Oppfølgingsteneste / miljøarbeid

Oppfølgingstenesta omfattar miljøarbeid som; praktisk bistand, opplæring og daglege gjeremål til bebuarar knytt til kommunale bustader eller heimebuande. Tenesta skal bidra til å fremje  sjølvstende og tryggleik, samt styrkje evna til å meistre eige liv for menneske med alvorlige psykiske lidingar.

Miljøarbeid er ei teneste som vert gjeve til menneske som på grunn av ulike utfordringar med rus og/eller psykiske problem har vanskar med å mestre dagleglivets gjeremål. Tenesta kan omfatte;
 

  • Tett oppfølging i dagleglivets aktivitetar
  • Miljøarbeid – å bidra til å skape eit trygt miljø som fremjar trivsel
  • Vegleiing, motivering og/eller hjelp til praktiske gjeremål
  • Samtalar, vegleiing og støtte
  • Hjelp til å strukturere kvardagen
  • Koordinere brukars tenestetilbod
  • Hjelp til å administrere eigne medisinar
  • Hjelp til å koordinere naudsynte tiltak og tenester, samt bistand til å utarbeide individuell plan og eventuell kriseplan.
  • Bistand og støtte til etablering i eit meir sjølvstendig bu tilbod når dette er fagleg vurdert og realistisk.
  • Bistand til personar som har vore innlagt i spesialisthelsetenesta og som treng oppfølging når dei kjem heim.
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.07.2017
Fann du det du leita etter?