Rettleiing deling av eigedom

Søknad om løyve til tiltak må fremjast skriftleg.

Dømer på ulike søknader :


- Frådeling i henhold til plan (PDF, 4 MB)
- Frådeling i henhold til dispensasjon
(PDF, 4 MB)
- Grensejustering
(PDF, 7 MB)
- Klargjering av eksisterande grenser (påvisning) (PDF, 7 MB)

Det skal nyttast Byggblankett 5154 Søknad om løyve til tiltak. I tillegg skal Statens kartverk sin blankett 705880a Rekvisisjon av oppmålingsforretning for søknadspliktige tiltak etter pbl. § 1-6 fyllast ut og leggjast ved søknaden.

Søknadsskjema finn du her.
Søknadsfrist
Søknad vert handsama etter kvar som dei kjem inn.

Sakshandsaming
Søknaden vert vurdert i forhold til:

  • Parseller skal vere skikka til å bygge på i forhold til storleik og form
  • Parsellar skal vere sikra lovleg tilkomst til veg som er åpen for alminnelig ferdsle
  • Avkjørsel frå offentlig veg må være godkjent
  • Bustadtomter skal ha tilstrekkeleg tilgang til hygienisk betryggande drikkevatn.
  • Avlaupsvatn frå bustadtomter skal være sikra i samsvar med ureiningslova 
  • Frådelinga vert vurdert i forhold til gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan).
  • Frådelinga vert vurdert i forhold til jordlova (J §12)
  • Frådelinga vert vurdert i forhold til naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m
  • Det kan verte stilt vilkår til delingsløyvet (vassforsyning, vegtilkomst o.l)

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart mottatt.
  • Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
  • I klagen skal det opplysast og grunngjevast kva ein ønskjer endra i vedtaket.
  • Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
  • Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
Publisert av Bernt Hjørnevik. Sist endra 27.08.2010
Fann du det du leita etter?