SFO følgjer skuleruta. Det er tilbod om ferie-SFO i haust- og vinterferie, og i sommarferie – inntil 2 veker i juni etter at skulen tek ferie, og inntil 2 veker i august før skulestart på nokre skular (gjeld for dei barna som har plass i SFO og ikkje nye 1. klassingar). SFO er stengd i juli.

Helse Norge har lagt ut informasjon om smittevernråd om skule- og barnehageavslutningar.

I år tar sommarlesforteljinga deg med til regnskogen.

Frå 1. juni kan du melda deg på Sommarles, og bli med på den kulaste lesekampanjen denne sommaren. Mange har nok vore med på Sommarles før, og veit korleis det går føre seg, men for andre er det kanskje første gongen?

Elevane på Blomvåg skule og Tjeldstø skule bidreg med flotte elevarbeid i samband med grunnsteinnedlegginga i Energiparken

Det var fest på Blomvåg skule og Tjeldstø skule på tysdag. Dagen før grunnsteinen skal leggjast ned for administrasjonsbygget til Northern Lights i Energiparken, var det duka for markering på dei to naboskulane til mottaksanlegget for karbonfangst. Som avslutning på markeringa spanderte Northern Lights hot dog, brus og is på elevane.

  

Leiar i elevrådet på Ulveset skule, Oline Kaalaas, tek imot ballen frå ordførar Tom Georg Indrevik. Nedanfor ser du bilete frå dei andre skulane.

I løpet av ei god vekes tid leverte ordførar Tom Georg Indrevik ut berekraftsball til alle skulane i kommunen. 

  

I høve vedtektene for SFO, skal ferie SFO ha ope heile sommaren. Sjå vedtekter på heimesida til Øygarden kommune. Det har vore oppe ei sak til politisk behandling om vedtektene skal endrast, slik at ferie SFO heldt stengt i juli. Saka skal opp til ny politisk behandling i høve dette 29. april.

Me her på Blomvåg skule vil takka alle dykk der heime for samarbeidet denne "rare" hausten. Me ønskjer alle ei god og fredeleg julehøgtid og eit godt nyttår med den songen som me alltid syng til sist på juleavslutningsfesten på skulen. God jul!

Her finn du informasjon om digital gudstjeneste, julegraut, siste skuledag før ferie og første skuledag etter juleferien.

Me på Blomvåg skule ønskjer alle dykk der heime ein god haustferie

https://youtu.be/Iju_P4FkFkY