Kommunalt foreldreutval for grunnskulen

Øygarden kommune har eit kommunalt foreldreutval der representantar frå kvar skule er representert.

Kommunalt foreldreutval - Skule - Foreldrekontaktar (PDF, 29 kB)

Kommunalt foreldreutval - Skule - Vedtekter (PDF, 55 kB)

Møteaktivitet

Leiar og nestleiar i FAU ved skulane er med i det kommunale foreldreutvalet (KFU) som møter fem gongar i året. Rektorane for skulane møter i anna kvart møte. Kommunalsjef er sekretær for utvalet.
 

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Det kommunale foreldreutvalet har ein god støttefunkjon i FUG (Foreldreutvalget for grunnopplæringen), både når det gjeld materiell og ved ulike spørsmål. KFU si hovudoppgåve er opplysningsverksemd.
 

Engasjement

KFU ønskjer at foreldre/føresette skal engasjera seg i barna sin skulekvardag. Verv i FAU (ForeldreArbeidsUtvalet) og SU (Samarbeidsutvalet) ved den enkelte skule er viktige.

Det er viktig at vi alle har god dialog med personalet på skulen, og at skulen ser kva ressurs alle foreldre/føresette er.

Klassekontakt, FAU-leiar og KFU-representant på din skule er der for deg. Det går an å spørja om det meste! 

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 24.01.2017
Fann du det du leita etter?

Rune Landro

Kommunalsjef - Skule
E-post :