Tilskotsportalen

Enklare å finne fram i tilskotsjungelen
Øygarden kommune tilbyr lag og organisasjonar ei løysing som kallast tilskotsportalen - portalen gjer det enklare for lag og organisasjonar å finne tilskotsordningar.

Tilskuddsportalen,  - Klikk for stort bilete

Tilskotsportalen er ei nettbasert teneste som kommunen tilbyr sine frivillige organiasjonar. Portalen inneheld informasjon om økonomiske stønads- og tilskotsordningar som lag og organisasjonar kan søkje på.

Lenke til Tilskotsportalen for lag og organisasjonar i Øygarden kommune.

Det er ein førsetnad at for å nytte portalen må lag/foreiningar vere registert i Brønnøysundsregisteret eller Frivillighetsregisteret.

Tilskot samla på ein stad
I portalen ligg det meste av nasjonale og regionale tilskotsordningar med fristar, retningsliner og søknadsskjema.

Det er nærare 1200 ulike ordningar norske verksemder kan søkje på.

Kven kan nytte portalen?
Kriteriane for å nytte portalen er at laget eller organisasjonen har adresse i Førde kommune og har eit organisasjonsnummer

Slik får du tilgang til Tilskotsportalen
•Gå til lenka tilskotsportalen for lag og organisasjonar
•Fyll inn e-post, fornamn, etternamn og gyldig organisasjonsnummer til eit lag eller ein organisasjon i kommunen
•Klikk send
•Du får opp ei side der du stadfestar at informasjonen du har sendt er korrekt
•På den oppgjevne e-postkontoen mottek du ei lenke som gir automatisk tilgang til tilskuddsportalen for lag og organisasjonar

NB! Lenka er gyldig i berre to dagar, men du kan registrere deg på nytt så mange gonger du ønskjer.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 11.11.2015
Fann du det du leita etter?
Servicetorget