Skorstein og eldstad

Skal du skifte ovn eller anna eldstad i huset ditt må du ha ein godkjend kontrollør til å utføre arbeidet. Du treng ikkje søke kommunen på førehand, men levere inn ei innrapportering med underskrift frå montør/kontrollør i etterkant.

Snarveg: Øygarden brannvesen - Feiing og tilsyn

Det er viktig at skifte av eldstad vert innrapportert for seinare branntilsyn. 

Skal du ha ny pipe i huset ditt er dette eit søknadspliktig tiltak, sjå bygging.

Installasjon av eldstad i eksisterande bustad er ifølgje Plan- og bygningsloven unntatt frå søknad og meldeplikta dersom installasjonen kontrollerast av kvalifisert kontrollør, jf forskrift 
Det er viktig å merke seg at dei tekniske reglane i samband med installasjon av eldstaden, gjeld fullt ut. Vi gjer vidare merksam på at installasjon av eldstad i nybygg er søknadspliktig arbeid, jf Plan- og bygningsloven.

I høve til Forskrift om brannforebyggende tiltak skal melding om nytt installert eldstad, eller andre vesentlege endringar med fyringsanlegget, sendast kommunen.

Skjema "Innrapportering av eldstad" skal nyttast.

Dersom du også skal sette opp ny skorstein eller rehabilitere eldre skorstein, er dette søknadspliktig.
Søknad om tiltak - skorstein og eldstad

Ta kontakt med feiar eller brannsjef for fleire opplysningar.

Øygarden kommune sitt arbeid med energi og klima.

Øygarden brannvesen
Her finn du kontaktinformasjon om brannvesenet.
Øygarden brannvesen
NamnStillingE-postTelefon
Jan Gaute HaugBrann og beredskapssjef E-post56 38 20 48/48990747
Jarl Martin HestadFeiar E-post56 38 20 49/94163274
VakttelefonVakthavande930 55 010
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.02.2012

Kontakt

Jan Gaute Haug

Brannsjef
Tlf: 56 38 20 48
E-post :  
 

 

Artikkel (3)