Om oss

Øygarden bustadutvikling KF er eit kommunalt føretak i Øygarden kommune. Vi trur at ein god bustad er eit godt utgangspunkt for å få orden på livet.

Føremålet er å ivareta og vedlikehalde bustadmassen, samt synleggjere utgifter til drift av utleigebustadene.

Styret sin visjon

Alle skal bu trygt i eigen heim - Det skal ikkje synast at ein bur i kommunal bustad.

Leilighetsbygg ved Straume Sjøfront - Klikk for stort bilete

Kven bur hos oss?

Alle som har krav på hjelp frå det offentlege til å skaffe seg bustad som ikkje kan gjera dette sjølv.

  • I vanlege omsorgsbustader med tenester frå kommunen
  • I omsorgsbustader for psykisk utviklingshemma
  • I omsorgsbustader for psykiatri
  • Flyktningar med spesielle behov
  • Andre som ikkje er i stand til å skaffe eigen bustad
  • Ungdommar som ikkje kan/får bu heime
  • Akutte behov  som samlivsbrot eller andre situasjonar der ein mistar bustaden sin

KF - eit samspel med eigaren til beste for bebuaren.