Ordensreglement

Me vil alle gjera vårt til at skulen vert ein triveleg stad å vera. Difor er det viktig å ha reglar å følgja. Reglane tek sikte på å fremja samarbeid og trivsel for alle i skulesamfunnet. Dei skal også hjelpa elevane til å ta ansvar for seg sjølve, andre og verdiane elles på skulen.

Ordenssreglar For Blomvåg Skule

Sjå også Lov om Grunnskulen § 16 og forskrifter § 2-2 og 2-3.

Skulevegen og skuleplassen

  1. Følg trafikkreglane for gåande og syklande.
    «Kunnskapsdepartementet har 20. august 2015 fastsatt endringer i forskrift til opplæringsloven § 12-1. Endringen består i at det nå er foreldrene som avgjør om elevene får sykle på skoleveien eller ikke.
  2. Bruk hjelm når du syklar.
  3. Alle skal kunna ferdast trygt på skuleplassen. Difor må du lata sykkelen eller sparkesykkel stå i ro ved sykkelstativet.
  4. Rullebrett / skateboard og rulleskøyter er tillate på avtalt stad viss du brukar hjelm.
  5. Stein – og snøballkasting kan vera svært farleg. Difor kan me ikkje tillate det – anna enn kasta snøball på oppsette blinkar.
  6. I friminutta skal du vera ute for å få frisk luft. Det kan likevel gjerast avtalar mellom elevråd og rektor om å vera inne; t.d. i midttimen.
  7. Toaletta må berre brukast til det dei er tenkt til, dei er altså ikkje opphaldsstad i friminutta.
  8. I skuletida held me oss innafor skulen sitt leikeområde.
  9. Alle må følgja Olweus reglane.
  10. Det vert trivelegast når det er reint og ryddig på skuleplassen. Difor må papir, tomme mjølkekartongar og anna boss kastast i bosskorga. Det er ikkje tillate med mjølk og juice ut.

Andre reglar for åtferd

  1. Når det ringjer, skal elevane stilla opp utanfor på avtalt plass. Når lærar kjem og hentar elevane går dei roleg inn og heng yttertøyet frå seg på gangen.
  2. Far fint med skulen sin eigedom både ute og inne.
  3. På skulen har du ansvar for dei tinga du har fått utlevert.
    Alle elevane har ansvar for sine ting, og det er viktig at alle tek vare på sitt, og at me let andre sine skulesaker vera i fred.
  4. På skulen har du ikkje lov til å bruka eller ha med deg fyrstikker, lighter, eller rusmidlar
  5. Skulen tillet heller ikkje at du har med deg tyggis eller snop.
  6. Me må alle visa omsyn til kvarandre og heller ikkje bruka banning eller grovt snakk.
  7. Ingen i skulesamfunnet skal tiltalast på ein måte som kan verka krenkjande.
    Å verta utsett for mobbing kan vera mykje anna enn slag og spark; til tider kan ord eller mangel på ord vera vel så vondt. Dermed pliktar du å møta alle med god framferd og ikkje tola at andre vert plaga eller lir urett jmf Olweus reglane.
  8. Alle gjer sitt beste for å skape gode arbeidstilhøve for tilsette og medelevar i klassen.
  9. Elevane må følgja dei reglane som gjeld for arbeidsro i timane.
  10. Viss elevar har mobiltelefon med seg på skulen, skal denne liggja på lydlaus i sekken til skulen er slutt. Viss elevar har mobiltelefon med seg på skulen skal dette avtalast mellom føresett og lærer/rektor.

Brot på reglar fører til

  1. Tilsnakk frå ein vaksen.
  2. At du må sitja inne i friminuttane og får anmerking og eventuell attsitjing.
  3. Melding heim
  4. Foreldre og elev blir kalla inn til møte med kontaktlærar og eventuelt rektor.
  5. Bortvising; jfr. forskrifter om grunnskulen.
  6. Saka vert lagd fram for kommunalsjef, som saman med skulen tek avgjerd.
  7. Vert mobilen brukt utanom særskilt avtale, vert mobilen teke frå eleven og eleven får den igjen når dagen er slutt. Ved gjenteke brot vert må føresette henta denne på skulen. Vert mobilen øydelagt på skulen/skulevegen er dette føresette sitt ansvar. Skulen erstattar ikkje mobilen.
  8. Ved brot på reglar skal elevane ha høve til å gjera greie for sitt syn før tiltak vert sett i verk. Viss materiell som tilhøryrer skulen vert øydelagd skal/kan elevane måtta, etter avtale mellom skulen og føresette, «ta del i reparasjon av øydelagt» materiell og / eller erstatte materiell. Herverk kan føra til erstatningskrav.

Vedteke i Samarbeidsutvalet ved Blomvåg skule: 12.04.2016.