dødsbo. Då kan det vere behov for å ta kontakt med sorenskrivarkontoret for å finne bustyrar eller representant for eigar. Dette kan du gjere sjølv etter avtale med sakshandsamar med kommunen.
Kor lang tid må eg vente etter nabovarsel er levert og til saka mi kan handsamast?
Når naboen har fått varsel personleg og har kryssa av for "Ingen merknad", kan saka takast opp til handsaming omgåande. Nabovarsel som er sendt rekommandert eller når nabo har kryssa for "Varsel motteke", skal ha ei ventetid på 14 dagar før saka kan handsamast. Det er denne tida naboen skal kunne nytte for eventuelt å sende inn merknad.
Må eg varsle naboen som eg kranglar med?
Ja, alle naboar som har rett på varsel skal ha dette. Det er ikkje høve til å utelate nokon ut frå private forhold.

Nærings og miljøtiltak i skogbruket

Kva er dei vanlegaste skogkulturtiltaka eg kan få tilskot til?
Skogplanting ( ikkje juletreproduksjon). Supleringsplanting. Etterrydding i plantefelt (hkl. II). Kunstig kvisting/tynning av furu/lauv. Markriving for naturleg forynging av furu.
Kva krav gjeld for å få tilskot til vegbygging?
Det kan gjevast tilskot til bygging av nye eller ombygging av eksisterande skogsvegar når vegen fører til heilskapsløysingar som gjev grunnlag for utnytting av skog- og utmarksressursane. Berre vegar som er godkjende etter forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål, etter reglar i plan- og bygningslova eller forskrifter fastsette i medhald av lov om skogbruk og skogvern § 17b kan oppnå tilskot.
Korleis blir søknad om bygging og tilskot til skogsveg handsama?
Det er kommunen som godkjenner vegplanar. Også søknad om tilskot skal gå via kommunen, men det er no Fylkesmannen, landbruksavdelinga, som avgjer søknadene etter tilråding frå kommunen.

Omsorgsbustad

Kven får tildelt omsorgsbustad?
Omsorgsbustad blir tildelt personar med ulike funksjonsvanskar av fysisk, psykisk eller sosial art og/eller alder som treng tilrettelagt bustad og ulike tenester.
Korleis blr omsorgsbustadane tildelte?
Tenesta om omsorgsbustad er ikkje lovpålagd, og tildeling av omsorgsbustad er eit enkeltvedtak med dei rettar og plikter som er nedfelt i forvaltningslova.
Korleis blir opphald i omsorgsbustad regulert?
Opphald i omsorgsbustad er regulert gjennom husleigekontrakt jf. Husleigelova.
Kan eg klage på avslått søknad?
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på 3. veker.

Overformynderiet

Kor får eg tak i søknadskjema for hjelpeverje?
Fylkesmannen i Hordaland overtok ordninga frå 01.07.13. Søknadsskjema finn du i lenka.
Kvifor kan ikkje eg og foreldra mine forvalte dei midlane som eg har arva før eg fyller 18 år?
I følgje §§ 62 og 63 i vergemålslova skal umyndige sine midlar, dersom det overstig kr 75.000 forvaltast av overformynderiet.
Kven kan få hjelpeverje?
Blir oppnemnt til myndige personar som som på grunn av sjukdom, demens, psykisk utviklingshemming eller legemleg funksjonshemming ikkje kan ivareta sin interesser. Det må føreligge legeerklæring
Kva må søknaden innehalde?
Søknad om oppnemning frå t.d. nære pårørande, ansvarleg lege eller tilsynslege ved institusjon der vedkomande er innlagd. Søknad må innehalde tilfredsstillande legeerklæring om at vedkomande på grunn av sjukdom, senil demens, psykisk utviklingshemming eller legemleg funksjonshemming ikkje lenger kan ivareta sine interesser. Det må vere samtykkje frå den som skal ha oppnemnd hjelpeverje dersom det ikkje går fram av legeerklæring at innhenting av samtykkje er umogeleg eller av særlege grunnar utilrådeleg å innhente.
Kven gjer endeleg vedtak?
Overformynderiet sitt vedtak vert sendt som tilråding til Tingretten, som i sin tur oppnemner hjelpeverje.
Kan eg klage på vedtaket?
Dersom du ikkje er nøgd med avgjerda i verjemålssaker - t.d. ved oppnemning av verje - kan du innan tre veker etter at du mottok meldinga sende klage til Fylkesmannen. I klaga må det gå fram kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det.

Parkeringskort for rørslehemma

Kan eg få parkeringskort?
Dersom du på grunn av rørslehemming ikkje kan gå, eller har store vanskar med å forflytte deg, kan du søkje om parkeringskort.
Må eg køyre bil sjølv, eller kan eg vere passasjer for å få parkeringskort?
Du kan få parkeringskort som passasjer, men då etter strengare kriteriar.
Kor kan eg parkere?
Du kan parkere på reserverte parkeringsplassar for rørslehemma over heile landet. Desse er merka med offentlege trafikkskilt.
Må eg betale parkeringsavgift?
Når du har parkeringskort, slepp du å betale parkeringsavgift .
Kor lenge kan eg stå parkert på slik parkeringsplass?
Du kan stå parkert utover lengste tillatte parkeringstid der slik tid er fastsett ved offentleg trafikkskilt. Dersom det er fastsett lengste tillatte parkeringstid for rørslehemma, må du følgje den.
For kor lang tid er parkeringskortet gyldig?
Du kan få eit kort som er gyldig i frå 2 år til 5 år.

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

Kor lenge kan eg søkje ein elev fri frå grunnskulen?
Kommunen ved rektor kan innvilge inntil to veker permisjon frå undervisninga når fritaket er fagleg forsvarleg.
Korleis søkjer eg?
Ein skal nytta elektronisk søknadsskjema. Skjema finn ein her på nettsida.
Kor skal eg søkje, og kven har vedtaksmynde?
Det elektroniske søknadsskjemaet vil bli sendt til skulen. Rektor har vedtaksmynde.
Kor tidleg må eg søkje fri/permisjon?
Søknadsfristen er 3 veker, men det er fint om ein søkjer så tidleg som mogeleg.
Er det klagerett på eventuelt avslag?
Ja - vedtak er einskildvedtak med klagerett etter Opplæringslova.
Kan eg søkje fri/permisjon meir enn to veker?
Ja det kan du. I slike tilfelle vert eleven skriven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet.
Misser eleven retten til opplæring i ein slik utmeldingsperiode?
Ja, retten til opplæring fell bort på same måte som kommunen si plikt opphøyrer i utmeldingsperioden, og føresette har det generelle opplæringsansvaret.

