UtstillararDu inviteres med dette til å delta med som utstillar på #Energimessa2026! Tema er berekraftig utvikling, i tråd med overordna del av læreplanverket.Torsdag 19. mars 2026, Sartor StorsenterÅpning kl. 11.00, prisutdeling kl. 18.00Praktisk infoUtstillarar må være klare til åpning torsdag 19. mars kl. 11.00, gjerne bruk formiddagen til å gjera ting klart. Bord og standeiningar blir klargjorte onsdag 18. mars med høve til synfaring av messeområdet på ettermiddagen. Kvelden kan brukast til å gjera ting klart.Kvar utstillar får låne bord, senterets internett og tilgang til straumuttak, men ha med eigne skøyteleidningar og dukar. Ha heller for lange og for mange skøyteleidningar enn for korte og få, då tilgangen til straumuttak kan variere mellom dei tildelte plasseringane.Ein kan vise fram eventuelle matprodukt, men ikkje lage eller servere noko. Å henge opp plakatar eller liknande bak borda er generelt greit. I nokre tilfelle ønskjer butikkane å ha utstillingane sine synlege, så ta ei avsjekking ved behov.Det er mogleg å besøkje nærvarmeanlegget under senteret.Utstillar må sørgje for transport og eige utstyr.Utstyr kan oppbevarast på Sartor Storsenter under arrangementet, men på eige ansvar. Senteret vil sørgje for å være ekstra på vakt under arrangementet.Hugs å få samtykkja til bilete og film. Frå Energimessa 2025 Sist endra 21.05.2025 15.23