Invitasjon til førskuledag

Torsdag 11. juni er de inviterte til førskuledag på Brattholmen skule. Dette er ein dag borna dykkar får møta lærarane sine og skulen. Grunna koronasituasjonen vert gruppa delt i to, og kvart born kan berre ha med ein føresett på denne dagen grunna smittevern. Alle møter ute på plassen nede ved flaggstonga (fotballbanen).

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Colourbox

Frammøte

  • Tid for klasse 1A: klokka 09.00 - 10.00.
  • Tid for klasse 1B: klokka 11.00 - 12.00.

På trinnet blir det 50 elevar. Det er 12 elevar som har valt nynorsk og 38 elevar som har valt bokmål.

Elevane går til klasserommet saman med lærar. Som føresett vert du med inn og ser barnet ditt vel på plass før du går ut av klasserommet og tilbake til gymsalen der det vil bli halden orienteringsmøte for føresette.

Her vil rektor, helsesøster og SFO-leiar orientera kort om skulestarten. Du vil og få med skulerute (plan over feriar og fridagar), informasjon om skulestart og SFO.

Dersom du treng meir informasjon frå oss: Ta kontakt!

Følg og med oss på heimesida vår!

Vel møtt!