Beredskap, risiko og sårbarheit

Den einskilde kommune har ansvar for planleggingen av arealbruk innan eigne grenser, og beredskapsmessige omsyn skal inngå som ein sentral del av all samfunnsplanlegging.

Du som innbyggjar skal føla deg trygg på at kommunen sin beredskap fungerer.

Kommunane utgjer fundamentet i den nasjonale beredskapen. Det er samstundes eit utgangspunkt at kriser skal løysast på lågast mogleg nivå. Dei aller fleste kriser og katastrofar som oppstår vil råka ein kommune. Dei fleste tiltaka for å verna folk og samfunn må og bør setjast i verk lokalt. Dei som står nærast problema er også dei beste til å finna gode løysingar.

Kommunen må ta vare på sitt generelle ansvar for å sikra innbyggarane sitt ve og vel og vidareføra oppgåver og funksjonar dei til dagleg er ansvarlege for. Døme på slike funksjonar kan vera vassforsyning, avløp og renovasjon, kraftforsyning, eldreomsorg, informasjon til ålmenta og helse- og sosialtenester. I tillegg har kommunane oppgåver som dei blir tillagt ansvar for ved tryggjingspolitiske kriser/krig, mellom anna mottak av evakuerte.

Kommunen er pålagt krav til beredskapsførebuingar på ulike verksemdsområde, men har ikkje noko sektorovergripande plikt til kriseplanlegging. Kommunane er likevel sterkt tilrådd å:

  • gjennomføra risiko- og sårbarheitsanalyser
  • utarbeida beredskapsplanar
  • innpassa beredskapsomsyn i den ordinære kommuneplanlegginga
  • innføra internkontroll for å sikre kvaliteten og kontinuiteten i beredskapsarbeidet

Kommunen har i tillegg etablert eige beredskapsråd som eit samarbeidsorgan i beredskapsspørsmål. Rådet vert leia av ordføraren og har som regel medlemmar frå kommunale fagorgan, politiet, Forsvaret, Sivilforsvaret og dei frivillige organisasjonane.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 03.04.2011
Fann du det du leita etter?