Privat- og ferieavlasting for barn og unge

Kva avlastingsformer fins?
Tenester som kan vere aktuelle å tilby er t.d. - Praktisk bistand i heimen / avlastning i heimen - Avlasting i privat besøksheim - Ferietur/opphald - Barnehageplass - SFO
Får eg vere med å bestemme kva for tilbod barnet mitt får?
Utforming av avlastingstilbodet vil skje i nært samarbeid med deg som har søkt avlasting, men innafor dei rammene som er.
Kor sjukt eller funksjonshemma må barnet mitt vere for å få innvilga avlastingstilbod?
Tenesta er behovsprøvd, og vert vurdert og tilpassa individuelt.
Kor snart kan ein kome i gang med avlastingstilbodet?
Det kan ta noe tid å etablere tiltaket. Sjølv om ein har fått vedtak om innvilga avlasting, så må ein vere merksam på at det kan ta noko tid å etablere t.d ein privat avlastningsheim, eller skaffe oppdragstakarar til praktisk bistand.
Kva kostar avlastingstilbod?
Avlastingstilbod er gratis.
Kva inneber ferieavlasting?
Ferieavlastning er ekstra avlastning i ferien. Opplegg som leir er ofte nytta.

Produksjonstilskot i jordbruket

Må føretaket mitt ha miljøplan trinn 1 for å få produksjonstilskot.
Alle føretak skal ha miljøplan trinn 1 for å kunne motta fult produksjonstilskot. Foretak som ikkje har slik plan får reduksjon i utbetalinga.
Når skal eg søke om produksjonstilskot?
Søknadsfristane er 20.01 med teljetidspunkt 01.01 og 20.08 med teljetidspunkt 31.07
Kor finn eg søknadsskjema og kven hjelper med rettleiing?
Du kan få skjema og hjelp på kommunen ved servicetorget eller fagansvarleg Landbruk og miljø, Råmdund Skjold (tlf.: 56382072). Du kan og finne skjema på nett: www.slf.dep.no

Psykiatrisk sjukepleie

Kva er psykiatrisk sjukepleie?
Psykiatrisk sjukepleie er eit tilbod til deg som treng hjelp til å handtere ein psykisk lidelse eller ein vanskeleg livsituasjon. Det kan og vere hjelp til pårørande. Hjelpa kan bestå av samtalar, råd, rettleing, informasjon, aktivisering og støtte. Kontakten kan vere i heimen eller på kontoret til psykiatrisk sjukepleiar.
Kven kan søkje om psykiatrisk sjukepleie?
Alle som føler at dei har behov for hjelp på grunn av at ein har det vanskeleg. Ein kan kome til ein uforpliktane fyrste samtale, og ilag med psykiatrisk sjukepleiar verte einige om psykiatrisk sjukepleie er den rette hjelpa. Dersom Psykiatrisk sjukepleiar ikkje kan hjelpe deg, kan ein kanskje informere deg om kven som kan hjelpe deg.
Korleis vert søknaden min handsama?
Psykiatrisk sjukepleiar tek kontakt med deg, og vil kartlegge ditt behov. Dette kan skje i samtalar med deg, eventuelt ta kontakt med andre offentleg instansar som har opplysningar som er relevant for å kunne hjelpe deg best mogleg. Alt skjer i samarbeid med deg. Søknaden vert handsama så fort som det er mogleg.
Får alle som søkjer om Psykiatrisk sjukepleie hjelp?
Ikkje alle vil få den hjelpa dei søkjer om, men ein vil gi den hjelpa som psykiatrisk sjukepleiar meinar du har behov for, samt gi råd og rettleiing for kva ein kan gjere vidare.

Reduksjon eller fritak for skatt

Kven behandlar skattesøknader?
Alle skattesøknadar skal behandlast av skatteutvalet. Skatteutvalet har avgjersmynde i saker opp til kr. 200.000,-
Kor ofte har skatteutvalet møter?
Skatteutvalet har ca. 2 møter i året.
Kor lang behandlingstid er det i skatteutvalet?
Behandlingstida for søknader med restskatt under kr. 200.000,- er på ca. 6 månader. For saker over kr. 200.000,- vil behandlingstida være noko lenger fordi desse sakene skal vidare til skattekontoret eller til Skattedirektoratet.

Reguleringsplan

Korleis skal eg utforme ein merknad til ein reguleringsplan som er ute til offentleg ettersyn?
Merknaden må vere skriftleg og innkomen til kommunen før merknadsfristen er ute.
Kan eg få hjelp av kommunen til å forstå planen og korleis dette verkar inn på min eigedom?
Ja, du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp/forklaring av planforslaget.
Skal ein reguleringsplan alltid til politisk handsaming?
Ja, kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Kan eg klage på vedtaket som er gjort av kommunestyret?
Kommunestyret sitt endelige vedtak om reguleringsplanen kan påklagast til Fylkesmannen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klage som gjeld tilhøve som er avgjort tidlegare gjennom klage eller motsegn kan avvisast. Eventuell klage skal sendast til kommunen som førebur den til handsaming i planutvalet. Dersom kommunen ikkje finn å ta klagen til følgje, vert klagen med rådmannens saksutgreiing og planutvalet sitt vedtak sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannen sitt vedtak er endelig. Krav om erstatning må fremjast innen tre år etter kunngjeringen. Kommunen vil kunne gi råd ved utforming av merknader, klager m.m.

Reguleringsplan privat

Kven kan lage ein reguleringsplan?
Ta kontakt med sakkunnige til å utforme planen - Kommunen rår til at du nyttar arkitektfagleg kompetanse. I tillegg er det ofte nødvendig å supplere med anna fagkompetanse som hydrolog, biolog, trafikkfagleg, naturfagleg m.v avhengig av kompleksitet og formål med planarbeidet
Kva dokument høyrer til ein reguleringsplan?
Reguleringsplanen består av plankart og eit eige tekstdokument med bestemmelsar - såkalla føresegner Vedlagt planen fylgjer normalt ein planomtale, illustrerande teikningar, snitt og fotomontasjer. Planen skal elles leverast i digital form etter avtale med kommunen.
Kan eg klage på vedtaket?
Kommunestyret sitt endelige vedtak om reguleringsplanen kan påklagast til Fylkesmannen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjøring av vedtaket. Klage som gjeld tilhøve som er avgjort tidligere gjennom klage eller motsegn kan avvisast. Eventuell klage skal sendast til kommunen som førebur den til handsaming i planutvalet. Dersom kommunen ikkje finn å ta klagen til fylge, vert klagen med rådmannens saksutgreiing og planutvalet sitt vedtak sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannen sitt vedtak er endelig. Krav om erstatning må fremjast innen tre år etter kunngjøringen. Kommunen vil kunne gi råd ved utforming av merknader, klager m.m.

Renovasjon

Kven er med i renovasjonsordninga?
Alle eigedommar med bygning er med i renovasjonsordninga i kommunen.
Kva kostar det å vere med på renovasjonsordninga?
Prisane finn du i gjeldande kommunale gebyr og brukarbetalingar.
Er det høve til å dele dunkar med andre?
Nei, det er det ikkje.
Er det renovasjon på fritidseigedom?
Ja.
Får ein reduksjon i renovasjonsgebyret når ein heimekomposterer?
Ja, det får ein. Årleg renovasjonsgebyr utan heimekompostering er kr. 3.125. Årleg renovasjonsgebyr med heimekompostering er på kr. 1.875 inkl. mva.

