Publisert 23.01.2013

Frå søndag 27.januar og i fire dagar framover har Blomvåg skule vitjing av 24 lærarar og 10 elevar frå mange stader i Europa.

Lærarane er her som ledd i eit europeisk skulesamarbeidsprosjekt under EU. Programmet som styrer dette heiter Comenius som og er namnet på ein tsjekkisk filosof og pedagog.

Publisert 12.12.2012

LOKALHISTORIE, KUNNSKAPSFORMIDLING OG VAKRE BILETER FRÅ ØYGARDEN.

Årets julegåver finn du i Servicetorget i rådhuset og på Øygarden bibliotek på Rong

Ny, vakker bok er nett gjeve ut på Sambåndet forlag med:Egil A. Sæle
”Stein og knausar”
Naturstein og bruksstein i Øygarden. Kr. 345,-


les meir om boka i vedlagt pressemeldig og informasjon

Publisert 07.12.2012

Vi må gjennomføra vedlikehaldsarbeid på leidningsnettet til Bakken vassverk. Det er området ut mot Hjelme og Nordre Sæle som kan verta ramma.

Arbeidet vert utført mellom kl. 09.00 og 16.00 tysdag 11.12.12.

Vatnet kan verta vekke i denne perioden.

Publisert 08.11.2012

Norges Vels Sølvmedalje vert tildelt personar som har gjort ein spesiell innsats i eige lokalsamfunn, organisasjon eller bedrift. Gjennom denne prisen ønskjer ein å premiere og oppmuntre grundarar for deira innsats.

Alle kan sende inn forslag på kandidatar frå heile landet og fristen for 2013 er
15. november 2012.

PLAKAT



Publisert 30.10.2012

Hordaland krins av Norges Speiderforbund veks og kan hjelpe med oppstart.

Fann du det du leita etter?