Publisert 02.08.2019
Manntal.png

Står du i manntalet? For å kunne røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du vera innført i manntalet. Dette kan du kontrollera når manntalslistene no er lagt ut for ettersyn fram til valdagen som er den 9. september.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteken hos folkeregisteret innan 30. juni 2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagde ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga må vera skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil retta feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

Publisert 02.08.2019
Tid og stad for førehandsstemming.png

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er i år fastsett til måndag 9. september.

Dersom du ikkje kan møta fram i vallokalet på valdagen, kan du røysta på førehand f.o.m. 12. august t.o.m. 6. september. Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøystar i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret, hugs å røysta så tidleg at røysta når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan tysdag 10. september. Hugs å ta med deg legitimasjon og valkort, dersom du har fått valkort tilsendt.

Publisert 08.07.2019
Kulturminneplan.png

Kommunedelplan - Kulturminneplan for Øygarden kommune 2019-2023

Med heimel i § 5-2 i Plan- og bygningslova vert planframlegget lagt ut til høyring.

Publisert 01.07.2019
Workshop-i-Skogsvåg-1024x576.jpg

Dette er ei av problemstillingane tilsette i Sund, Fjell og Øygarden har jobba med dei siste vekene. Rundt 30 tilsette i dei tre kommunane har delteke i seks eksperiment som har testa ut ulike måtar å samhandla på i møte med brukarane. Eksperimenta er ein del av StimuLab-prosjektet.

Publisert 26.06.2019
Bobilparkering.png

På grunn av anleggsarbeid har bobilplassen på Rong innskrenka opningstid i sommar og delar av hausten

Fann du det du leita etter?