Informasjon om desember

Her finn du informasjon om digital gudstjeneste, julegraut, siste skuledag før ferie og første skuledag etter juleferien.

Klikk for stort bilete

Digital gudstjeneste

Alle skulane i kommunen har vorte inviterte til digital julegudsteneste. Det er veldig kjekt at 4.klasse på Blomvåg skule vart inviterte til å spela inn delar av denne gudstenesta i Blomvåg kyrkje.

På noverande tidspunkt veit me ikkje kva dato denne digitale gudstenesta skal verta vist.

Om det er elevar som ikkje skal vera med på den digitale julegudstenesta, må føresette gje melding til kontaktlærar om dette. Dei som eventuelt ikkje skal vera med på dette,  får tilbod om eit anna undervisningsopplegg.

Julegraut

Måndag den 14.desember får alle elevar og tilsette servert julegraut på skulen klokka 10.30. Dette er det Fau som spanderar på oss. TUSEN TAKK.

Siste skuledag

Tysdag 22. desember er siste skuledag før juleferien.  Det vert vanleg lengde på dagen, så alle sluttar 13.40.  Me sender heim alt som er i garderobane for vask og gjennomgang.

Første skuledag etter nyttår er tysdag 5.januar.

 

Helsing personalet på Blomvåg skule