Rusmiddelmisbrukarar - Tiltak

Kva hjelp kan eg få?
Kva slags hjelp du får, er avhengig av kva behov du har. Tiltak kan omfatte alt frå råd og rettleiing om korleis du skal takle kvardagen for å bli uavhengig av rusmiddel, til hjelp til å søkje tenester som støttekontakt/miljøarbeidar som kan hjelpe deg inn i miljø som ikkje er belasta med rusmiddelmisbruk, behandling i psykiatrisk poliklinikk eller hjelp til å søkje behandling i institusjon. Er du skuleelev, kan det vere aktuelt å samarbeide med skuleverket. Er du i arbeid, kan det vere aktuelt å samarbeide med arbeidsplassen din om eit støtteopplegg.
Kan eg ha med meg nokon på timeavtalane på Nav?
Ja. Du har rett til å la næraste pårørande bistå deg både på timeavtale og ved skriftleg søknad. Andre kan også hjelpe deg, t.d. ein nabo eller andre. Du må gje ei skriftleg fullmakt for at andre skal ha innsyn i saka di.
Kan familien min også få hjelp?
Rusmiddelproblem får også konsekvensar for livssituasjonen til den som er i familie med rusmisbrukaren. Sosialtenesta har derfor også eit ansvar for å hjelpe familien din om naudsynt. Dette kan t.d. dreie seg om råd og rettleiing, hjelp til søknad om avlasting evt. samarbeid med andre instansar som skuleverk, barnevern, PPT.
Tek ansvaret til Nav slutt når eg får plass i institusjon?
Kommunen v/Nav har plikt til å følgje deg opp i heile behandlingstida. Dette gjeld anten du vert behandla i eller utanfor institusjon. Om det trengst, vil også familien din få oppfølging i denne tida. For den som gjennomfører eit behandlingsopplegg i institusjon, pliktar Nav i samarbeid med deg å leggje tilhøva til rette for naudsynte tiltak etter institusjonsopphaldet. Aktuelle tiltak kan vere butilbod, arbeidstrening eller liknande.
Må eg betale for opphald på institusjon?
Behandling i institusjonsplass som du har fått gjennom helseforetak er gratis. Dersom du har skaffa plassen sjølv utan å ha fått godkjenning Nav eller helseforetak må du pårekne å dekke sjølv.
Kan eg fritt velje institusjon?
Som oftast vil det vere helseforetaket som finn ein høveleg behandlingsinstitusjon tilpassa ditt behov. For nærare opplysningar om dette henviser vi til psykiatritenesta og NAV.
Når kan det brukast tvang?
Frivillighet er alltid det beste utgangspunktet for ei vellukka behandling, fordi din eigen motivasjon gjev det beste utgangspunktet for vellukka behandling og rehabilitering. I heilt spesielle tilfelle kan likevel det vere aktuelt halde deg tilbake i institusjon utan ditt samtykke. I dei tilfelle vil Nav Øygarden legge fram ei sak for Fylkesnemda, som vurderer grunnlaget og gjer endeleg vedtak om tilbakehald. I hastesaker kan kommunen v/Nav gjere mellombels vedtak som skal avgjerast endeleg av fylkesnemnda.
Kva må til for at nytte tvang?
Det finst fem vilkår som alle må vere oppfylte før du kan haldast tilbake i institusjon utan samtykke: 1. Du må setje di eiga helse i fare. Dette inneber at det berre er omsynet til deg og di eiga helse som avgjer om tilbaketvang kan nyttast eller ikkje. Tilbakehald kan altså ikkje grunngjevast med omsyn til familie eller nærmiljø. 2. Misbruket må vere omfattande og vedvarande. 3. Friviljuge tiltak må ha vist seg å vere utilstrekkelege. Tilbakehald kan altså ikkje nyttast dersom tiltak utanfor institusjon kunne ha vore nytta med same effekt eller dersom du friviljug vil gjennomføre behandlingsopplegg på institusjon. 4. Tilbakehaldet skal nyttast for fysisk rehabilitering og for å leggje tilhøva til rette for at du blir motivert for behandling. Tilbakehaldet er ikkje behandling, men skal ha som siktemål når ein har grunn for å tru at dette kan ha positiv innverknad på at ein kan komme i posisjon til at behandling. 5. For å kunne bruke tvang, må institusjonen som du vert plassert i, ha ressursane som skal til for å gje deg tilfredsstillande hjelp. Overfor gravide rusmiddelbrukarar finnest særskilte reglar. Generelt er terskelen for tilbakehald vesentleg lågare når du er gravid, pga omsyn til barnet si helse.
Kor lenge kan eg haldast tilbake mot min vilje?
Når vilkåra for tilbakehald er oppfylt kan eit vedtak vare i intil 3 månader. Vedtaket kan evt. omgjerast til frivilleg i løpet av perioden om dette er hensiktsmessig.
Kan eg samtykke til å bli tilbakeholdt i institusjon?
Ja. Dersom vilkåra for tilbakehald er tilstades og du er samd i at tilbakehald ein periode er naudsynt for at du skal kunne komme i posisjon til behandling, kan du samtykke til vedtaket. Behandlinga i fylkesnemda vil gå under såkalla forenkla saksgang, der partane ikkje behøver å møte til rettsmøte. Normalt går prosessen raskare dersom du samtykker til tilbakehald og forenkla saksgang kan nyttast.

Råd og rettleiing etter sosialtenestelova

Kva kan eg få råd og retteiing om?
Nav Øygarden har som utgangspunkt ei alminneleg rettleiingsplikt innafor sitt område. Denne rettleiingsplikta omfattar alt frå rutinemessige kunne henvise til andre instansar, til å kunne gje personleg råd og rettleiing. Døme på ulike områder Nav Øygarden kan gje råd og rettleiing om: - sosiale problem - familie- og ekteskapsproblem - økonomiske problem - gjeld, gjeldsordning og budsjett - bustadproblem - arbeidsløyse - utdanningsspørsmål - rusproblematikk - Spørsmål om folketrygd og arbeidsmarknadstiltak. Navkontoret har, som andre instansar, avgrensa kompetanseområde og kan ikkje vere fullt ut orientert om den hjelp som kan ytast i forhold til eit kvart sosialt problem som kan oppstå. Tenesta har derimot ansvar for å henvise deg til rett instans.
Må eg vere sosialhjelpsmottakar for å få råd og rettleiing hjå Nav Øygarden?
Nei, Nav Øygarden har rettleiingsplikt overfor alle innbyggjarane i kommunen, sjølv om dei ikkje mottek økonomisk sosialstønad. Nav Øygarden har etter § 4-1 i Lov om sosiale tenester ei plikt til å gje rettleiing for å førebyggje eller løyse sosiale problem.
Kan eg få hjelp til å få personleg økonomi på rett kjøl?
Alle rettleiarane ved Nav Øygarden gjev råd og rettleiing i høve økonomiske spørsmål. Kontoret har også eigen konsulent som jobbar spesielt med gjeldssaker og generell økonomisk rådgjeving. Du kan lese meir om denne tenesta på heimesidene til Øygarden kommune under teneste "Gjeldsrådgjeving".

