Om oss

Blomvåg skule er ein fulldelt barneskule med, for tida, 94 elevar fordelt på 7 klassar på 1. - 7.klasse. Skulen ligg på Blomøy, like ved avkøyringa som fører ned mot Blomvåg kyrkje. Skulefritidsordninga har ca. 28 born.

Skulen ligg på Høgeseto på Blomøy, og elvane kjem frå Blomøy, Oen, Breivik og Herdlevær. Den aller første skulen vart bygd i Blomvåg i 1865. No består skulen av «gamle bygget» frå 1965, «nybygget» frå 2002 og SFO-base. Det er gang- og sykkelveg fram til skulen for elevane som bur i Blomvåg. Elevane frå Oen, Breivik og Herdlevær kjem med skulebuss.

Klikk for stort bilete

Visjon

Blomvåg skule - læring og trivsel hand i hand

Dagsplan - Start og slutt på dagen

Under finn du kortversjonen med skulestart og skuleslutt.

Timetal

  • 1.-2. klasse er 18,50 t/v
  • 3. -4. klasse er 19,00 t/v
  • 5. -7. klasse er 21 t/v
Dagsplan - Start og slutt på dagen
Dag Skulestart 1. - 7. klasse Skuleslutt 1. - 2. klasse Skuleslutt 3. - 4. klasse Skuleslutt 5. - 7. klasse
Måndag kl. 08.20 kl. 13.40 kl. 13.40 kl. 13.40
Tysdag kl. 08.20 kl. 13.40 kl. 13.40 kl. 13.40
Onsdag kl. 08.20 kl. 13.40 kl. 13.40 kl. 13.40
Torsdag kl. 08.20 kl. 13.40 kl. 13.40 kl. 14.15
Fredag kl. 08.20 kl. 12.10 kl. 12.10 kl. 13.40

Skulerute

Her finn du oversikt over planleggingsdagar og ferier i skulen. Søk om skulefri.