Eigarseksjonering

Eigarseksjonering er ein måte å dele opp eigarinteressene i ein eigedom på når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokkar og horisontaldelte to- og firemannsbustader.
Ein eigarseksjon er ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og pantsetjast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane

Målgruppe
Hus- og bygningseigarar

Vilkår
For å få etablert ein seksjon må brukseininga (-ane) vere godkjend(e) etter reglane i plan- og bygningslova for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførde før seksjoneringa kan skje.

  • Det må knyttast einerett til bruk av brukseininga 
  • Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedomen 
  • Inndelinga må gi ei formålstenleg avgrensing av kvar brukseining

Dersom ein skal seksjonera uteareal * må ein teikne dette på eit situasjonskart 1:1000, der det går klårt fram kva som tilhøyrar seksjonane og fellesareal. Ein må påføra utmål frå t.d bygg til grense osv.

Eigarseksjonering - Rettleiing - Korleis få utført eller motta tenesta


Viktige lenker :
Matrikkelova
Eigarseksjonslova
   
Lov om eigedomsregistrering        

Kart og geodata Her finn du kontaktinformasjon til avdelinga.
Kart og geodata
NamnStillingE-postTelefon
Marie Titland Danielsenoppmåling/geodataE-post56 38 53 48
Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 25.01.2016
Fann du det du leita etter?