Seksjonering av bygningar

Kan alle eigedommar seksjonerast?
Seksjonering skal omfatte berre ein eigedom (eit bruksnummer). Dersom eit bygg er bygd over fleire eigedomsparsellar er det viktig å få samanføyd desse før seksjonering. Alle bygg med fleire bueiningar eller fleire næringseiningar kan i prinsippet seksjonerast. Seksjonering er likevel mest nyttig der kor eigedommen ikkje kan delast for å danne eigne eigedommar til kvar bygningsdel.
Kva tid kan ein eigedom seksjonerast?
For nybygg kan det settast fram begjæring om seksjonering når rammeløyve er gjeve. I mange høve vil det likevel vere mest praktisk å avvente til funksjonane i bygget er endeleg bestemt. Dette er ut frå at husteikningar skal vise kva dei ulike seksjonane omfattar. Desse vert sendt til tinglysing saman med begjæring og situasjonskart. Eldre bygg kan seksjonerast når bygget er ferdig utbygd. Det vil si at dersom bygget er under ombygging, må denne sluttførast før bygget kan seksjonerast.
Kan eg seksjonere eigen bustad?
Seksjonering er nytta i ein del høve for å omgå skatt for utleigedel i eigen bustad. Dersom du har utleige i nokon del av bygget på seksjoneringstidspunktet skal kommunen ha liste over desse saman med begjæring. Ein del leigetakarar har rett på å kjøpe sin bustadseksjon til 80% av kjøpesum dersom leigeavtalen ikkje går ut innan to år etter seksjonering er gjennomført. Dette gjeld likevel ikkje for framleigar, leigetakar i vaktmesterbustad, leigetakar i samleseksjon for bustad, eller bustad for personar med soesielle behov av mellombels eller varig karakter eller tenestebustad.
Har eg som seksjonseigar dei same rettane som heimelshavar til ein sjølveigd eigedom?
Som seksjonseigar har du ein einerett til bruk av din seksjon og ein rett til å bruke fellesareal i sameige. Det er derfor viktig at du gjer deg kjend med kva areal som høyrer til din seksjon og kva som er felles for alle.
Kva er handsamingstida for ei seksjoneringssak?
Det er ikkje lovfesta tidsfristar i seksjoneringssaker, men desse sakene er gjerne knytt saman med sal av husvære eller næringsseksjonar. Vi ynskjer derfor å kunne handsame sakene så fort som mogleg. Normalt er handsamingstida innafor to til tre veker.
Kva må eg betale i gebyr for å seksjonere?
Gebyret er sett saman av ein handsamingsdel og ein tinglysingsdel. Gebyrsatsen for kommunal handsaming i dag finn du i gjeldande gebyr og brukarbetalingar. Tinglysingsdelen er i dag sett til 1,8 gongar rettsgebyret. Rettsgebyret vert fastsett av Justisdepartementet gjennom lov om rettsgebyr.

Sjukeheim - Korttidsopphald

Kva lovverk gjeld?
Søknad om korttidsplass vert handsama etter Lov om helse- og omsorgstjeneste § 3-2 6.ledd pkt c jfr Pasient- og brukerrettighetslova § 2-1a.
Kva må til for at eg kan få innvilga korttidsopphald?
Du må ha behov for rehabilitering, habilitering og utgreiing.
Kor lenge varer opphaldet?
Varierer etter indivdiduelle behov.
Kva kostar korttidsopphald?
Sjå gjeldande gebyr og brukarbetalingar.
Kven arbeider på sjukeheimen?
På sjukeheimen vil du alltid få hjelp av kvalifisert personale, det er alltid sjukepleiar på vakt.I helg og høgtid er det redusert bemanning.Yrkesgrupper som arbeider her er: sjukepleiar,hjelpepleiar/omsorgsarbeidar,aktivitørar og assistentar.
Korleis er sjukeheimen organisert?
Vi har tre sjølvstendige einingar, to sjukeheimseiningar og ei eining for aldersdemente.
Kva hjelp får eg på sjukeheimen?
Etter fagleg vurdering av individuelle behov og eigne ressursar vil du få hjelp til: - morgonstell/kveldsstell med personleg hygiene og påkledning - hjelp til å stå opp/leggje seg etter eigne ynskjer om tidspunkt - hjelp til toalettbesøk - hjelp til dusj - hjelp til forflyttning - tilsyn og fagleg vurdering etter behov - hjelp ved måltida - vask av merka privattøy - hjelp til ulike medisinske tiltak som t.d. : medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, stell av kateter, blodprøvetaking, blodtrykkskontroll mm. - regelmessig tilsyn av tilsynslege, etter fagleg vurdering - kontakt med spesialisthelsetjenesta og tannhelsetjenesta ved behov - tilbud om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering - tilbud om personleg tilpassa hjelpemiddel
Kva aktivitetstilbod kan eg vere med på?
Etter ønske kan du være med på: - ulike aktivitetstilbud i eininga - fellesarrangement som t.d. turar,sang og musikk,andakt ein dag i veka Det er i mindre grad rom for individuelle aktivitetar.
Kva kan eg gjere når ting ikkje fungerer?
Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på etter vedtaket, kan du ta kontakt med einingsleiar, sjå pkt.6. Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Sjukeheim - Langtidsopphald

Kva lovverk gjeld?
Søknad om langtidsplass ved sjukeheim vert handsama etter Lov om helse- og omsorgstjeneste § 3-2 6.ledd pkt c jfr Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a
Kva må til for at eg kan få innvilga langtidsopphald?
Du må ha behov for langtidsplass i sjukeheim av di du ikkje får dekt det daglege behovet for pleie og omsorg i eigen heim.
Kva kostar langtidsopphald?
Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift .
Kven arbeider på sjukeheimen?
På sjukeheimen vil du alltid få hjelp av kvalifisert personale, det er alltid sjukepleiar på vakt.I helg og høgtid er det redusert bemanning. Yrkesgrupper som arbeider her er: sjukepleiar, hjelpepleiar/omsorgsarbeidar, aktivitørar og assistentar
Korleis er sjukeheimen organisert?
Vi har tre sjølvstendige einingar, to sjukeheimseiningar og ei eining for aldersdemente
Kva får eg hjelp til på sjukeheimen?
Etter fagleg vurdering av individuelle behov og eigne ressursar vil du få hjelp til: - morgonstell/kveldsstell med personleg hygiene og påkledning - hjelp til å stå opp/leggje seg etter eigne ynskjer om tidspunkt - hjelp til toalettbesøk - hjelp til dusj - om hårstell/klipp,negle og fotstell - hjelp til forflyttning - tilsyn og fagleg vurdering etter behov - hjelp ved måltida - vask av merka privattøy - hjelp til ulike medisinske tiltak som t.d. : medikamentutdeling, injeksjonar,sårstell,stomistell,stell av kateter, blodprøvetaking, blodtrykkskontroll mm. - regelmessig tilsyn av tilsynslege, etter fagleg vurdering - kontakt med spesialisthelsetjenesta og tannhelsetjenesta ved behov - tilbud om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering - tilbud om personleg tilpassa hjelpemiddel
Kva aktivitetstilbod kan eg vere med på?
Etter ønske kan du være med på: - ulike aktivitetstilbud i eininga - fellesarrangement som t.d. turar, sang og musikk, andakt ein dag i veka. Det er i mindre grad rom for individuelle aktivitetar.
Kva kan eg forvente av dei tilsette?
Du kan forvente å bli møtt på ein respektfull og høfleg måte.Dei tilsette held teieplikta si. At du får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
Kva kan eg gjere når ting ikkje fungerer?
Dersom du opplever at du ikkje får den tjenesta du har krav på etter vedtaket, kan du ta kontakt med einingsleiar, sjå pkt.6. Som mottakar av helsetenester kan du klage til Fylkesmannen på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Skatteattest

Kven treng skatteattest?
Næringsdrivande som treng dokumentasjon på at dei driv ei seriøs verksemd. Som leverandør treng du skatteattest dersom du leverer varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå dine leverandørar dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøpar av varer og tjenester.
Kven skriv ut skatteattest?
Skatteoppkrevjaren skriv ut skatteattest.

