Kartteneste

Øygarden kommune er part i det landsomfattande samarbeidet - Noreg Digitalt . Gjennom dette samarbeidet har kommunen tilgong til hovudsakleg all kartdata. Kommunen  er samtidig  part i Geovekst, som er eit forpliktande samarbeid mellom kommune, Statens kartverk, vegkontor, e-verk. tele og landbruk for å forbetra grunnkart. Det er eit forpliktande samarbeid om etablering, forbetring  og ajourhald av kart og geodata (baser).

Kommunen har ansvar for forvaltning av kartdata saman med Geovekst og Noreg Digitalt.

Øygarden kommune er  aktiv med å gjennomføre ein eigen plan for ajourføring av kartdata for kommunen  som rullerast årleg innan Geovekst . Utgangspunktet er Geodataplan for Hordaland som Statens kartverk er ansvarleg å utgje og rullerast kvart år. jfr www.statkart.no/Bergen. Denne er meint å sikre best mogleg oppdaterte kart til kvar tid.

Nytt høgdegrunnlag av kartdata NN2000 (PDF, 300 kB).

geoNorge.no er det nasjonale nettstadet for kartdata og annen geografisk stadfestet informasjon i Norge. Her kan du søke etter, få informasjon om og tilgang til det som er tilgjengelig av slik informasjon.

Målgruppe
Alle, innbyggarar.

Kriterium/vilkår
Kart og geodata er  tilgjengeleg - kartteneste for alle heile døgnet.
Forbetring av karta skjer gjennom kontinuerleg etablering, ajourhald, drift av kartdatabasane kommunen har ansvar for å  oppdatere (bygg, eigedom og tiltak).

Dei mest detaljerte kartdata slik som FKB-data (Felles kartdatabase) i opp til målestokk 1 : 1 000 produserast i kommunane. Dette kan typisk vera grunnkart (basiskart), situasjonskart, eigedomskart, ortofoto/skråfoto m. v. Kommunen og Geovekst partane samarbeider om etablering og ajourhald.

Søknadsprosessen - Rettleiing - Korleis få utført eller motta tenesta

Kart og geodata Her finn du kontaktinformasjon til avdelinga.
Kart og geodata
NamnStillingE-postTelefon
Marie Titland Danielsenoppmåling/geodataE-post56 38 53 48
Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 24.06.2015
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)