TRYGG I FELLESSKAP

Blir du mobba? 

Klikk for stort bileteAlle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.

Du kan ta kontakt med læreren din, helsesøster, dine føresette, vener, trenar eller andre du kjenner. På nettsida nullmobbing.no kan du lesa meir om korleis du kan seia ifrå eller kven du kan snakka med. 

TRYGG I FELLESSKAP-MODELLEN (under arbeid)

Kva er mobbing?

Mobbing er handlingar frå vaksne eller barn/ungdom som krenkjer opplevinga til ein person av å høyra til og vera betydningsfull for fellesskapet.

Mobbing kan vera mange ulike ting. Nettsida Nullmobbing.no gjer gode eksempel på kva mobbing kan vera.

TRYGG I FELLESSKAP

Kunna - vilja - våga - stoppa mobbinga

Vi har ei rekkje program som legg til rette for å sikra barn og unge eit godt psykososialt miljø.

Målsetjinga til TRYGG I FELLESSKAP er å førebyggja og å redusera omfanget av mobbing generelt i Øygarden kommune – og å sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.

Følg TRYGG I FELLESSKAP på Facebook