Skattereglar ved barnepass

Når kan eg nytte meg av denne ordninga?
Klikk deg inn på linken til Skatteetaten som du finn i høgre marg. Her vil du til ei kvar tid finne oppdaterte gjeldande reglar for ordninga.

Skattetrekk og arbeidsgjevaravgift

Korleis skal eg sende inn terminoppgåver og løns- og trekkoppgåver?
Elektroniske oppgåver leverer du gjennom Altinn. Kan du ikkje levere elektronisk, kan du levere papiroppgåver til skatteoppkrevjaren
Korleis kan eg rette opp feil i innleverte oppgåver?
Dersom du har sendt inn oppgåve på Altinn, må du kontakte skatteoppkrevjaren slik at vi kan slette oppgåva før du sender inn ny. Alternativt kan ny korrigert oppgåve sendast på papir til skatteoppkrevjaren.
Korleis kjem eg i gang med innlevering på Altinn?
For å logge deg på Altinn brukar du personnummer og kodar frå skattekort eller skatteoppgjer. Informasjon for fleire måtar å logge deg på, kan du finne på Skatteetaten.no. Linken finn du i høgre marg.
Kvar finn eg KID-kode for innbetaling?
Ved innlevering på Altinn, får du oppgitt kid på slutten av innleveringa. Du kan også lage KID på Skatteetaten si nettside, eller du kan ta direkte kontakt med skatteoppkrevjaren.

Skilt og reklame

Kor mange skilt kan eg sette opp på eit bygg?
Talet på skilt vert vurdert ut frå storleiken på bygget og på skilta. Det er i utgangspunktet høve til å setje opp eit skilt på kvar fasade.
Kor stort kan eit reklameskilt vere?
Det er ikkje sett ei øvre grense for skiltstorleiken, men vanlege skilt skal helst ikkje vere lenger en opp mot 6-8 meter.
Kva kriterier vert min søknad vurdert ut frå?
Skiltsøknaden vert vurdert ut frå mengde skilt i høve storleiken på bygget, farge, utforming, lyssetting m.v.

Innrapportering av eldstad

Kan eg setje inn ein ny ovn i huset mitt sjølv?
Det skal vere ein godkjent kontrollør som utfører arbeidet. Innfesting mellom pipe og ovnsrør er eit kritisk punkt og ikkje enkelt å kontrollere etter at ovnen er ferdig montert.
Korleis kan eg bli godkjend kontrollør i Øygarden kommune?
Du må sende inn dokumentasjon innan fagområde. Søknaden vert handsama av Plan og forvaltning. Om du vert godkjend vert du sett opp på skjemaet som godkjend kontrollør av eldstader.
Finst det godkjenningsordning for ovnar i Norge?
Ja, Sintef skal godkjenne ovnane som er i sal i Norge. Du kan gå inn på lenke i høgre kant under eksterne lenker for å sjekke om den ovnen du vurderer å kjøpe er godkjend.
Eg har ein gamal antikvarisk ovn som ikkje finst på lista til Sintef over godkjende ovnar. Eg hadde tenkt å setje ovnen inn igjen etter restaurering av huset, kan eg det?
Gamle antikvariske ovnar er unnateke frå godkjenningsordninga til Sintef. Du må likevel ha ein godkjend kontrollør til å setje ovnen på plass. Kontrolløren vil òg då kunne gje deg råd om det er mogeleg å bruke denne ovnen.
Eg ønskjer å setje inn pipe og ovn i bustaden min, kan eg bruke skjemaet om innrapportering av eldstad?
Nei, oppføring av pipe er eit søknadspliktig tiltak, det vil seie at du må ha ein fagansvarleg som søkjer for deg. Skjemaet "innrappotering av eldstad" skal nyttast der pipe er oppsett frå før.

Skulefritidsordning - SFO

Kor finn eg søknadsskjema for SFO
Søknadsskjema finn du i menyen til høgre. Eller under skjema her på heimesida.
Kor tid er fristen for å søkje om SFO-tilbod?
Påmeldingsfrist er 15. april, men det kan søkjast om opptak heile året.
Korleis seier eg opp SFO-plassen?
Oppseiingsfristen er 1 månad. Skriftleg melding sendast til skulen innan den 15. i kvar månad med verknad frå 15. i påfølgjande månad.
Kva er opningstida i SFO?
Opningstida er frå kl. 07.00 til 17.00.
Kva er prisane på SFO-tilbod?
Gjeldande foreldrebetaling finn du på denne sida i menyen til høgre.
Er det SFO-tilbod om sommaren?
Det er tilbod om sommaropen SFO. I sommarvekene vert dei ulike SFO-avdelingane samla på ein skule. Påmelding skjer til kvar enkelt skule.

Skuleskyss ved skade eller sjukdom

Korleis skal elev med mellombels skade/sjukdom kome seg til og frå skulen i skade- eller sjukdomsperioden?
Elevar som til vanleg ikkje har rett på fri skuleskyss etter avstand, har likevel rett på skyss på nærare vilkår i samband med mellombels skade eller sjukdom.
Søkjer vi som foreldre om skuleskyss?
Føresette treng ikkje søkje formelt, men må informere skulen til eleven straks slikt behov oppstår. Det må leverast ein legeerklæring som stadfestar behovet for eventuelt drosje eller buss i sjukdomsperioden.
Skal vi som føresette bestille transport i sjukdomsperioden?
Nei, skulen tingar transport for det tidsrommet legeerklæringa gjeld.

Slamtømmegebyr

Kor ofte er det tømming av slamavskiljar?
Slamavskiljar for bustadhus skal tømmast kvart 2. år, medan det for hytter er pålegg om tømming kvart 4. år.
Kva er prisen på slamtøming?
Sjå lenke til kommunale gebyr og brukarbetalingar.
Eg treng ekstra tømming av septiktanken min. Kven kan eg ta kontakt med.
Septik24 utfører tømming av septiktankar i Øygarden kommune. Dersom du treng ekstra tømming (utover det som ligg i renovasjonavgifta) kan du nå dei på tlf. 57 78 11 70.

