Toftøy skule

Toftøy gamle skule med brakkeløysingToftøy gamle skule med brakkeløysing

Toftøy skule ligg på Toftøy sør i Øygarden kommunen, og er kommunen sin største barneskule med 136 elevar skuleåret 2012/13. På barnetrinnet er det 81 elevar, på mellomtrinnet 55 elevar og på SFO er det 72 barn.

Skulen har si eiga heimesida der du finn mykje informasjon om alt som skjer på skulen.

Besøksadresse:

Skulebrekka 25, 5337 Rong. Sjå kart nedst på sida.
Postadresse:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Skulebygget er frå 2008, vi har digitale tavler i alle klasserom og fine lokalar. Dette skuleåret er vi 28 personar som jobbar på skulen i ulike stillingar og stillingsstorleikar.

Skulen sin visjon: Å skapa tryggleik og god læring kvar dag for alle elevane.

For å nå desse måla har vi blant anna over år hatt eit samarbeid med NLA og vi har vidareutdanna lærarar innan lesing og spesialundervisning. Skuleåret 2012/13 jobbar vi spesielt med vurdering og tilpassa opplæring. I høve til det sosiale har vi startar vi opp med Trivselseprogrammet, der elevar får opplæring i og leiar leik og aktivitetar i friminutta. Skulen brukar aktivt Olweus antimobbe program, sjå eller skulens sin Handlingsplan for eit godt skulemiljø, den finn du på heimesida vår.

Nøkkelpersonell Toftøy skule
Her finn du kontaktinformasjon til skulen
Nøkkelpersonell Toftøy skule
NamnStillingE-postTelefon
Anne Karin AnglevikEiningsleiar/Rektor E-post56 38 25 73
Åse-May SolvikTeamleiar småtrinnet E-post56 38 25 87
Elisabeth StrandtunTeamleiar mellomtrinnet E-post56 38 26 19
Lillian Graff-NielsenSFO leiar E-post56 38 25 78/ 79
Kirsten JåstadSkulesekretær E-post56 38 25 70
Ekspedisjon56 38 25 70
Faks56 38 25 71
Lenker - skular
Her finn du lenkar til lov, foreldreutval for gr.skulen, foreldresamarbeid og elevtalsutvikling.
Lenker - skular
Alarmtelefonen for barn og unge Informasjon
Opplæringslova Informasjon
Elevtal Informasjon
Foreldresamarbeid i grunnskolen Informasjon
Foreldreutval for grunnopplæring Informasjon
Ulykkesforsikring for elevar Informasjon
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 06.04.2014

Kontakt

Anne Karin Anglevik

Rektor
Tlf: 56 38 25 73 / 70
E-post :