Vurdering

Om foreldresamarbeid og vurdering.

Kva seier Opplæringslova om emnet?

§ 20-1.Formålet med foreldresamarbeid

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. opplæringslova § 1-1 og § 13-3d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

§ 20-3.Foreldresamarbeid i grunnskolen

Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.
Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven.

Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

Kva seier FUG om emnet?

Minst to ganger i året skal kontaktlærerer ha en planlagt og strukturert samtale med foreldrene. En slik samtale kalles for konferansetime eller utviklingssamtale. Barnet kan også være med på samtalen. Når barnet har fylt 12 år, har det rett til å være med.

Dialog om barnets utvikling

I utviklingssamtalen skal det være dialog om faglig og personlig vurdering av eleven. Samtalen skal bidra til videre utvikling. Den skal munne ut i en oppsummering der elev, lærer og foreldre blir enige om hva det særlig skal legges vekt på i det videre arbeidet.


Slik gjer me det på Blomvåg skule?

Blomvåg skule har dei siste åra prøvd ut ulike modellar for informasjon om eleven si faglege og sosiale utvikling til heimen. Me har bestemt oss for to skriftlege rapportar i løpet av eit skuleår, og desse kjem i samband med utviklingssamtalane. Samtalane skjer i novmeber og i mai.
 
Det vert gjennomført ein elevsamtale på skulen, mellom kontaktlærar og elev,  i forkant av utviklingssamtalane, denne skal dokumenterast skriftleg.