Spelemidlar til idrettsanlegg

Når er fristen for å søkje?
1. november.
Kva informasjon må eg legge ved søknaden?
1. Forhandsgodkjende planer av anlegget skal følgje søknaden. 2. Detaljert kostnadsoverslag 3. Godkjent finansieringsplan og utgreiing av einskilde postar. 4. Driftsplan og budsjett over årlege utgifter og inntekter. 5. Tingslyst skøyte/leigeavtale for minimum 40 år.
Kva vilkår gjeld for å få godkjent søknaden?
Vilkår: 1. Anleggseigar har plikt på seg å halde anlegget i godkjent teknisk stand, samt sjå til at gjeldande tryggleiksforskrifter vert følgde. 2. Eigar har plikt til å halde anlegget ope for aktivitetar i 40 år. 3. Sal eller deling av anlegget kan ikkje skje utan løyve og samtykke frå Kulturdepartementet. Overføring av drifta skal også godkjennast av Kulturdepartementet.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Kven kan søke om SMIL midlar?
Føretak eller eigarar som driver og/eller eiger ein landbrukseigedom kan motta tilskot gjennom SMIL ordninga. Men også andre som har løyve frå eigar av ein landbrukseigedom til å gjennomføre eit aktuelt prosjekt kan søke. Då er det ein føresetnad at søkaren er registrert i einingsregisteret.
Kva tiltak kan ein søke SMIL midlar til?
Ein kan få SMIL midlar til restaurering av verneverdige bygg og andre bevaringsverdige element i jordbrukets kulturlandskap, samt tiltak som gjeld biologisk mangfald, opning av landskap her under ferdselsvegar og gamal kulturmark. I tillegg kan ein få midlar til tiltak som hindrar ureining frå jordbruket, også luktureining.
Kan eg få SMIL midlar til å reparere ein silo som lekker pressaft?
Nei, dette blir vurdert som ein reperasjon som kjem under kostnader ved vanleg jordbruksdrift.
Kven skal sette opp kostnadsoverslag på tiltak som gjeld restaurering av verneverdige bygg?
Kostnadsoverslaget skal vere oppsett av kompetent person eller føretak. Kompetent person kan td vere ein tømrar eller arkitekt som har erfaring frå slikt restaureringsarbeid.
Kor mykje tilskot kan ein få gjennom SMIL ordninga?
I kommunedelplanen er det fastsett inntil 70% tilskot av kostnadsoverslaget til restaurering av verneverdige bygg og andre element i jordbrukets kulturlandskap. Når det gjeld tiltak som gjeld biologisk mangfald er tilskotssatsen inntil 100%.
Eg driv ikkje landbruk men eig ein landbrukseigedom der eg har eit prosjekt som eg ynskjer å søkje om SMIL midlar til. Må eg ha miljøplan for å søkje?
Nei, det er føretak som mottar produksjonstilskot i jordbruket som må ha Miljøplan trinn 2 som vedlegg til søknaden.

Startlån

Eg er på leiting etter bustad, kor tid skal eg søkje på startlån?
Du kan søkje startlån i høve til ein konkret bustad, eller du kan få ein førehandsgodkjenning som gjeld i ein viss periode.
Kor mykje kan eg få i startlån?
Det vil vere den totale økonomien din som avgjer kor mykje du får i lån. Du må vere i stand til å betale renter og avdrag og likevel ha nok til livsopphald. Til å vurdere økonomien brukar vi SIFO-budsjettet.
Kor lang nedbetalingstid får eg på startlån?
Du vil få 20 års nedbetalingstid på lånet.
Kan eg få eit avdragsfritt lån?
Som hovudregel er startlån ikkje avdragsfrie. Det er kun i heilt spesielle tilfeller at det vil vere mogeleg å få avtale om avdragsfri periode.
Kva må eg betale i rente på startlånet?
Renta på startlånet føl til ei kvar tid den flytande renta som Husbanken har på lån.
Kva må eg betale i rente på startlån til toppfinansiering, dersom eg har lån i anna bank?
Du vil få eit 2. prioritetslån til den samme flytande renta som Husbanken har for andre lån.
Korleis betalar eg lånet?
Det er DNB som administrerer lånet for kommunen, så du må avtale månadleg trekk på renter og avdrag direkte med banken.
Kva kan eg søkje om startlån til?
Startlån kan finansiere både kjøp av bustad, og utbetring/tilpassing av bustad.

Støttekontakt

Må tenestemottakaren betale for tenesta som støttekontakten utfører?
Nei, tenesta er gratis for tenestemottakaren. Øygarden kommune betalar lønn og dekkjer utgifter som støttekontakten har i samband med oppdraget.
Har sakshandsamar og støttekontakt teieplikt?
Ja, etter forvaltningslova § 13.
Kven har rett til å få støttekontakt?
Alle som p.g.a. funksjonshemming, alder eller sosiale problem har behov for ei tilrettelagt fritid kan søke om denne tenesta. Søknader om støttekontakt vert handsama etter Lov om helse- og omsorgstjeneste § 3-2 6.ledd pkt b jfr Pasient- og brukerrettighetsloven §2-1a.
Får alle som søkjer om støttekontakt tilbod?
Ikkje alle vil få det tilbodet dei søkjer om. Sakshandsamar for tenesta vurderergraden av tilbodet du får innvilga, og gjev evt råd og rettleiing.

Svangerskapsomsorg

Må eg gå til lege før eg kontaktar jordmortenesta?
Du kan velje om du vil nytte lege eller jordmor ved den første kontrollen. Det er tilrådd å ha denne kontrollen mellom 8 til 12 veker etter siste menstruasjon. Etter dette, er det vanlegvis jordmor som har dei vidare kontrollane, men du kan også velje å gå til lege i staden.
Kostar det noko å gå til svangerskapskontroll?
Nei, kontrollar både hjå lege og jordmor er gratis når du er gravid.
Kva tid på dagen kan eg få time hjå jordmor?
Jordmor har vanlegvis timeavtalar mellom 08.30 og 15.30. Måndag, tysdag og torsdag i partalsveker og tysdag og onsdag i oddetalsveker. Ta kontakt med ekspedisjonen på helsestasjonen for å høyre kor tid det er ledig tid.
Får eg oppfølging av den same jordmora under heile svangerskapet?
Vi prøver så langt som mogeleg at du har den same jordmora under heile svangerskapet, men det vil kunne skje at du også må gå til ulike jordmødre, t.d. ved sjukdom eller vakanse i stillinga.
Kor held jordmor til?
Jordmor har kontor på Øygarden helsestasjon, 1. etasje i rådhuset, Ternholmvegen 2, Rong.

Tannhelsetenesta

Kven får fri tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta?
Tannhelsetenesta gjev fri tannbehandling til barn og unge til og med det året dei fyller 18 år, til psykisk utviklingshemma og til eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie. Ungdom 19 - 20 år betaler 25% av behandlingskostnadane.
Kan eg som vaksen person få behandling hos tannhelsetenesta?
Klinikkane tek også imot vaksne, betalande pasientar i den utstrekning det er kapasitet til det.
Kor finn eg Tannhelsetenesta for Øygarden kommune?
Vi har ikkje tannhelseteneste i Øygarden. Denne finn du i helsehuset på Ågotnes (Fjell kommune). Tlf 56 33 40 40.

