Produksjonstilskot i jordbruket

Formålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Produksjonstilskotet omfattar ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, husdyrhald og grønt- og potetproduksjon etter satsar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. 

Målgruppe
Landbruksføretak som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Kriterium
Produksjonstilskot kan gjevast til føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og er registrert som meirverdiavgiftspliktig, eller har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadane før registreringsdato.

Meir informasjon, rettleiing og forskrifter finn ein på Statens landbruksforvaltning sine nettsider:  slf.dep.no

Landbruk og miljø Her finn du kontaktinformasjon for landbruk og miljø.
Landbruk og miljø
NamnTittelE-postTelefon
Inger-Lise Oen Hellesund SæleSakshandsamarE-post56 38 53 49
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.02.2012
Fann du det du leita etter?