Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Kva kan du få hjelp til?

Mobbeombodet rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Mobbeombodet er først og fremst tilgjengeleg for barn, unge og føresette, men styrarar, rektorar, tilsette i barnehage, skule og SFO, helseteneste og andre som arbeider med barn og unge er òg velkomne til å drøfte saker (anonymt) med mobbeombodet.

Korleis få hjelp?

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook eller Snapchat (mobbeombod).

På nettsida til Vestland fylkeskommune kan du lesa meir om ombodet og korleis du kan få hjelp

Mobbeombod i Vestland

Når det gjeld arbeid som er knytt til einskildsaker, skil ikkje ombodet på geografi, alle kan ta kontakt med oss.

Ved førebyggande arbeid, kommunalt systemarbeid og barnehage- og skulebesøk, har vi fordelt ansvaret geografisk, slik:

Geografisk inndeling av kommunar

Klikk for stort bileteAina Drage og Mari-Kristine Morberg.