Om næringslivet i Øygarden

I tidlegare tider levde folket her ute ved havet naturleg nok av fisk og litt jordbruk. Etter kvart er primærnæringane kome noko i skuggen av industri og andre næringar. Folk er flinke til å halda gardsbruka i hevd sjølv om det ikkje er drift, og enno er det fiskarar i kommunen.

Øygarden har ei rekkje verksemder innanfor bygg og anlegg, service og handel. Kommunen er og vertskap for store olje- og gassanlegg. Statoil sitt anlegg på Sture har sidan midten av 80-talet produsert olje frå Oseberg og seinare Granefeltet. Seinare kom prosessanlegget på Kollsnes som prosesserer store mengder gass som mellom anna vert eksportert til Europa.

Naturgassparken Vest har store næringsareal tilgjengeleg, med djupvasskai og naturgass tilgjengeleg. Ei rekkje bedrifter har etablert seg i parken, mellom anna Gasnor som produserer CNG og LNG. Denne gassen vert transportert ut frå anlegget med bil og båt.

Havbruksnæringa har store anlegg i Øygarden, og kommunen har avsett areal i sjø med tanke på å ivareta næringa si framtid. Det er etablert eit eige visningsanlegg for laks og aure i kommunen, etablert i tilknyting til Kystmuseet i Øygarden.

Kommunen satsar på reiseliv. Øygarden kommune samarbeider med kommunane Fjell og Sund om utvikling av reiselivet, under merkevarenamnet "Kysteventyret". Gjennom denne satsinga vil me leggja til rette for ei utvikling av reiseliv som næring.

Rong er kommunesenteret. Her finn ein ulike typar butikkar, bank og ei rekkje kommunale institusjonar og tenester. Servicetorget som ligg i rådhuset står til teneste for alle typar spørsmål, også når det gjeld næringslivet i kommunen.

Matvarebutikkar finn ein på Rong, Søre Sæle, Tjeldstø og Hellesøy.

Øygarden er ein vekstkommune og det fører til auka behov for ulike tenester. Det er viktig for næringsutviklinga i kommunen Det er no etablert ein eigen region som består av Fjell, Sund, Askøy og Øygarden, noko som på sikt vert viktig for den samla næringsutviklinga i vårt område.

Utviklingsselskapet Gode Sirklar AS er eit viktig verktøy for kommunane når det gjeld næringsutvikling og utvikling av kompetanse i bedrifter og i offentleg sektor. Selskapet gir og rettleiing til gründarar.

 

Publisert av Bernt Hjørnevik. Sist endra 23.08.2010
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)