Tilkopling vatn/avløp/overvatn

Kor er tilkoplingspunkt for vatn/avløp og overvatn?
Ta kontakt med "Teknisk drift" for nærare informasjon.

Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk

Når får eg faktura på tilknytningsgebyr?
Krav om tilknytningsgebyr vert utsendt etter at du har fått godkjent byggemelding for nybygg.
Kva kostar det å knyta seg på vatn og kloakk leidningane.
Sjå gjeldande kommunale gebyr og brukarbetalingar.

Tilskotsportalen

Eg finn ikkje vårt organisasjonsnummer, finn eg dette nokon stad?
Ja, gå inn på lenka til tilskotsportalen. Der finn du vidare lenke til Brønnøysundregistrene der du kan søke etter organisasjonsnummeret.
Vi er ikkje registrert med organisasjonsnummer, korleis får vi dette nummeret?
Gjennom lenka til tilskotsportalen finn du vidare lenke til registrering i Frivillighetsregisteret. Ved å registrere laget der får du eit organisasjonsnummer.

Transporttenesta for funksjonshemma

Kan eg nytte meg av transporttenesta for funksjonshemma?
Dersom du har varige funksjonshemmingar som gjer at du ikkje kan nytte deg av offentlege transportmiddel, kan du få tildelt transportkort. Funksjonshemming kan vere både rørslehemming, og m.a. blind/svaksynt/allergi/epilepsi/hjerte- og lungesjukdom, psykisk liding og psykisk utviklingshemming.
Kor mykje får eg gjennom transporttenesta?
Årleg reisetilskot blir fordelt ut frå kor langt frå sentrum du bur. Under 5 km får du 2000 kr, mellom 5 og 10 km får du 3000 kr, mellom 10 og 20 km får du 4000 kr og over 20 km får du 5000 kr.
Korleis betalar eg?
Du får med deg ein reisekupong som er påført den summen du kan reise for. Drosjesjåføren skriv på kupongen og fører opp kva sum du til ein kvar tid har igjen.
Skal eg betale eigenandel?
Du skal betale 20% eigenandel, men ikkje over 30 kr pr. tur.
Kan eg låne ut reisekupongen til familiemedlemmar?
Nei, det kan du ikkje. Transportkortet er personleg, men du kan ta med deg andre passasjerar i drosja når du reiser sjølv.
Kven betalar for transporttenesta?
Ordninga er ei fylkeskommunal teneste som ikkje er lovpålagd. Kommunen får tildelt midlar to gonger i året.
Må eg søkje på nytt for kvart år?
Nei det treng du ikkje. Har du fått innvilga søknaden vil du automatisk få tilsendt ny reisekupong kvart år i januar og i juni.

Trus- og livssynssamfunn - Tilskot

Kva for trus- og livssynssamfunn har rett til kommunalt tilskot?
For å få utbetalt kommunalt tilskot må trus- og livssynssamfunnet vere registrert og ha rett til statsstøtte.
Kor skal vi søkje om statsstøtte?
Søknad om statsstøtte skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland
Må vi søkje om kommunalt tilskot?
Nei, de treng ikkje å søkje om kommunalt tilskot. Kommunen mottek oppdatert informasjon om medlemstal frå Brønnøysundregisteret og betalar ut tilskot etter tal medlemar.
Korleis vert tilskotet utrekna?
Vi reknar ein tilskotssats per medlem ved å dele det budsjetterte utlegget kommunen har til Den norske kyrkja på tal statskyrkjemedlemar i kommunen. Utgifter til kyrkjelege formål som er felles for alle innbyggjarane i kommunen vert ikkje tatt med i rekningsgrunnlaget, t.d. drift av gravplassar. Dei øvrige trus- og livssynssamfunn får utbetalt denne tilskotssatsen per registrert medlem.

Tryggleiksalarm

Korleis virkar alarmen?
Alarmen er knytt til telefonen og ein trådlaus, bærbar alarmknapp som brukar kan ha med seg/på seg. Om uhellet er ute, trykkjer brukaren/pårørende på knappen som sender eit signal til telefonen som ringjer etter hjelp. I løpet av kort tid vil du ha autorisert helsepersonell på tråden som kan hjelpe deg. Du kan fortelje kva som har skjedd. Dersom du ikkje klarer å snakke, vil telefonstemma seie kven du er og sende hjelp til deg.
Kan eg dusje med alarmknappen?
Alarmknappen er på storleik med eit armbåndsur og kan berast i ei snor rundt halsen evt som eit armbånd. Det er også mogleg å feste den til tøyet med ei klype. Knappen er vasstett, så du treng ikkje ta den av når du vaskar opp, badar eller dusjar.

Vaksinar

Til kva reisemål bør eg ta vaksine?
Indikasjon for å tilrå vaksine er avhengig av reisemål, reiseform, varigheit, den reisande sin alder, helsetilstand og tidlegare vaksinasjonsstatus. Ingen vaksine er som regel naudsynt ved reiser til Vest- og Sør-Europa, Kanariøyane, Madeira, USA, Canada, Australia og New Zealand.
Kor lang tid i forvegen må eg ta vaksine?
Ved korte turistreiser tilrår ein å starte vaksinering ca. 3 veker før avreise. Ved langtidsopphald (over 4 mnd) bør ein rekne 3 mnd, då ein ofte må ha vaksiner som må setjast 2-3 omgangar før ein er fullvaksinert.

Viltforvaltning

Kva gjer eg om eg kjem over sjukt eller skadd vilt?
Observerer du skadd elller sjukt vilt skal du melde frå til politiet på tlf. 02800. Dei vil då kontakte aktuelle innstansar.
Kven tek hand om sjukt eller skadd vilt?
Kommunen har ansvar for sjukt og skadd vilt. Øygarden kommune har avtale med Ettersøksringen for Fjell, Sund og Øygarden om ettersøk av skadd/ sjuk hjort. Ettersøksringen har vakttelefon 928 54645. Det er berre dette nr. som skal nyttast for kontakt i samband med ettersøk.
Kva gjer eg om eg kjem over daudt vilt (hjort)?
Viltforvaltninga i kommunen registrerer og rapporterer alt daudt og skadd vilt vi får melding om. Det er difor viktig at du melder frå om slike observasjonar. Du tek då kontakt med viltforvaltaren på tlf 936 99 350.
Korleis varslar eg om eg køyrer på ein hjort?
Ring politiet på tlf. 02800! Dei vil ta kontakt med ettersøksringen eller viltforvaltninga i kommunen. Du kan og sjølv kontakte ettersøksringen på vakttlf 948 54645, men politiet skal alltid varslast! Lykkast du ikkje i å få kontakt med politi eller ettersøksring, ringjer du viltforvaltaren i komunen på tlf 936 99 350.
Kva opplysningar er viktige om dyret lever?
Ligg det på staden eller har det sprunge av garde? Kva for retning sprang det i? Gje ein nøyaktig skildring av ulykkes-staden og eventuelt siste stad du observerte dyret, merk området med td ein plastpose el i vegkanten. Følg ikkje etter skadd vilt. Oppgje namn og tlf.nr. slik at du kan kontaktast.
Kva gjer eg om dyret er daudt?
Du skal uansett varsle politiet. Du må vere sikker på at dyret er daudt. Daudt vilt som ligg på veg eller vegkant er vegmyndigheita sitt ansvar. Politiet vil då ta kontakt med vegmeldingssentralen for vidare handtering.

