Redusert kapasitet ved Øygarden legekontor

lege.jpg - Klikk for stort bilete På grunn av ferieavvikling for alle tilsette, samt at fleire av legane er i permisjon, vil det i sommar vera redusert kapasitet ved Øygarden legekontor.

 

 

 

Det er engasjert legevikarar som vil kunne ta unna ein del av henvendingane, men det må dessverre framleis påreknast noko ventetid for time. Øyeblikkeleg hjelp vert prioritert i legekontoret si opningstid. Bruk gjerne nettløysinga for å tinga medisin eller time.


Kommunestyret har oppretta ein ny legestilling i tillegg til dei fire fastlegane som allereie er tilsett ved kontoret. Denne stillinga tek til etter sommarferien og vil gi auka kapasitet og redusert ventetid.

Me håpar på forståing for situasjonen.

Legetenester på nett: http://www.oygardenlegesenter.no/

Tlf Øygarden legekontor: 5638 2110

Tlf Sotra Legevakt (kveld, natt, helg): tlf 116 117

Tlf Ambulanse/lege: 113

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 14.06.2019
Fann du det du leita etter?