Omstilling er krevjande, men nødvendig

Stillingsutlysning_Nye_Øygarden_kommune_792x300px.jpg - Klikk for stort bilete I samband med kommunesamanslåinga har Vestnytt følgd prosessen gjennom ei rekkje artiklar og omtalar. Dei siste dagane har det frå enkelte tillitsvalde kome kritikk mot gjennomføringa av prosessen.  

 

 

 

Leiarteam-11juni-2019-5-3-H700.jpg - Klikk for stort bilete Prosjektleiinga meiner at kritikken ikkje er berettiga. Omstillingane er i samsvar med spelereglane i arbeidslivet og vil bidra til å møta forventningane til innbyggjarane om gode og framtidsretta tenester i Nye Øygarden kommune.

Intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune vart i  2016 underteikna av ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden og er politisk bestemt. I avtalen er det forventningar til mellom anna effektivisering og god økonomisk drift, noko som er ei naturleg forventning når ein slår saman tre kommunar. Den nye kommunen skal vera i drift frå 1.1.2020.

Den nye kommunen har etablert nye kommunalsjefområde som skal støtta oppunder måla frå intensjonsavtalen. Rådmann og kommunalsjefar er tilsette etter ekstern konkurranse. For assisterande kommunalsjefar og einingsleiarar har det vore intern konkurranse.

Vi har gjennomført innplassering av tilsette i dei ulike einingane i samsvar med omstillingsavtalen. Denne avtalen regulerer korleis omstillinga skal skje, og er forhandla fram mellom arbeidsgjevar og organisasjonane til dei tilsette. Siste del av prosessen går fram til vi har fått nødvendige avklaringar frå alle tilsette. Kommunen har sett ein svarfrist på 14 dagar i brev til tilsette om innplassering eller overføring. Fristen vart sett fordi arbeidsgjevar har behov for oversyn over personalressursane som er tilgjengelige for å løysa oppgåvene i den nye kommunen.

For den største delen av dei kommunalt tilsette i Fjell, Sund eller Øygarden fører samanslåinga til lite endring i arbeidstilhøvet. Til dømes vil tilsette på sjukeheimar, skular og barnehagar halda fram i same stilling som tidlegare. Reint formelt får dei tilsette ny arbeidsgjevar, men beheld same løn som tidligare. Ein mindre del av medarbeidarane vil få nye oppgåver, ansvarsområde og ny arbeidsstad. Også desse beheld same løn.

Etter kartlegging og gjennomgang er det forventa at samanslåinga vil kunna gje ei meir effektiv drift og i tillegg frigjera enkelte personalressursar.

Dette vil særskilt gjelda ein del administrative fellesfunksjonar, enkelte leiarressursar og i tillegg nokre funksjonar som ikkje vert vidareførte på same måte som før i den nye kommunen. Kartlegging viser at det er mogleg å frigjera om lag to prosent av samla personalressursar.

Av intensjonsavtalen går det fram at ingen tilsette i dei tre kommunane skal seiast opp som følgje av kommunesamanslåinga. Det er gjeve eit styrkt stillingsvern fram til 31.12.2021. Dette er vesentleg betre enn det som følgjer av reglane i arbeidsmiljølova.

Det er gjennomført ei kartlegging av kompetansen til den enkelte tilsette og ønske om arbeidsoppgåver i den nye kommunen. Vidare er dette vurdert opp mot behova til den nye kommunen.

Rammene for ei slik kartlegging følgjer lovverket og har vore drøfta med dei tillitsvalde. Det var i hovudsak semje mellom partane om kven som skulle kartleggjast, kriteria og gjennomføring av kartlegginga.

Kartlegginga har vore nytta som grunnlag for direkte innplassering i den nye kommunen. Ved at tre kommunar vert eín kommune, er det gjort synleg effektivisering og ressursoverlapping som har medført at ein del stillingar ikkje vert direkte innplasserte i ei eining. Dei tilsette har hatt høve til å ha med tillitsvalde eller annan tillitsperson i kartleggingssamtalen med næraste leiar.

Innan kvart kommunalsjefområde vart det halde drøftingsmøte om innplassering av tilsette. I drøftingsmøta deltok to representantar for arbeidsgjevar og to representantar for tillitsvalde. Det vart semje mellom partane og skriven protokoll.

For å halda stillingsgarantien jf. omstillingsavtalen og å levera i høve intensjonsavtalen, har det vore semje om å oppretta ei ressursgruppe. Tilsette som får tilbod om innplassering her, får fast tilsetjing.

Ressursgruppa sikrar fleksibilitet i drifta, men også ivaretaking av dei tilsette. Tilsette i ressursgruppa skal ha meiningsfulle og gode arbeidsoppgåver og vil dersom det oppstår ledigheit andre stader i kommunen, kunne få tilbod om stilling dersom vedkomande har nødvendig kompetanse. Tilsette i ressursgruppa er verken degradert eller mindre verd.

Arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane er ikkje alltid samde, men arbeidsgjevar opplever å ha hatt eit godt samarbeid i ein krevjande omstillingsprosess.

Mandatet er å sikra effektiv kommunal drift og gje gode framtidsretta kommunale tenester til beste for innbyggjarane i Nye Øygarden kommune.

Vi må difor alle akseptera og stimulera til omstilling der det er nødvendig.

Leiinga i Nye Øygarden kommune forstår at omstillinga vi no står i er vanskeleg, krevjande og for nokre tilsette skapar uvisse. Samstundes er det viktig å sjå at omstilling og endring er nødvendig for å skapa ein berekraftig og framtidsretta kommune. Dette opnar også for mange nye spanande jobbmoglegheiter for våre tilsette og gode, framtidsretta tenester til innbyggjarane våre.

Rune Lid
prosjektrådmann

Foto: Jøran Ingvaldsen

Innlegget er også sendt til Vestnytt 5. juli.

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 10.07.2019
Fann du det du leita etter?