Miljøplan i landbruket

Hovudtrekk i forskrift om miljøplan i landbruket:

Miljøplan skal medverke til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrift kan haldast ved like eller aukast.

Miljøplanen omfattar to steg:

Steg 1: For å søke produksjonstilskot i jordbruket og Regionalt miljøprogram (RMP) skal landbruksføretaket, ha miljøplan steg 1. Dersom føretaket manglar slik plan, fører det til trekk i utbetalt produksjonstilskot og søknad om RMP blir avslått.

Steg 2: For å søkje tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og enkelte ordningar under RMP, krev det at landbruksføretaket har miljøplan steg 2.

Skjema Statens landbruksforvaltning

Landbruk og miljø Her finn du kontaktinformasjon for landbruk og miljø.
Landbruk og miljø
NamnTittelE-postTelefon
Inger-Lise Oen Hellesund SæleSakshandsamarE-post56 38 53 49
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.03.2016
Fann du det du leita etter?

Råmund Skjold

Kommunalsjef tekniske tenester
E-post :  
 

 

Artikkel (1)