Nærmiljø og velforeningar

Øygarden kommune har mange og dyktige velforeningar og andre grendalag som gjer mykje positivt arbeid i nærmiljøet for at du skal trivast !

Øygarden kommune har nærmiljøutval og velforeiningar i kvar krins. Desse arbeidar med å få det trivelegare i nærmiljøet, laga møteplassar og leikeplassar for born. Dessutan er dei aktivt med i arbeidet med å opparbeida turstiar.

Kommunen set av midlar gjennom tilskotsordningar kvart år til ulike tiltak som velforeiningar, grendalag og krinsane kan søkja på.

Til arbeidet får dei tilskot frå kommunen, men utan ein stor grad av dugnadsarbeid ville dette vore vanskeleg å få gjennomført.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 11.11.2015
Fann du det du leita etter?