Økonomisk sosialhjelp

Eg ønskjer mest av alt å komme i arbeid/aktivitet, og klare meg sjølv. Korleis kan eg få hjelp til dette?
I Nav har vi mulighet til å tilby deg som ønskjer å komme i arbeid, men treng noko tilrettelegging eller tilpasning, eit kvalifiseringsprogram. For at du skal få eit slikt program må vi ha ein kartleggingssamtale med deg der vi saman med deg vil lage ein individuell oppfølgingsplan. I Kvalifiseringsprogrammet vil du kunne mottta ei fast løn i stadan for sosialhjelp. Sjå www.nav.no/kvalifiseringsprogrammet eller ta kontakt med NAV Øygarden for meir informasjon.
Kor lang sakshandsamingstid er det på søknad om sosialhjelp?
Sakshandsamingstida kan variere frå nokre dagar til intil 3 veker. For at vi skal kunne handsame søknaden din så raskt som mogeleg er det viktig at søknaden er fullstendig utfylt og dokumentert. I nokon tilfelle treng vi å ha ei samtale med deg for å kunne handsame søknaden din.
Kva betyr det at søknaden må vere fullstendig utfylt?
Alle spørsmål og punkt i søknadskjemaet skal vere utfylt for kvar søknad. Sjølv om du t.d. nyleg har fylt ut søknad, og forventar at Nav kjenner til situasjonen din. T.d. skal og inntektsopplysningane vere utfylte sjølv om du har kr 0,- i inntekt. Søknadshandsaminga vil alltid gå raskare dersom søknaden er fullstendig.
Kva ligg i at søknaden må vere tilstrekkeleg dokumentert?
Alle inntekter og utgifter skal dokumenterast så godt som råd. Det kan vere fleire måtar å dokumentere dette på, men det enklaste er ofte kontoutskrift og siste likningsopplysningar/sjølvmelding. Buutgifter dokumenterast t.d. med husleigekontrakt, og/eller nedbetalingsplan for bustadlån. Straumutgifter dokumenterast med siste avrekning. Dersom du t.d. søkjer om å få dekka medisin og behandlingsopplegg kan det i nokon tilfelle hende at det må ligge ved ei legeuttale for å kunne handsame søknaden.
Kva utgifter skal stønad til livsopphald dekke?
Innafor begrepet livsopphald blir buutgifter som husleige og straum rekna for seg sjølv. Stønad til livsopphald skal dekke mat, klede, telefon, TV-lisens, avis, utgifter til frisør og fritidsaktivitetar. Utgifter til samvær, barnepass, og større utgifter til medisin, lege og tannbehandling er kjem evt. i tillegg.
Kor høge buutgifter vert godkjent?
Nav arbeider ut frå ei målsetting om at kvar enkelt skal bli økonomisk sjølvhjulpne. Sosialhjelp kan difor ikkje nyttast til å finansiere ein bustandard som ikkje det er realistisk at du på sikt kan ha råd til å betale sjølv. Det vert nytta følgjande satsar som rettesnor for vurdering av buutgifter: Einslege under 25 år: Intil kr 3500,- Einslege over 25 år: Intil 4500,-, Mindre familiar: Intil 5000,-. Større familiar: Intil 6000,-. Utgifter til oppvarming kjem i tillegg.
Har sambuarar forsørgelsesplikt?
Som hovudregel har sambuarar forsørgelsesplikt ovanfor kvarandre på lik linje med ektefeller. Dette inneber at begge partar må oppgje inntekter og utgifter og skrive under på søknaden.
Kan eg få sosialhjelp til å dekke utdanning?
Sosialhjelp skal som hovudregel ikkje finansiere utdanning. Studentar som har brukt opp rettane til å få økonomisk yting i lånekassen må normalt prøve å skaffe seg arbeid. I særskilte tilfelle kan det likevel vere aktuelt å vurdere å yte hjelp i ein avgrensa periode.
Kan eg få sosialhjelp til å dekke gjeld, evt med eit sosiallån?
Sosialhjelp skal ikkje nyttast til å dekke gjeld. Nav Øygarden har eigen gjeldsrådgjevar som kan hjelpe deg med å få oversikt over gjeld, og bistå deg i å kontakte kreditorar for å gjere betalingsavtalar eller sette krav i bero dersom du ikkje har høve til betale noko
Kan eg få sosialhjelp som lån?
Ja. Dersom du fyller vilkåra for å få økonomisk sosialhjelp, og det er truleg at du kan betale tilbake, kan sosialhjelp bli ytt som lån. Vilkåra for å få innvilga lån er dei same som for å få innvilga sosialhjelp som stønad. Sosiallåna er rentefrie.
Vert det stilt krav om aktivitet eller arbeid for sosialhjelp?
Sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting til du kan komme i arbeid eller ei anna varig inntektssikring. I Nav Øygarden vil du kunne få ein kontaktperson som vil kunne samarbeide aktivt med deg om aktuelle tiltak som kan føre fram til dette så raskt som mogeleg. Sosialtenestelova gjev høve til å stille vilkår om deltaking i tiltak som har som formål å auke dine muligheter for å bli sjølvhjulpen.

Biblioteket - Utlånsreglar

Kven kan låne bøker på biblioteket?
Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket.
Kva reglar gjeld for lånekort?
Lånar skal ha lånekort som må takast med ved lån. Barn under 15 år må ha underskrift av føresette for å få lånekort. Adresse-endring må meldast til biblioteket.
Kor lenge kan eg låne ei bok, film eller video?
Vanleg utlånstid er 4 veker. Utlånstid for video/film er 1 veke.
Kva skjer om det eg vil låne er utlånt til andre, eller kva om biblioteket ikkje har det eg ber om å få låne?
Lånar blir sett på venteliste dersom han/ho vil låne noko som alt er utlånt. Bøker som ikkje finst i biblioteket si samling, kan ein i dei fleste høve låne frå andre bibliotek.
Kva skjer etter at lånetida mi har gått ut, og kva ansvar har eg som lånar?
Utlånt materiale vert purra etter forfall. Lånar må betale for purring etter gjeldande satsar. Lånar er ansvarleg for alt som er lånt på vedkomande sitt lånekort. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter gjeldande satsar.
Kva skjer om eg ikkje held lånereglane?
Ved brot på lånereglane kan biblioteket ta frå lånaren retten til å låne for ei tid.

Årsgebyr for vatn og kloakk

Når får eg faktura på dei kommunale gebyra?
Dei årlege gebyra vert fakturert kvartalsvis og har forfall 15.03, 15.05, 15.09 og 15.11.
Kva er prisane på vatn og kloakk?
Sjå gjeldane gebyr og brukarbetalingar.