Kraft frå land til Oseberg-feltet i Nordsjøen

NVE har motteke søknad frå Equinor om ein nye straumkabel frå Kollsnes i Øygarden kommune til Oseberg-feltet i Nordsjøen. Søknaden er no på høyring, med frist for uttale 11. oktober 2019.

Equinor søker om konsesjon etter energilova for ein ny 300/110-132 kV transformatorstasjon, ein vekselstraumkabel for overføring av 105 MW kraft fra Kollsnes til grunnlinja, og vidare til Oseberg feltsenter og Oseberg sør etter havenergilova. Dei vil òg søke Olje- og energidepartementet om godkjenning av endra plan for utbygging og drift av Oseberg-feltet. 

Kraft frå land vil erstatte kraftforsyning med gassturbinar og dekke det aukande kraftforbruket på feltet.

Heile søknaden og moglegheit for å sende merknad er her: https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=5166&type=A-1,A-5

Søknaden er også lagt ut i servicetorget på rådhuset i Øygarden kommune.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.09.2019
Fann du det du leita etter?