Tiltak utan ansvarsrett

Mindre tiltak på utbygd eigedom som gjeld oppføring, endring, riving o.a. (byggesaksforskrifta § 3-1) :

Snarveg: Kommunale gebyr og brukarbetalingar (PDF, 319 kB)

Mindre tiltak på utbygd eigedom som gjeld oppføring, endring, riving o.a. (byggesaksforskrifta § 3-1)

• Eit enkelt tilbygg der korkje samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) er  over 50 m2. Tilbygget kan i tillegg vere underbygd med kjellar.

• Ein enkelt frittliggjande bygning som ikkje skal brukast til husvære, og der korkje samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) er over 70 m2. Bygningen kan oppførast i inntil éin etasje og kan i tillegg vere underbygd med kjellar.

• Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining.

• Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m2 montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittståande på terreng. Regelen omfattar ikkje plassering av slike skilt- og reklameinnretningar som kan utgjere ein fare for persontryggleiken og ikkje når fleire skal monterast på same stad eller på same fasade.

• Antennesystem med høgde inntil 5,0 m. Regelen omfattar ikkje plassering av antennesystem som kan utgjere fare for persontryggleiken eller når fleire antennesystem skal plasserast på same stad eller på same fasade.

Unntak; Bygging av bad (våtrom) krev at eit godkjent føretak står som ansvarleg for gjennomføringa av arbeidet. Det vil seie at dersom det skal oppførast eit tilbygg med våtrom, krevjast det bruk av ansvarleg føretak (byggesaksforskrifta § 2-2).

Bruksendring (byggesaksforskrifta § 2-1)
Bruksendring er søknadspliktig dersom

  • byggverk eller del av byggverk blir teke i bruk til eller blir tilrettelagt for anna enn det som følgjer av løyve eller lovleg etablert bruk,
  • endra bruk av byggverk eller del av byggverk kan påverke dei omsyn som skal ivaretakast i eller med heimel i plan- og bygningslova i høve til byggverket, tilhøyrande uteareal eller omgivnader, eller 
  • tilleggsdel blir teke i bruk til hovuddel eller omvendt.

Bruksendring omfattar også alt som heilt klart er blitt tilrettelagt til anna bruk enn det som framgår av søknaden. Det er den faktiske bruken som avgjer.

Målgruppe
Dei som planlegg mindre byggjetiltak på eigen eigedom.

Vilkår
Vilkår som gjeld tiltaket som skal utførast:

  • tiltaket må vera i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova
  • tiltaket må vera i samsvar med kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan og eventuell reguleringsplan.

Vilkår som gjeld søknadsprosessen:

  • Det skal helst søkjast på standardisert blankett. Elektroniske blankettar for utfylling finn du på nettsida til kommunen eller den kan hentast hjå kommunen.
  • Naboar og gjenbuarar skal varslast.

Lover
Plan- og bygningsloven
Forskrift og saksbehandling i byggesaker (SAK)

Veileiing
Dersom det er tvil om tiltaket oppfyller krava for søknadsplikt, kan kommunen kontaktast for nærmare informasjon. Det skal leggjast ved ei rekkje dokument. Omtale av disse finst i sjølve søknaden.

Kva skal fylgje saka

  • Søknadsskjema i 1 eksemplar
  • Situasjonsplan
  • Fagmessig utførte teikningar i plan, snitt og fasade
  • Gjenpart av nabovarsel og eventuelt nabosamtykke.

Om å søkja dispensasjon frå regel eller plan
Dersom tiltaket som du ynskjer å få behandla som tiltak utan ansvarsrett er avhengig av dispensasjon frå nokon regel eller frå plan, kan ein søkja om dette.

Søknad om dispensasjon skal skrivast i eige brev som følgjer saka. Dette fordi dispensasjonar er nøye knytt til tiltaket.
Det må liggja føre tilstrekkeleg dokumentasjon for at kommunen skal kunna ta stilling til spørsmålet.
Naboar skal varslast særskilt om dispensasjonssøknader og det skal gjevast eiga grunngjeving. Ved dispensasjonar har kommunen ingen tidsfrist for handsaming.

Dei vanlegaste dispensasjonssøknadane er knytt til avstandar. Gjeldande minimumsavstandar er:

  • 4 m til nabogrense
  • 15 m til midten av kommunal veg
  • 50 m til midten av fylkesveg eller riksveg

Dersom du legg ved særskilt skriftleg samtykke frå nabo eller vegmynde, kan tiltaket framleis handsamast som tiltak utan ansvarsrett. Kvittering på gjenpart av nabovarsel er ikkje godt nok.

Dersom dei ovannemnde avstandane også er fastsette i reguleringsplan, må det også søkjast om dispensasjon frå byggegrense i reguleringsplan. Det er kommunen som handsamar og avgjer dispensasjonsspørsmålet.

For å kunne få dispensasjon, må det skrivast ei eiga utgreiing/grunngjeving. Desse grunnane bør vera knytt til fysiske forhold eller reguleringsmessige forhold. Personlege grunnar, eller eit alminneleg behov for større plass, er som regel ikkje gode nok grunnar.

Ved komplett søknad, der ein er viss på at tiltaket ikkje strir mot nokon lov, regel eller regulering, kan du starte etter 3 veker, dersom du ikkje har fått anna melding frå kommunen.

Klage

  • Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar eller andre som vert påverka. Dei må eventuelt be kommunen gripa inn. Kommunen vil då kunne vurdere tiltaket.  Det er ingen tidsfristar for klage på ulovlege tiltak.
  • Kommunen kan - i spesielle høve - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket  fører til sjenanse for omgjevnadane. I slike tilfeller må tiltaket  omsøkjast og handsamast som søknad. Vedtaket frå denne handsaminga kan påklagast av partane
  • Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket.
  • I klagen skal du angi kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngje dette. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen sendast til handsaming hos fylkesmannen, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endra vedtaket. Om vedtaket oppretthaldes, vil saken bli sendt til Fylkesmannen.
Publisert av Bernt Hjørnevik. Sist endra 11.02.2011
26.09.2017
Fann du det du leita etter?