Informasjon om Ferie-SFO

I høve vedtektene for SFO, skal ferie SFO ha ope heile sommaren. Sjå vedtekter på heimesida til Øygarden kommune. Det har vore oppe ei sak til politisk behandling om vedtektene skal endrast, slik at ferie SFO heldt stengt i juli. Saka skal opp til ny politisk behandling i høve dette 29. april.

Klikk for stort bileteIll. Colourbox

Foreldre som ønskjer å nytte ferie-SFO må søkje innan fristen, som er 15. april, og ta høgde for at ferie SFO kan bli stengt i juli. 

NB. Vi gjer merksam på at barna skal ha 4. veker ferie, minimum 3 veker samanhengande i tida 15. juni til 15. august. Den 4.veke kan avviklast samanhengande i sommar, haust eller vinterferie.