Tverrsamband og snarveg med Sambandet Vest AS

Kart med inntegna tverrsamband - Klikk for stort bilete

Formålet med Sambandet Vest er
- å realisere infrastruktur knytt til tverrsamband mellom kommunane Øygarden, Askøy, Meland og Radøy
- å binde saman olje- og gassdestinasjonane Kolsnes, Sture og Mongstad
- å sikre tilfredsstillande transportkapasitet nord/sør på Askøy gjennom tverrsambandet til nytt Sotrasamband
- å ha særleg fokus på å utvikle eit tverrsamband som ivaretek eit heilheitleg miljøperspektiv.

Oversiktsbilde over tverrsamband Nordhordaland/Øygarden - Klikk for stort bilete kart med inntegna "snarveg" - Klikk for stort bilete

Sambandet Vest AS vart stifta 19. august 2010.

Aksjonærar i Sambandet vest er kommunane Bergen, Fjell, Sund, Øygarden, Askøy, Meland, Lindås, Radøy og Austrheim.
I tillegg er Framo Enginering AS, Frank Mohn AS og BKK AS aksjonærar.

Styrets leiar er ordførar i Meland, Nils Marton Ådland.

Dagleg leiar er næringssjef i Askøy kommune, Bård Sandal.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.03.2016
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)