Stenging av matrikkel og grunnbok i desember

Logo Kartverket.png - Klikk for stort bilete Matrikkelen vert stengt for all oppdatering i perioden 13. desember 2019 klokka 18:00 til utløpet av 1. januar 2020. Totalt 9 virkedagar.

Det medfører mellom anna at det ikkje er muleg med eiendomsdanning, adressering eller bygningsregistrering frå denne datoen og til utløpet av 1. januar 2020.



Grunnboka vert stengt for all oppdatering i perioden 27. desember 2019 klokken 20:00 til utløpet av 1. januar 2020. Totalt 1 virkedag.

Dette betyr at ingen dokument kan sendast til tinglysing verken elektroniske eller på papir i denne perioden.

Desse datoane må ikkje forvekslast.

Lenke til saka på Kartverket sine sider

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.12.2019
Fann du det du leita etter?