Føreslår fleire endringar i budsjettet

Fleirtalspartia (Høgre, Sotralista, Framstegspartiet, KrF og Venstre) føreslår å auka inntektene og å auka innsparingane på driftsbudsjettet for Nye Øygarden kommune for 2020 med totalt 85 millionar kroner. Det er lagt inn nye utgifter på 6,8 millionar kroner. Dermed vert det føreslått å tilføra disposisjonsfondet med om lag 78 millionar kroner.

Nils Kåre Skoge (H) presenterte forslaget frå fleirtalspartia. Til venstre; Silvia Haugland (H) - Klikk for stort bileteNils Kåre Skoge (H) presenterte forslaget frå fleirtalspartia. Til venstre; Silvia Haugland (H)

 

Formannskapet vedtok i dag å leggja budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020-2023 med tilleggsframlegget ut på høyring i 14. dagar. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 19. desember.

Påplussingane i driftsbudsjettet er medlemskap i Vest Norsk Brusselkontor, skuleturar til Polen, forprosjekt for utbygging av demensomsorg, Pitstop, Treff+ og lærlingar. I økonomiplanen er det føreslått at investeringar på over 20 millionar kroner skal til politisk behandling for endeleg vedtak om oppstart og at molo ved Hjeltefjorden sjøfront vert teken ut av budsjettet (10 millionar kroner).

Dei andre partia i formannskapet la ikkje fram forslag til budsjett på dette møtet. Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy, opplyste at hennar parti vil presentera forslag i kommunestyret den 19. desember. Ho meinte at formuleringa i framlegget frå kommunedirektøren om at «Det kan verta behov for oppseiingar» skapar uro i organisasjonen. Kommunedirektør Rune Lid sa at han må seia som det er. Han understreka at det kan verta behov for oppseiingar, men at ein vil tilstreba seg å ikkje gå til oppseiingar.

Her kan du lesa budsjettframlegget frå Høgre, Sotralista, Framstegspartiet, KrF og Venstre.
Budsjettframlegg frå kommunedirektøren
Saksframlegg budsjett og økonomiplan

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) - Klikk for stort bilete

 

Gebyr og brukarbetaling

Formannskapet sluttar seg samrøystes til framlegget til gebyr og brukarbetalingar for 2020 slik det går fram av saksutgreiinga og gebyrheftet. Etter framlegg frå fleirtalspartia vart det innstilt på at det vert lagt fram sak om samordning/harmonisering av barnehage- og SFO-satsar til kommunestyret den 20. februar med verknad av nye satsar frå 1. august 2020. Formannskapet slutta seg også til tilleggspunkt om at det skal utarbeidast ei sak til valnemnda om oppretting av nytt gebyrutval for perioden 2019-2023.

Andre saker

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret om å vedta eigedomsskattetaksvedtekter slik dei ligg føre.

Formannskapet tilrår også at kommunestyret vedtek følgjande forskrifter for Nye Øygarden kommune.

  • Forskrift om vass- og avløpsgebyr
  • Forskrift om tømming av private avlaupsanlegg
  • Forskrift om gebyr for kontroll og tilsyn av avlaupsleidningar og avlaupsanlegg
  • Forskrift om påslepp og utslepp av oljehaldig, feitthaldig og industrielt avløpsvatn

Ordførar Tom Georg Indrevik orienterte om byvekstforhandlingane. Det er avsluttande forhandlingsmøte onsdag denne veka. Han opplyste at han for sin det vil røysta for at Øygarden kommune vert med i ein byvekstavtale. Byvekstavtalen har ei investeringsramme på 400 millionar kroner over ein 10-årsperiode for Øygarden kommune. Ein grunnleggjande føresetnad for avtalen er nullvekst i personbiltrafikken.

På møtet var det også orientering om Invest in Bergen ved Vidar Totland og Tone Hartvedt.

 
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 03.12.2019
Fann du det du leita etter?