Siste møte i ungdomsrådet

Øygarden ungdomsråd hadde sitt siste møte tysdag 24.september 2019. På dette møtet delte ungdomsrådet ut tilskotsmidlar til 2 søkjarar  (Skjergard IL og Refuel). Etter ein god diskusjon vart ungdomsrådet samd om tildelinga.

Frå venstre: Andreas Mikkelsen, Simen Jensen Oen, Celine Langø Turøy, Maylen Vik Paulsen (vararep.), Synne Nordøy, Hanne Vik, Jakub Zielinski ( vararep.) Framme: Geir Knarvik Fjeldstad (mentor) - Klikk for stort bileteFrå venstre: Andreas Mikkelsen, Simen Jensen Oen, Celine Langø Turøy, Maylen Vik Paulsen (vararep.), Synne Nordøy, Hanne Vik, Jakub Zielinski ( vararep.) Framme: Geir Knarvik Fjeldstad (mentor) Synne Nordøy har vore leiar dei siste åra, medan Celine Langø Turøy var leiar i den første perioden.
Ungdomsrådet hadde fem faste medlemmar samt varamedlemmar. Til dette møtet var to varamedlemmar også til stades. Dei siste to åra har underteikna vore koordinator og møtesekretær for ungdomsrådet.

Frå  årsskiftet får (nye) Øygarden kommune  «Ungdommens kommunestyre» med 14 representantar. Desse blir valde frå alle ungdomsskulane og vidaregåande skular i den nye kommunen.

Møtet vart runda av med kake, brus og litt «mimring». Kommunen vil med dette takka av medlemmane i ungdomsrådet for å ha utført ein god jobb i siste periode.

Dei har synt stor interesse og engasjement for sakene som er viktige for ungdommen i kommunen og har stått på for å finna gode løysingar.  

No er Øygarden ungdomsråd historie. Framtida tilhøyrer  «Ungdommens kommunestyre» i nye Øygarden kommune. Takk for innsatsen!

Tekst og foto: Jarle Kåre Oen

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 01.10.2019
Fann du det du leita etter?