Fekk oppdatering om Nye Øygarden kommune

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte den administrative og politiske leiinga i Nye Øygarden kommune i dag og fekk informasjon om arbeidet med å byggja den nye kommunen. Statsråden understreka at det er viktig å stå støtt i denne omstillinga.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte leiinga i Nye Øygarden kommune i dag. - Klikk for stort bileteKommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte leiinga i Nye Øygarden kommune i dag.

Til stades på møtet var prosjektrådmann Rune Lid, ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og fungerande ordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik. Leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, har ferie.

Prosjektrådmann Rune Lid gav ei oppsummering av arbeidet med å byggja den nye kommunen. Statsråden understreka at i dette arbeidet er det viktig å vera innstilt på omstilling.

– I ein situasjon som dette må ein arbeida på ein annan måte, våga å ta omstillinga og satsa på innovasjon, sa Mæland.

Økonomiske utfordringar

Rune Lid orienterte om dei økonomiske utfordringane med at det samla netto driftsresultatet for dei tre kommunane har ein prognose på 60 til 80 millionar kroner i minus. Ifølgje prosjektrådmannen vil kommunesamanslåinga føra til at det totalt vert om lag 50 færre tilsette i den nye kommunen i løpet av eit par år.

Lid fekk støtte frå statsråden då han understreka at den utfordrande økonomien ikkje har med kommunereforma å gjera.

– Det er uheldig dersom den vanskelege økonomien vert oppfatta som eit resultat av kommunereforma, sa Mæland.

Prosjektrådmann Rune Lid var på si side trygg på at det vil gå fint med økonomien i løpet av eit par år.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Monica Mæland, Rune Lid, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Monica Mæland, Rune Lid, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun.

 

Ordførarane reiste fleire aktuelle saker som kommunane og den nye kommunen er opptekne av. Mellom anna bad dei statsråden å vera merksam på rolla til regionråda. Fylkeskommunen og Fylkesmannen nyttar regionråda som ein viktig høyringsinstans og medspelar i det regionale arbeidet. Når dei tre kommunane i vest har slått seg saman frå nyttår, vil til dømes Regionrådet Vest ikkje ha nokon funksjon lenger. Monica Mæland lova å følgja opp dette.

 

Tekst og foto: Vigleik  Brekke

 

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 24.06.2019
Fann du det du leita etter?