Følgjer opp ROS-analyse

Leiinga i Nye Øygarden kommune følgjer opp ein ROS-analyse som er gjennomført i samband med etableringa av den nye kommunen.

 Frå møtet i overordna styringsgruppe på onsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i overordna styringsgruppe på onsdag.

 

På møtet i overordna styringsgruppe på onsdag vart det presentert fleire tiltak som følgje av ROS-analysen (risiko- og sårbarheitsanalyse).  Overordna styringsgruppe er samansett av leiarteamet i Nye Øygarden kommune og dei hovudtillitsvalde,

På møtet var det også drøfting av korleis arbeidet med ressursgruppa skal følgjast opp. I neste veke er dei tilsette som er i ressursgruppa er inviterte til møte. På dette møtet deltek rådmann Rune Lid og assisterande rådmann, Åse Vik, og fire tillitsvalde.

– For meg er det viktig at dette vert eit godt møte for dei som er i ressursgruppa, seier prosjektrådmann Rune Lid.

Ni til ti-timen

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, orienterte om fleire tiltak retta mot dei tilsette. Prosjektmandata og eventuelle oppdateringar for prosjektgruppene skal leggjast ut på nettsida til Nye Øygarden kommune. Det skal sikrast meir tilgjengeleg informasjon undervegs via sosiale medium, og det skal gjevast leiarstøtte og direkte hjelp til leiarar. Leiarteamet skal invitera seg sjølv til å gje informasjon på leiarmøta i kommunane. I det heile skal ein prioritera positiv merksemd overfor både innbyggjarar og tilsette.

Og på faste tidspunkt kvar veke skal representantar frå leiinga i Nye Øygarden kommune ha uformelle møtepunkt på rådhusa/kommunehusa i Skogsskiftet, Straume og Rong frå klokka 09.00 til 10.00 der innbygg jarar og tilsette kan ta ein prat.

Informasjon om uberørte einingar

Hovudprosjekta for dei fem kommunalsjefområda har utarbeidd eit dokument der det er kartlagt kva einingar som ikkje vert involverte av endringar i lokaliseringa. Om kort tid sender kommunalsjefane ut informasjon om dette til leiarane i dei tre kommunane.

– Det er verdt å merkja seg at mesteparten av dei tilsette ikkje vert berørte av endringar i lokaliseringa, seier Rune Lid.

Framdrift for lokaliseringa er slik:

  • Steg 1: Kartleggja einingar som ikkje vert involverte av endringar i lokaliseringa.
  • Steg 2: Arbeida fram forslag til mellom anna tenester som skal leggjast til lokale servicesenter. Fristen for dette er 25. september. Det skal fremjast ei sak for partssamansett utval 7. oktober og fellesnemnda 9. oktober om steg 2.
  • Steg 3: Prosess fram mot endeleg vedtak 30. oktober byggjer på steg 2.

Overordna styringsgruppe vert stillingsgruppe

På møtet i overordna styringsgruppe var det drøfting av korleis stillingsgruppa skal vera samansett. Styringsgruppa samla seg om at overordna styringsgruppe skal vera stillingsgruppe.

Overordna styringsgruppe drøfta også prinsipp for leiarressurs og peika ut kven frå dei tillitsvalde som skal sitja i tilsetjingsutvalet for dagleg av Øygarden Bustadutvikling KF. Bodil Aleksandersen (fagforbundet) og May Britt Hansen (delta) vart valde til å sitja i tilsetjingsutvalet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 12.09.2019
Fann du det du leita etter?