Landbruksveg (jord og skogbruksveg)

Bygging av landbruksvegar er regulert gjennom Forskrift om bygging av landbruksveier.  

Føremålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Det skal leggast vekt på miljøverdiar knytt til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, samt andre interesser som blir råka av vegbygginga.

Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar

Bygging av nye vegar og ombygging av eksisterande, kan ikkje settast i verk utan løyve frå kommunen. Eventuelt tilskot blir tilrådd av kommunen og eventuelt innvilga av fylkesmannen. 

Statens landbruksforvaltning (SLF) sine sider finn de nyttig innformasjon og ein rekke søknadsskjema. For søknad om bygging av landbruksveg skal skjema SLF-902 nyttast og for tilskot, skjema SLF-903.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 19.02.2012
Fann du det du leita etter?