Vaksenopplæring for vaksne innvandrarar

Norskkurs for deg som er ny i Noreg og som ynskjer å lære norsk. Vaksenopplæringa i Øygarden har opplæring på ulike nivå og det er tilbod om undervisning både på dag- og kveldstid.

Målgruppe: Innvandrarar mellom 16 og 55 år.

Snarveg: Vaksenopplæringa i Øygarden

Vaksenopplæringa sine lokale - Gamle Toftøy skule - Klikk for stort bileteVaksenopplæringa sine lokale - Gamle Toftøy skule Det er både rett og plikt til å delta i 250 timar norsk og 50 timar samfunnsfag for personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve.

Innvandrarar mellom 55 år og 67år har rett, men ikkje plikt til å ta del i opplæringa.

Følgjande grupper har ikkje rett og plikt til opplæring i norsk med samfunnskunnskap:

* Studentar
* Aupairar og andre med mellombels opphald
* Nordiske borgarar
* Personar med opphald etter EØS/EFTA- regelverket

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Etter søknad kan det gjevast inntil 2700 timar norskopplæring ut over dei obligatoriske 300 timane.

Arbeidsinnvandrarar må betale for undervisninga.

Vi har fortløpande inntak av nye elevar. 

Norskprøvar

Klikk på overskrifta for oversikt og informasjon om tid for norskprøvar.
 

Prøvar

Klikk på overskrifta for oversikt og informasjon om prøvar i norsk og samfunnskunnskap.


Anna nyttig informasjon

Nyttig informasjon frå IMDI.

Vaksenopplæringa Her finn du kontaktinformasjon til Vaksenopplæringa
Vaksenopplæringa
NamnStillingE-postTelefon
Øygarden Vaksenopplæring954 96 290
Ragnhild Hareide BreivikAvd. leiarE-post56 38 55 71
Gunnar TveitenLærarE-post56 38 55 69
Eirik SjøstrømLærarE-post56 38 55 70
Kart
Vaksenopplæringa
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.10.2019
Fann du det du leita etter?